Hevdar skipet var sjødyktig
Endret 20.08.07 10:49
Det sa kapteien Andreas Dimiarakis då han vart avhøyrd under sjøforklaringa etter«Server»- forliset ved Fedje i Bergen i går.
Storparten av dagen gjekk med til å avhøyra kapteinen, som måtte har tolk for å forklara seg. Dette gjorde at sjøforklaringa tok lengre tid.
Under første del av forklaringa måtte kapteinen gjera greie for kor mykje ballast båten hadde sidan han gjekk utan last.
Halv tank
Kapteinen forklarte at dei 22 ballasttankane var 80 prosent fulle. Ut Sognefjorden begynte ein å fylla lasterom nummer tre med vatn. Det tok 9.200 tonn, omlag halvparten av ballastvolumet. Den var vel halvfull då ein nådde Fedje, og det meinte kapteinen var nok. Han la også fram utrekningar som reiarlaget hadde gjort etter forliset, som skulle visa at skipet var stabilt nok.
Overraska
Men kapteinen vedgjekk at han vart svært overraska over det kraftige uveret han møtte sør for Fedje.
? Eg har aldri opplevd noko verre, sa han
Han hevda at det var ei veldig stor bølgje som fekk båten til å stampa, og at bølgjene var ti meter høge. Og denne stampinga gjorde at propellen til tider var over vatnet. Dette igjen utløyste ein mekanisme som reduserte maskinytinga. Dette fekk farten ned i 3-4 knop, og i slik fart er det vanskeleg å styra eit skip, spesielt i så grov sjø.
Kapteinen hevda at det var denne mekanismen som sette motorytinga, og dermed farten ned. Han avviste kategorisk at skipet hadde motortrøbbel.
Han sa at prøvde å styra unna land på Fedje, men skipet let seg ikkje manøvrera, og grunnstøytinga var eit faktum.
Ikkje varsla
Kapteinen vart også spurd om kvifor han ikkje tilkalla hjelp då han såg dei dreiv inn mot land. Til det svara han.
? Eg håpa at me skulle få farten opp på skipet, og dessutan var me så nær land at taubåtar ikkje ville nå fram tidsnok.
? Prøvde de å kasta anker for å hindra drivinga?
? Det var for stygt ver på dekk til å gjera det.
? Men av omsyn til mannskapet. Kvifor tilkalla du ikkje hjelp før grunnstøytinga var ei faktum?
Dette spørsmålet gjekk tydeleg inn på kapteinen, og han måtte samla seg før han svarte:
? Eg var berre oppteken av navigeringa for å berga skipet, og dermed mannskapet.
Spurde losen
Kapteinen vart spurd om han ikkje høyrde på vermeldinga før han gjekk frå Årdalstangen, eller ut Sognefjorden. Til det svara han at det gjorde han ikkje. Han sa at det var vanleg at losane visste mest om veret, og han sa at han spurde han. Då fekk han til svar at vindstyrken skulle vera 6-7 Baufort, men han meinte at den vinden dei møtte utanfor Fedje, var 10 Baufort.
Han fekk også spørsmål om losen hadde åtvara han mot veret han kunne møta ved Fedje, og det svarte han nektande på. I det heile verka det som veret var ei stor overrasking som han slett ikkje var førebudd på.
Han fekk også spørsmål om kvifor losen gjekk frå borde tidlegare enn det som er avmerka på kartet. Det hadde han ikkje fått noko forklaring på, svara han.
Audmjuk
Kapteinen gav eit nokså audmjukt inntrykk under sjøforklaringa, og det verka som han verken var førebudd på farvatnet eller veret han møtte sør for Fedje etter at losen, dei to assistentane hans og ein skadd mann i mannskapet hadde gått frå borde, trass i at han hadde vore sjøoffiser i 14 år, tre år som kaptein. Han hadde aldri vore på Norskekysten tidlegare.
Det verka heller ikkje som kommunikasjonen med losen hadde vore særleg utfyllande. Ute i rettsforhandlingane opplyste dommaren at det var eit ønske at losen også møtte som vitne, og det skulle ein prøva å ordna.
Uklare ting
Kapteinen sin konklusjon var at det var det ekstreme veret som var årsak til forliset. Veret igjen førde til at maskinkapasiteten vart redusert fordi propellane kom opp av sjøen, og at dette reduserte farten og dermed gjorde båten vanskeleg å styra.
