Hellandsjø ny president i Redningsselskapet
Endret 20.08.07 10:49
Hellandsjø var av valkomiteen einstemmig nominert til vervet som ny president. Men under den ekstraordinære landsmøtet laurdag var ikkje alle like samde, og ifølgje Bergens Tidende var det først etter fleire rundar det vart fleirtal for Hellandsjø. Gulen-mannen skal i utgangspunktet vera president i selskapet fram til det ordinære landsmøtet i mai.
I siste avstemning fekk Hellandsjø tillit frå 11 av dei 13 i Landsrådet.
Det ekstraordinære landsmøtet kom i stand etter at tidlegare president Magnus Stangeland og heile hans styre stilte sine plassar til disposisjon. Fleire av medlemmene av Landsrådet ville ha ein av medlemmene i det gamle styret, Gunnar Knutsen, med vidare som ny president. Men etter at korkje Knutsen eller Hellandsjø først fekk det nødvendige to tredelars fleirtal, snudde fleire av Knutsen sine støttespelarar og valkomiteen sin kandidat vart valt.
I samband med nominasjonen til presidentvervet sa Hellandsjø til Strilen at han såg på vervet som ei viktig oppgåve.
? Det har vore veldig mykje negativ fokus på Redningsselskapet den siste tida. Redningsskøytene og sjøredningskorpsa er i liten grad påverka av dette, men alt det positive dei gjer kjem lite fram i media. Alt bråket kan få konsekvensar for dugnadsarbeid og gjevarglede, sa Hellandsjø då.
For ein del av dei andre plassane i det nye styret valte det ekstraordinære landsmøtet andre personar enn kva valkomiteen hadde gått inn for. Avstemninga viste at Lars Hellandsjø får desse med seg i det vidare arbeidet i Redningsselskapet:
Visepresident: Thomas Colin Acher, Østfold, Vestfold og Telemark
Medlem: Anne Breiby, Møre og Romsdal
Medlem: May Britt Manin, Troms
Medlem: Arnfinn Ellingsen, Nordland
Medlem: Einar Eidshaug, Trøndelag
Vara: Nicolai Jarlsby, Agder, Knut Støbakk, Møre og Romsdal og Anne H. Gundersen, Nordland.
Tryggare med ny omsorgsteknologi
SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.
Trur Grieg ville likt seg
RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.
Mobilbruk lagar misnøye
På Matre vil rektor skjerpa inn reglane for mobilbruk, noko som har skapt reaksjonar. Praksis rundt om på skulane er ulik.
Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene
Cecilie Leganger har vunne det meste som handballkeeper. Fredag dekka ho målet for Hordabø sine fotballdamer.
Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet
MASTREVIK: Tett oppunder 250 sette meir enn gjerne namnet sitt på Austrheim venstre si liste for kvikksølvheving i helga.
Siste kortnytt
- Innbrot i båt [22.05.12 10:03]
- Bil i bil, men ingen skadde [22.05.12 10:03]
- Ferska tjuvane [22.05.12 10:01]
- Gummibåt i feil naust [18.05.12 11:03]
- Trafikkuhell ved Matre [18.05.12 11:02]
- Med promille i Salhusfjorden [18.05.12 10:40]
- Kjedekollisjon på Hagelsundbrua [18.05.12 10:41]
- Pågreip rusa bråkmarkar [16.05.12 09:14]
- Vil ha vekk etterlaten bil [16.05.12 09:13]
- Siste sjanse i Stordalen [16.05.12 08:20]
- Mista førarkortet III [12.05.12 14:24]
- Mista førarkortet II [12.05.12 14:19]
- Mista førarkortet I [12.05.12 14:26]
- Hyttebrann på Eikanger [11.05.12 17:00]
- Sp godtek ikkje tildekking av U864 [11.05.12 13:50]
- Kjørte i 146 i 80-sona [07.05.12 10:57]
- Biltjuven angra og melde seg [05.05.12 16:42]
- Braut seg inn på Essoen [04.05.12 14:46]
- Hadde 94 i 60-sona [04.05.12 14:46]
- Mista lappen av trippelsmellen [04.05.12 14:44]
Mest lest
- Ommøblerte på riksvegen [13.05.12 11:17]
- Ran på YX-en på Manger [23.04.12 22:14]
- Bilførar skadd etter utforkjøring på Holme [23.04.12 10:42]
- Må flytta frå Fedje [10.05.12 09:58]
- Ny vår i Fagerbakken [30.04.12 09:53]
- Hipp hipp hipp hurra! [17.05.12 12:17]
- «Halve» bygda stiller som nattevandrarar [16.05.12 16:04]
- Hamstra brød i Knarvik [15.05.12 13:50]
- Trippelsmell ved Hundvin handel [02.05.12 16:29]
- Lindås-Bør bør opplevast [18.05.12 12:48]
- – Kvikksølvet kjem opp! [13.05.12 21:53]
- Bøndene aksjonerer [14.05.12 09:58]
- – Lurte på om eg høyrde rett [26.04.12 10:17]
- No vert det kyrkje i Knarvik! [26.04.12 16:31]
- Vil du vera reiseleiar i sommar? [14.05.12 16:37]
- Sikrar seg jobb for framtida [30.04.12 13:50]
- Historisk kross knakk i to [29.04.12 09:56]
- Gav alt på Tinestafetten [10.05.12 16:11]
- Fyrte i gang Eikåstunnelen [10.05.12 13:19]
- Stoltenberg opna TCM [07.05.12 15:13]
Mest tipset
- Starta nynorsk på Facebook [05.09.08 18:04]
- Bil og båt totalskadde i brann [14.01.08 15:18]
- Milano, New York, Frekhaug [13.01.08 01:23]
- Trillingmor in spe tolmodig ventande [28.11.07 18:51]
- «Alt hva fruen ønsker» [17.02.11 12:45]
- Fann sex-leikeplass i skogen sin [15.11.07 13:52]
- «Vesle-jenta» funnen uskadd [22.07.08 17:51]
- Stormflo fleire stader [25.01.08 18:06]
- Kvinne skadd i utforkøyring [18.09.08 12:37]
- Jonnaen-stipend til Ingrid Ryland [09.06.08 19:01]




