Innbrot i båt

GAULEN: Nokon har brote seg inn i ein 35-fots båt i Gaulen. Båten låg fortøydd i Fjellangsvågen i nærleiken av Vågseidet.

[22.05.12 10:03]

Bil i bil, men ingen skadde

ISDALSTØ: Ein personbil kjørte inn i sida på ein annan 100 meter nord for rundkjøringa i Isdalstø måndag morgon.

[22.05.12 10:03]

Ferska tjuvane

KNARVIK: Fredag ettermiddag i 17-tida fekk politiet melding om at personar i ein utanlandskregistrert Volkswagen Caravelle forsøkte å stela ein tilhengar i Knarvik, som var lasta med byggjevarer.

[22.05.12 10:01]
Brukernavn 
Passord 

Hevar ikkje ubåten, men Fedje får oljeverndepotet tilbake

Del | |
FEDJE: Vraket av ubåten U-864 utanfor Fedje skal tildekkast, ikkje hevast. Det har konstituert Fiskeri- og kystminister Dag Terje Andersen bestemt seg for. Men Fedje skal få oljeverndepotet tilbake.
Publisert 13.02.07 00:00
Endret 20.08.07 10:49
? Ei tildekking skal isolera kvikksølvet frå dei marine omgjevnadene og dermed eliminera faren for forureining. Årlege etterkontrollar skal sikra at tildekkinga vernar miljøet på sikt, seier Andersen i ei pressemelding.
Andersen seier at han er trygg på at dette er den beste løysinga ut frå ein miljøsynsstad. Avgjerda som vart presentert på ein pressekonferanse i Oslo i ettermiddag, er i tråd det det ei ekspertgruppe i Kystverket har gått inn for.
Dermed ser det ut for at Fedje sin aksjon for heving av vraket ikkje lukkast. Den positive meldinga er at oljeverndepotet skal gjenopprettast. I tillegg til at kommunen får tilbake store mengder utstyr, vil det verta oppretta ein trena mannskapsstyrke som kan bruka utstyret dersom det på ny skulle skje eit havari.


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Tryggare med ny omsorgsteknologi

Tryggare med ny omsorgsteknologi

SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i ­bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.

    Trur Grieg ville likt seg

    Trur Grieg ville likt seg

    RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.

      Mobilbruk lagar misnøye

      Mobilbruk lagar misnøye

      På Matre vil rektor skjerpa inn reglane for mobilbruk, noko som har skapt reaksjonar. Praksis rundt om på skulane er ulik.

        Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

        Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

        Cecilie Leganger har vunne det meste som handballkeeper. Fredag dekka ho målet for Hordabø sine fotballdamer.

          Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet

          Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet

          MASTREVIK: Tett oppunder 250 sette meir enn gjerne namnet sitt på Austrheim venstre si liste for kvikksølvheving i helga.

            – Spesielt å stå på toppen

            – Spesielt å stå på toppen

            Masfjordingen Arvid Lathi nådde toppen på Mount Everest laurdag morgon.

              Siste kortnytt