Her vil Høgre ha veg over Radøy
Endret 20.08.07 10:48
Der vart det ingen kampvotering, for kommunestyret klussar inntil vidare ikkje med den vedtekne kommuneplanen. Den seier nemleg at ny riksveg over Radøy skal gå frå Soltveit over Sletta til Lunde med arm til Manger. Men torsdagens vedtak opnar for å drøfta eit heilt nytt og meir vestleg alternativ, som Radøy Høgre har fremja og oppnådd støtte for i fleire andre parti. Vedtaket seier nemleg at «Radøy kommune vil i samarbeid med Statens vegvesen få vurdert også eit alternativ for ny Rv 565 på vestsida av Radøy ? gjennom Manger sentrum ? mot Namtvedt og Lunde, også for betre tilpassing til eit eventuelt framtidig ytre tverrsamband i Nordhordland». ? Vedtaket må innebera at det vert snakk om ein eigen kommunedelplan for riksveg, og det er godt nok for oss i Høgre, sa Bauge til Strilen.
I forkant at rulleringa i kom-munestyret, hadde Radøy Høgre levert eit brev som signaliserer klar motstand mot å rusta opp riksvegen på austsida av øya. Argumentasjonen er at eksistetrande trasé tener nabokommunane i langt større grad enn Radøy. Manger senterforening og delar av Radøy næringsråd støttar alternativet, som kan gje den tettast befolka delen av kommunen og mange bedrifter eit betre samband mot resten av Nordhordland og Bergen. Utfallet av saka i kommunestyret kan fort tolkast som eit kompromiss, men ordførar Olav Steinar Namtvedt ville ikkje underskriva denne formuleringa då Strilen bad om ein kommentar etter møtet. Namtvedt viste til at det var heilt uaktuelt å ta eit slikt vedtak inn i kommuneplanen på kort varsel utan utgreiingar. Han la heller ikkje skjul på frykt for at nye alternativ tek tid å få utgreidd og kan resultera i at andre regionar smett forbi i kampen om statlege løyvingar. ? Burde innspelet frå Høgre kome for fem-seks år sidan? ? Heilt klart, svarte Olav Steinar Namtvedt. I kommunestyret vart kommuneplanen rullert utan debatt. Blant endringane er industriområde sør på Toska teke ut or planen, og området vert ståande som uplanlagt.
Tryggare med ny omsorgsteknologi
SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.
Trur Grieg ville likt seg
RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.
Mobilbruk lagar misnøye
På Matre vil rektor skjerpa inn reglane for mobilbruk, noko som har skapt reaksjonar. Praksis rundt om på skulane er ulik.
Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene
Cecilie Leganger har vunne det meste som handballkeeper. Fredag dekka ho målet for Hordabø sine fotballdamer.
Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet
MASTREVIK: Tett oppunder 250 sette meir enn gjerne namnet sitt på Austrheim venstre si liste for kvikksølvheving i helga.
Siste kortnytt
- Innbrot i båt [22.05.12 10:03]
- Bil i bil, men ingen skadde [22.05.12 10:03]
- Ferska tjuvane [22.05.12 10:01]
- Gummibåt i feil naust [18.05.12 11:03]
- Trafikkuhell ved Matre [18.05.12 11:02]
- Med promille i Salhusfjorden [18.05.12 10:40]
- Kjedekollisjon på Hagelsundbrua [18.05.12 10:41]
- Pågreip rusa bråkmarkar [16.05.12 09:14]
- Vil ha vekk etterlaten bil [16.05.12 09:13]
- Siste sjanse i Stordalen [16.05.12 08:20]
- Mista førarkortet III [12.05.12 14:24]
- Mista førarkortet II [12.05.12 14:19]
- Mista førarkortet I [12.05.12 14:26]
- Hyttebrann på Eikanger [11.05.12 17:00]
- Sp godtek ikkje tildekking av U864 [11.05.12 13:50]
- Kjørte i 146 i 80-sona [07.05.12 10:57]
- Biltjuven angra og melde seg [05.05.12 16:42]
- Braut seg inn på Essoen [04.05.12 14:46]
- Hadde 94 i 60-sona [04.05.12 14:46]
- Mista lappen av trippelsmellen [04.05.12 14:44]
Mest lest
- Ommøblerte på riksvegen [13.05.12 11:17]
- Ran på YX-en på Manger [23.04.12 22:14]
- Bilførar skadd etter utforkjøring på Holme [23.04.12 10:42]
- Må flytta frå Fedje [10.05.12 09:58]
- Ny vår i Fagerbakken [30.04.12 09:53]
- Hipp hipp hipp hurra! [17.05.12 12:17]
- «Halve» bygda stiller som nattevandrarar [16.05.12 16:04]
- Hamstra brød i Knarvik [15.05.12 13:50]
- Trippelsmell ved Hundvin handel [02.05.12 16:29]
- Lindås-Bør bør opplevast [18.05.12 12:48]
- – Kvikksølvet kjem opp! [13.05.12 21:53]
- Bøndene aksjonerer [14.05.12 09:58]
- – Lurte på om eg høyrde rett [26.04.12 10:17]
- No vert det kyrkje i Knarvik! [26.04.12 16:31]
- Vil du vera reiseleiar i sommar? [14.05.12 16:37]
- Sikrar seg jobb for framtida [30.04.12 13:50]
- Historisk kross knakk i to [29.04.12 09:56]
- Gav alt på Tinestafetten [10.05.12 16:11]
- Fyrte i gang Eikåstunnelen [10.05.12 13:19]
- Stoltenberg opna TCM [07.05.12 15:13]
Mest tipset
- Starta nynorsk på Facebook [05.09.08 18:04]
- Bil og båt totalskadde i brann [14.01.08 15:18]
- Milano, New York, Frekhaug [13.01.08 01:23]
- Trillingmor in spe tolmodig ventande [28.11.07 18:51]
- «Alt hva fruen ønsker» [17.02.11 12:45]
- Fann sex-leikeplass i skogen sin [15.11.07 13:52]
- «Vesle-jenta» funnen uskadd [22.07.08 17:51]
- Stormflo fleire stader [25.01.08 18:06]
- Kvinne skadd i utforkøyring [18.09.08 12:37]
- Jonnaen-stipend til Ingrid Ryland [09.06.08 19:01]




