Innbrot i båt

GAULEN: Nokon har brote seg inn i ein 35-fots båt i Gaulen. Båten låg fortøydd i Fjellangsvågen i nærleiken av Vågseidet.

[22.05.12 10:03]

Bil i bil, men ingen skadde

ISDALSTØ: Ein personbil kjørte inn i sida på ein annan 100 meter nord for rundkjøringa i Isdalstø måndag morgon.

[22.05.12 10:03]

Ferska tjuvane

KNARVIK: Fredag ettermiddag i 17-tida fekk politiet melding om at personar i ein utanlandskregistrert Volkswagen Caravelle forsøkte å stela ein tilhengar i Knarvik, som var lasta med byggjevarer.

[22.05.12 10:01]
Brukernavn 
Passord 

Her kan 300.000 tonn olje grunnstøytast

Del | |
AUSTRHEIM: Dersom ein supertankar lek olje i nærleiken av Mongstad, kan områda rundt Fonnesflaket verta ofra for å avgrensa utsleppa.
Publisert 01.04.06 00:00
Endret 20.08.07 10:49
? Det er snakk om å drepa ein fjord for at andre skal få leva, seier Kurt Oddekalv i Norges Miljøvernforbund.
Kystverket har peika ut 62 såkalla strandsettingsplassar i Noreg, blant dei Fonnesflaket. Dersom ein oljetankar kjem ut av kontroll, og det ikkje let seg gjera å få han til kai eller halda han i ope farvatn, kan tankaren grunnstøytast på Fonnesflaket ? anten ved å setja han på ei grunne eller styra han rett inn på land.

Peikar seg ut
? Diverre peikar Fonnesflaket seg ut av seg sjølv. Det er naturleg å ha ein strandsettingsplass i nærleiken av Mongstad, med den store tankbåt-trafikken der. Men dersom det skjer noko galt, ryk heile kysten der, seier Oddekalv.
Om det er fare for at ein oljetankar havarerer, og det ikkje er mogeleg å få kontroll til sjøs, kan tankaren takast inn til land. Då vil ein først prøva å få tankaren inn til ei nødhamn. Kaiane på Mongstad er ei av 69 slike nødhamner i Noreg.
Men om det ikkje let seg gjera å leggja kontrollert til kai, er strandsetting siste alternativ. Då vil ein styra tankaren på grunn ein stad der ver- og bunnforhold er mest mogeleg skånsame ? og der det er mogleg å avgrensa kor stort område eit oljeutslepp spreier seg over.

Enorme konsekvensar
? Dersom ein klarar å hindra olja i å spreia seg langt, vil uansett konsekvensane vera enorme for området ved Fonnesflaket. Det vil vera forureina i 10 til 15 år, alt etter kor flink ein er til å avgrensa utsleppet og ta opp olja i byrjinga. Eit oljeutslepp vil gå hardt ut over sjøfugl, men det farlegaste er det ein ikkje ser. Olja vert liggjande i fotosyntese-skiktet ned til tretti meters djup, og drep alt, seier Oddekalv

Må få utstyr
Sjølv om det inneber å ofra eit område for å ta vare på andre område, meiner Miljøvernforbundet at det er klokt å peika ut strandsettingsplassar. Men Oddekalv meiner og at det må plasserast oljevernutstyr tett ved desse plassane.
? Fjordsystema rundt Fonnesflaket må få lensebasar, slik at ein kan trekkja ut lenser og raskt stengja gjennomstrøyminga av olje der. Dette har me ønskt oss i mange år, seier Kurt Oddekalv.



Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Tryggare med ny omsorgsteknologi

Tryggare med ny omsorgsteknologi

SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i ­bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.

    Trur Grieg ville likt seg

    Trur Grieg ville likt seg

    RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.

      Mobilbruk lagar misnøye

      Mobilbruk lagar misnøye

      På Matre vil rektor skjerpa inn reglane for mobilbruk, noko som har skapt reaksjonar. Praksis rundt om på skulane er ulik.

        Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

        Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

        Cecilie Leganger har vunne det meste som handballkeeper. Fredag dekka ho målet for Hordabø sine fotballdamer.

          Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet

          Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet

          MASTREVIK: Tett oppunder 250 sette meir enn gjerne namnet sitt på Austrheim venstre si liste for kvikksølvheving i helga.

            – Spesielt å stå på toppen

            – Spesielt å stå på toppen

            Masfjordingen Arvid Lathi nådde toppen på Mount Everest laurdag morgon.

              Siste kortnytt