Innbrot i båt

GAULEN: Nokon har brote seg inn i ein 35-fots båt i Gaulen. Båten låg fortøydd i Fjellangsvågen i nærleiken av Vågseidet.

[22.05.12 10:03]

Bil i bil, men ingen skadde

ISDALSTØ: Ein personbil kjørte inn i sida på ein annan 100 meter nord for rundkjøringa i Isdalstø måndag morgon.

[22.05.12 10:03]

Ferska tjuvane

KNARVIK: Fredag ettermiddag i 17-tida fekk politiet melding om at personar i ein utanlandskregistrert Volkswagen Caravelle forsøkte å stela ein tilhengar i Knarvik, som var lasta med byggjevarer.

[22.05.12 10:01]
Brukernavn 
Passord 

Heldig siger til Kvernbit

Del | |
Med skåring på overtid sikra Kvernbit tre poeng i lokaloppgjeret borte mot Austrheim fredag kveld.
Publisert 09.06.07 00:00
Endret 20.08.07 10:49
Dette var ein heldig siger for Kvernbit, då Austrheim hadde dei farlegaste sjansane i kampen. Begge lag hadde elles kvar sitt skot i tverrliggjaren, for Kvernbit sin del skjedde også det på overtid. Kampen var ikkje blant dei mest velspelte. Mykje høge ballar og tøffe duellar prega dei 90 minuttane, og det vart og delt ut heile fem gule kort i kampen. Eit par av desse etter noko som nærmast må kallast reine overfall. Men det var lite småkrangling mellom spelarane, som i staden nytta alle ledige stunder til å få i seg nok væske i det varme veret. Pauseresultatet var 0 - 1 til Kvernbit etter eit sjølvmål tidleg i kampen. Kvernbit auka så til 0 - 2 litt ut i andre omgang, før Austrheim dominerte spelet totalt siste halvtimen og reduserte og utlikna. Etter kamputviklinga å døma var det difor overraskande då Kjetil Breivik heada inn sigersmålet til Kvernbit to minutt på overtid. Kvernbit låg laurdag på andre plass med 19 poeng på 10 kampar, tre poeng bak serieleiar Smørås som berre har spelt åtte kampar. Austrheim ligg på tredje siste plass med ni poeng på ni kampar, og har ikkje hatt marginane med seg så langt i vårsesongen. Meir om kampen kjem i papirutgåva tysdag.

Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Tryggare med ny omsorgsteknologi

Tryggare med ny omsorgsteknologi

SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i ­bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.

    Trur Grieg ville likt seg

    Trur Grieg ville likt seg

    RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.

      Mobilbruk lagar misnøye

      Mobilbruk lagar misnøye

      På Matre vil rektor skjerpa inn reglane for mobilbruk, noko som har skapt reaksjonar. Praksis rundt om på skulane er ulik.

        Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

        Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

        Cecilie Leganger har vunne det meste som handballkeeper. Fredag dekka ho målet for Hordabø sine fotballdamer.

          Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet

          Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet

          MASTREVIK: Tett oppunder 250 sette meir enn gjerne namnet sitt på Austrheim venstre si liste for kvikksølvheving i helga.

            – Spesielt å stå på toppen

            – Spesielt å stå på toppen

            Masfjordingen Arvid Lathi nådde toppen på Mount Everest laurdag morgon.

              Siste kortnytt