Hoppa frå privat til offentleg skule
Endret 20.08.07 10:48
Dei to 16-åringane på Litlebergen ønskjer også å gå tre år på same vidaregåande skule. Det var dei usikre på om dei kunne på det private gymnaset i Bergen. Dei viser til raudgrøne politikarar som har uttalt at dei vil ta bort støtte til private skular.
? Det som freista oss, var først og fremst eiga datamaskin, leksefri og studietur til Spania andre året, seier dei to jentene om grunnen til at dei søkte seg til John Bauer-gymnaset.
Dei såg for seg eit meir sjølvstendig undervisningsopplegg enn i den offentlege skulen.
Nøgde med skiftet
? Er de nøgde med å gå på Knarvik vidaregåande?
? Ja, veldig nøgde, seier dei to jentene etter rundt ein månad på skulen i Knarvik. Dei er også glade for at elevar slutta, slik at dei fekk plass i same klassen. Dei kom også inn i allmennfagklassen der dei først hadde fått plass som dei så frå seg.
Litlebergen-veninnene synest undervisninga i Knarvik er betre enn dei hadde venta. På ungdomsskulen synest dei to jentene det vart for mykje prøvar og for lite opning for å prata i timane.
Etter at dei to jentene var intervjua i BT måndag, har dei måtta svara på mange spørsmål. Særleg klassekameratane har lurt på kvifor dei ikkje ville satsa på ein skule utan lekser.
? Det vert meir enn nok! Men det går greitt. Det er litt kjekt å vera tilbake til det normale. Noko nytt skuleskifte vert nok ikkje aktuelt, er dei to jentene sikre på. Når det gjeld yrkesval, er dei langt mindre sikre på kva dei skal satsa på.
Rektor Inge A. Alver har inntrykk av at dei to jentene hadde forventa same opplegg som i ungdomsskulen.
? Innfridde
? Men me har ikkje den same metodikken. Inntrykket er at dei har fått forventningane innfridde, seier Alver.
Til BT seier Alver at han trur offentlege skular må verta flinkare til å marknadsføra seg. Då vil elevane forstå at dei er konkurransedyktige, ikkje kjedelege, slik enkelte elevar førestiller seg.
? Ingen dramatikk
? På hausten vert det ofte litt fram og tilbake mellom skular. Eg ser ingen dramatikk i at to elevar sluttar hjå oss, seier Viggo Bjørge, rektor ved den nye John Bauer-avdelinga i Bergen.
Skulen driv inntil vidare med 38 elevar. Frå neste haust seier konsesjonen at skulen kan starta opp med 175 førsteklassingar. Skulen hadde 130 søkjarar til dei 40 plassane oppstartåret.
? Min jobb er å driva skulen, så eg vil ikkje blanda meg så mykje inn i politiske vurderingar. Men eg har vanskeleg for å tru at ei ny regjering vil gjera om på den konsesjonen me har fått. Etter den kan me etter kvart ha 575 elevar fordelt på tre årstrinn, seier Bjørge.
Tryggare med ny omsorgsteknologi
SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.
Trur Grieg ville likt seg
RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.
Mobilbruk lagar misnøye
På Matre vil rektor skjerpa inn reglane for mobilbruk, noko som har skapt reaksjonar. Praksis rundt om på skulane er ulik.
Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene
Cecilie Leganger har vunne det meste som handballkeeper. Fredag dekka ho målet for Hordabø sine fotballdamer.
Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet
MASTREVIK: Tett oppunder 250 sette meir enn gjerne namnet sitt på Austrheim venstre si liste for kvikksølvheving i helga.
Siste kortnytt
- Innbrot i båt [22.05.12 10:03]
- Bil i bil, men ingen skadde [22.05.12 10:03]
- Ferska tjuvane [22.05.12 10:01]
- Gummibåt i feil naust [18.05.12 11:03]
- Trafikkuhell ved Matre [18.05.12 11:02]
- Med promille i Salhusfjorden [18.05.12 10:40]
- Kjedekollisjon på Hagelsundbrua [18.05.12 10:41]
- Pågreip rusa bråkmarkar [16.05.12 09:14]
- Vil ha vekk etterlaten bil [16.05.12 09:13]
- Siste sjanse i Stordalen [16.05.12 08:20]
- Mista førarkortet III [12.05.12 14:24]
- Mista førarkortet II [12.05.12 14:19]
- Mista førarkortet I [12.05.12 14:26]
- Hyttebrann på Eikanger [11.05.12 17:00]
- Sp godtek ikkje tildekking av U864 [11.05.12 13:50]
- Kjørte i 146 i 80-sona [07.05.12 10:57]
- Biltjuven angra og melde seg [05.05.12 16:42]
- Braut seg inn på Essoen [04.05.12 14:46]
- Hadde 94 i 60-sona [04.05.12 14:46]
- Mista lappen av trippelsmellen [04.05.12 14:44]
Mest lest
- Ommøblerte på riksvegen [13.05.12 11:17]
- Ran på YX-en på Manger [23.04.12 22:14]
- Bilførar skadd etter utforkjøring på Holme [23.04.12 10:42]
- Må flytta frå Fedje [10.05.12 09:58]
- Ny vår i Fagerbakken [30.04.12 09:53]
- Hipp hipp hipp hurra! [17.05.12 12:17]
- «Halve» bygda stiller som nattevandrarar [16.05.12 16:04]
- Hamstra brød i Knarvik [15.05.12 13:50]
- Trippelsmell ved Hundvin handel [02.05.12 16:29]
- Lindås-Bør bør opplevast [18.05.12 12:48]
- – Kvikksølvet kjem opp! [13.05.12 21:53]
- Bøndene aksjonerer [14.05.12 09:58]
- – Lurte på om eg høyrde rett [26.04.12 10:17]
- No vert det kyrkje i Knarvik! [26.04.12 16:31]
- Vil du vera reiseleiar i sommar? [14.05.12 16:37]
- Sikrar seg jobb for framtida [30.04.12 13:50]
- Historisk kross knakk i to [29.04.12 09:56]
- Gav alt på Tinestafetten [10.05.12 16:11]
- Fyrte i gang Eikåstunnelen [10.05.12 13:19]
- Stoltenberg opna TCM [07.05.12 15:13]
Mest tipset
- Starta nynorsk på Facebook [05.09.08 18:04]
- Bil og båt totalskadde i brann [14.01.08 15:18]
- Milano, New York, Frekhaug [13.01.08 01:23]
- Trillingmor in spe tolmodig ventande [28.11.07 18:51]
- «Alt hva fruen ønsker» [17.02.11 12:45]
- Fann sex-leikeplass i skogen sin [15.11.07 13:52]
- «Vesle-jenta» funnen uskadd [22.07.08 17:51]
- Stormflo fleire stader [25.01.08 18:06]
- Kvinne skadd i utforkøyring [18.09.08 12:37]
- Jonnaen-stipend til Ingrid Ryland [09.06.08 19:01]




