Innbrot i båt

GAULEN: Nokon har brote seg inn i ein 35-fots båt i Gaulen. Båten låg fortøydd i Fjellangsvågen i nærleiken av Vågseidet.

[22.05.12 10:03]

Bil i bil, men ingen skadde

ISDALSTØ: Ein personbil kjørte inn i sida på ein annan 100 meter nord for rundkjøringa i Isdalstø måndag morgon.

[22.05.12 10:03]

Ferska tjuvane

KNARVIK: Fredag ettermiddag i 17-tida fekk politiet melding om at personar i ein utanlandskregistrert Volkswagen Caravelle forsøkte å stela ein tilhengar i Knarvik, som var lasta med byggjevarer.

[22.05.12 10:01]
Brukernavn 
Passord 

Hjelmås kan få utviklingssenter

Del | |
LINDÅS: Norsk Humørgard, som humørbonden Geir Styve står bak, har søkt om å verta del av eit senter for distriktsutvikling. Tiltaket kan gje fleire arbeidsplassar, og avgjerda kjem over nyttår.
Publisert 06.12.06 00:00
Endret 20.08.07 10:49
Regjeringa har bestemt at det skal opprettast eit kompetansesenter for distriktsutvikling, men har så langt ikkje avgjort kor dette senteret skal vera. No har Geir Styve kasta seg inn i kampen for å få deler av senteret til Hjelmås.
? Det vert spennande kva regjeringa bestemmer i denne saka, men uansett skal me få til noko på Hjelmås, seier Styve til Strilen.

Lycky Næroset
Styve har inngått samarbeid med fristaten Lycky Næroset, i Ringesaker kommune i Hedmark. Dei har søkt om få det planlagde kompetansesenteret plassert dit, og då kan Hjelmås verta deira regionsenter for Vestlandet.
? Lycky Næroset har vorte kjent både her i landet og vidare med for det tiltaksarbeidet dei har sett i gang, seier Styve.
Dette var ei bygd med fråflytting, men der no initiativrike personar har snudd utviklinga. Det er mellom anna dette arbeidet ein skal byggja vidare på viss kompetansesenteret vert lagt dit.

Arbeidsplassar
Det er antyda at det nye kompetansesenteret skal ha 10 - 14 arbeidsplassar.
? Søkjarane i Lycky Næroset har sagt at dei ikkje ønskjer å samla all aktivitene der, men har regionsenter rundt om, og då vil me vera deira avdeling på Vestlandet, seier Styve.
Det inneber at eit senter på Hjelmås kan få fire-fem arbeidsplassar.
? Viss senteret kjem hit, må me enten byggja eller leiga, seier Styve.
Geir Styve er kjend som humørbonden, og han har bygt opp garden sin på Hjelmås til eit opplevingssenter både for store og små. Han er også mykje brukt som føredragshaldar om bygdeutvikling og verdien av eit positivt arbeidsmiljø på arbeidsplassen.

Stort møte
12. januar vil Geir Styve kalla inn til eit stort møte for folk frå heile Vestlandet som har sett i gang tiltak som har gjeve utvikling på bygdene.
? Der vil me samla kreftene og visa kva me kan tilby viss regjeringa bestemmer seg for vår søknad, seier Styve.
Sjølv om regjeringa ikkje skulle bestemma seg for Lycky Næroset/Hjelmås, vil det verta sett i gang noko knytt til næringsutvikling i bygdene på Hjelmås, seier Styve, men å verta del av regjeringa sitt kompetansesenter vil sjølvsagt vera ein styrke for tiltaket.
Regionrådet har alt sendt eit brev til Kommunal- og regionaldepartementet, der dei stør søknaden frå frå Lycky Næroset og Hjelmås Humørgard.


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Tryggare med ny omsorgsteknologi

Tryggare med ny omsorgsteknologi

SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i ­bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.

    Trur Grieg ville likt seg

    Trur Grieg ville likt seg

    RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.

      Mobilbruk lagar misnøye

      Mobilbruk lagar misnøye

      På Matre vil rektor skjerpa inn reglane for mobilbruk, noko som har skapt reaksjonar. Praksis rundt om på skulane er ulik.

        Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

        Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

        Cecilie Leganger har vunne det meste som handballkeeper. Fredag dekka ho målet for Hordabø sine fotballdamer.

          Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet

          Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet

          MASTREVIK: Tett oppunder 250 sette meir enn gjerne namnet sitt på Austrheim venstre si liste for kvikksølvheving i helga.

            – Spesielt å stå på toppen

            – Spesielt å stå på toppen

            Masfjordingen Arvid Lathi nådde toppen på Mount Everest laurdag morgon.

              Siste kortnytt