Men der er fleire uklare ting rundt forliset. Mellom anna har det kome fram at båten gjennomgjekk reparasjonar i maskinen då han låg til kai i Årdalstangen.
At veret skulle koma så overraskande, er også eit moment.
Fleire av mannskapet og ein frå Trafikksentralen på Fedje skal også forklara seg i sjøforklaringa, som vert avslutta i dag.
Tryggare med ny omsorgsteknologi
SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.
Trur Grieg ville likt seg
RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.
Mobilbruk lagar misnøye
På Matre vil rektor skjerpa inn reglane for mobilbruk, noko som har skapt reaksjonar. Praksis rundt om på skulane er ulik.
Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene
Cecilie Leganger har vunne det meste som handballkeeper. Fredag dekka ho målet for Hordabø sine fotballdamer.
Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet
MASTREVIK: Tett oppunder 250 sette meir enn gjerne namnet sitt på Austrheim venstre si liste for kvikksølvheving i helga.
Siste kortnytt
- Innbrot i båt [22.05.12 10:03]
- Bil i bil, men ingen skadde [22.05.12 10:03]
- Ferska tjuvane [22.05.12 10:01]
- Gummibåt i feil naust [18.05.12 11:03]
- Trafikkuhell ved Matre [18.05.12 11:02]
- Med promille i Salhusfjorden [18.05.12 10:40]
- Kjedekollisjon på Hagelsundbrua [18.05.12 10:41]
- Pågreip rusa bråkmarkar [16.05.12 09:14]
- Vil ha vekk etterlaten bil [16.05.12 09:13]
- Siste sjanse i Stordalen [16.05.12 08:20]
- Mista førarkortet III [12.05.12 14:24]
- Mista førarkortet II [12.05.12 14:19]
- Mista førarkortet I [12.05.12 14:26]
- Hyttebrann på Eikanger [11.05.12 17:00]
- Sp godtek ikkje tildekking av U864 [11.05.12 13:50]
- Kjørte i 146 i 80-sona [07.05.12 10:57]
- Biltjuven angra og melde seg [05.05.12 16:42]
- Braut seg inn på Essoen [04.05.12 14:46]
- Hadde 94 i 60-sona [04.05.12 14:46]
- Mista lappen av trippelsmellen [04.05.12 14:44]
Mest lest
- Ommøblerte på riksvegen [13.05.12 11:17]
- Ran på YX-en på Manger [23.04.12 22:14]
- Bilførar skadd etter utforkjøring på Holme [23.04.12 10:42]
- Må flytta frå Fedje [10.05.12 09:58]
- Ny vår i Fagerbakken [30.04.12 09:53]
- Hipp hipp hipp hurra! [17.05.12 12:17]
- «Halve» bygda stiller som nattevandrarar [16.05.12 16:04]
- Hamstra brød i Knarvik [15.05.12 13:50]
- Trippelsmell ved Hundvin handel [02.05.12 16:29]
- Lindås-Bør bør opplevast [18.05.12 12:48]
- – Kvikksølvet kjem opp! [13.05.12 21:53]
- Bøndene aksjonerer [14.05.12 09:58]
- – Lurte på om eg høyrde rett [26.04.12 10:17]
- No vert det kyrkje i Knarvik! [26.04.12 16:31]
- Vil du vera reiseleiar i sommar? [14.05.12 16:37]
- Sikrar seg jobb for framtida [30.04.12 13:50]
- Historisk kross knakk i to [29.04.12 09:56]
- Gav alt på Tinestafetten [10.05.12 16:11]
- Fyrte i gang Eikåstunnelen [10.05.12 13:19]
- Stoltenberg opna TCM [07.05.12 15:13]
Mest tipset
- Starta nynorsk på Facebook [05.09.08 18:04]
- Bil og båt totalskadde i brann [14.01.08 15:18]
- Milano, New York, Frekhaug [13.01.08 01:23]
- Trillingmor in spe tolmodig ventande [28.11.07 18:51]
- «Alt hva fruen ønsker» [17.02.11 12:45]
- Fann sex-leikeplass i skogen sin [15.11.07 13:52]
- «Vesle-jenta» funnen uskadd [22.07.08 17:51]
- Stormflo fleire stader [25.01.08 18:06]
- Kvinne skadd i utforkøyring [18.09.08 12:37]
- Jonnaen-stipend til Ingrid Ryland [09.06.08 19:01]




