Innbrot i båt

GAULEN: Nokon har brote seg inn i ein 35-fots båt i Gaulen. Båten låg fortøydd i Fjellangsvågen i nærleiken av Vågseidet.

[22.05.12 10:03]

Bil i bil, men ingen skadde

ISDALSTØ: Ein personbil kjørte inn i sida på ein annan 100 meter nord for rundkjøringa i Isdalstø måndag morgon.

[22.05.12 10:03]

Ferska tjuvane

KNARVIK: Fredag ettermiddag i 17-tida fekk politiet melding om at personar i ein utanlandskregistrert Volkswagen Caravelle forsøkte å stela ein tilhengar i Knarvik, som var lasta med byggjevarer.

[22.05.12 10:01]
Brukernavn 
Passord 

Her trengs det meir asfalt

Del | |
LINDÅS: Etter å ha levert 300 underskrifter til fylkesordføraren kunne bygdefolket på Myksvoll denne veka sjå at asfaltmaskinene kom. Men det som vart ordna er ikkje nok, meiner dei.
Av
Publisert 21.10.05 00:00
Endret 20.08.07 10:48

- 30. oktober er det 4H-fest her ute. Då er folk samla, og då startar me ein ny underskriftsaksjon, seier Magnar Sæbø.

? Sist fekk me tre inn hundre underskrifter, denne gongen skal me nok klara tre tusen.

Både han og dei andre bak den førre underskriftsaksjonen er glade for arbeidet som no vert gjort på fylkesvegen utover mot Lygra.

Men det er berre ikkje nok, med eit strekk med ny asfalt og mykje klatting i dei verste gropene elles.

? Jobben som vert gjort er grei, men skulle dei fått teke alt, hadde det vore trong for to-tre gonger så mykje asfalt, seier Magnar Sæbø.


Slit på bilane
Holene kjem tett i vegen på strekninga frå Seim og utover til Myksvoll, og dei som bur der kan fortelja om ekstra slitasje på bilane, med støtdemparar og foringar som får ekstra juling. Sist kantklypparmaskina var ute her, enda det med havari. Maskina slo nedi ei av dei verste gropene.

- No vert dei verste plassane tekne, men kva med det som står att?, seier Magnar Sæbø. Han er sjølv bussjåfør i HSD, og veit kvar ein må sakka på ekstra. Men bysjåførar som kjem utover her med gjestar til Lyngheisenteret, slår nedi med bussane både her og der. ? Vegen i seg sjølv er ikkje god nok. Det skulle kanskje ha vore redusert akseltrykk her til seks tonn, slik at ein berre kunne kjøra minibuss.


Ikkje nøgde
? Me er ikkje nøgde med at ikkje heile strekninga får ny asfalt, seier Ragna Gilborne, som var med på å samla inn underskrifter sist og som gjerne gjer det igjen for å få utbetra heile strekninga inn til Seim.

? Det er fleire stader det er veldig dårleg, til dømes inne på Fiskeseth der mange tek nedi med bilane, seier ho. Saman med Sæbø og folk som torsdag venta på å passera dei arbeidande asfaltleggjarane ergrar ho seg over at det no endar med flikking og kortare strekk med nytt dekke.

? Kanskje me burde anbefala fylket om å søkJa om statleg skogsvegtilskot, skyt Magnar Sæbø sarkastisk inn.

? Og det er ikkje mykje betre på strekninga innanfor her, seier Helge Lien, som kjører renovasjonsbil på denne vegen kvar veke.


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Tryggare med ny omsorgsteknologi

Tryggare med ny omsorgsteknologi

SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i ­bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.

    Trur Grieg ville likt seg

    Trur Grieg ville likt seg

    RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.

      Mobilbruk lagar misnøye

      Mobilbruk lagar misnøye

      På Matre vil rektor skjerpa inn reglane for mobilbruk, noko som har skapt reaksjonar. Praksis rundt om på skulane er ulik.

        Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

        Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

        Cecilie Leganger har vunne det meste som handballkeeper. Fredag dekka ho målet for Hordabø sine fotballdamer.

          Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet

          Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet

          MASTREVIK: Tett oppunder 250 sette meir enn gjerne namnet sitt på Austrheim venstre si liste for kvikksølvheving i helga.

            – Spesielt å stå på toppen

            – Spesielt å stå på toppen

            Masfjordingen Arvid Lathi nådde toppen på Mount Everest laurdag morgon.

              Siste kortnytt