Innbrot i båt

GAULEN: Nokon har brote seg inn i ein 35-fots båt i Gaulen. Båten låg fortøydd i Fjellangsvågen i nærleiken av Vågseidet.

[22.05.12 10:03]

Bil i bil, men ingen skadde

ISDALSTØ: Ein personbil kjørte inn i sida på ein annan 100 meter nord for rundkjøringa i Isdalstø måndag morgon.

[22.05.12 10:03]

Ferska tjuvane

KNARVIK: Fredag ettermiddag i 17-tida fekk politiet melding om at personar i ein utanlandskregistrert Volkswagen Caravelle forsøkte å stela ein tilhengar i Knarvik, som var lasta med byggjevarer.

[22.05.12 10:01]
Brukernavn 
Passord 

Hordabøheimen driv billegast i regionen

Del | |
Hordabøheimen på Radøy er den sjukeheimen i regionen som har lågast kostnad per pasientplass. Dette går fram av ei samanlikning gjort av Nordhordland Revisjon IKS.
Publisert 27.01.06 00:00
Endret 20.08.07 10:49

På Hordabøheimen er utgifta per pasient på rundt 440.000 kroner per år. Til samanlikning er utgifta vel 450.000 kroner på Fedje, vel 500.000 kroner på Knarvik sjukeheim si langtidsavdeling, vel 600.000 kroner på Lindås Bu og Servicesenter og knappe 650.000 kroner i Austrheim. I Modalen er kostnaden for kvar pasientplass over 750.000 kroner per år.

God trivsel
? Me har god trivsel, godt samhald og dei tilsette viser stor lojalitet overfor arbeidsgjevaren, seier avdelingsleiar Anne Berge Brattetaule ved Hordabøheimen.
Ho seier dei tilsette gjer ein utruleg god jobb og har nærmast eit eigarforhold til drifta. Dei strekkjer seg veldig langt for å få ting til å gå så godt som mogleg, og korttidsfråveret er lågt. Brattetaule seier også at bebuarane gjev uttrykk for å trivast godt.
? Men bemanninga er låg. Me er bemanna som om me var ein aldersheim, ikkje ein sjukeheim. Men slik me har det i dag, har me ei forsvarleg drift på Hordabøheimen, seier avdelingsleiaren.

Store variasjonar
Tala revisjonen har teke utgangspunkt i i denne samanlikninga, er henta frå 2004-rekneskapa. Undersøkinga viser at det er stor variasjon med omsyn til kor store ressursar som vert brukt per bebuar på institusjon. Bemanninga er den viktigaste faktoren når de gjeld kostnadane, og bemanninga varierer med heile tretti prosent, går det fram av rapporten. Det er og store variasjonar i korleis institusjonane fordeler bemanninga på sein og tidleg vakt, og mellom kvardag og helg. Variasjonen er også stor i ressursbruken til kjøkken, reinhald og vaskeri per bebuar.

Fedje lågast kostnader
Totalt sett er det Fedje kommune som driv billegast per institusjonsplass, med 453.000 kroner per plass. Radøy kjem rett etter, med 483.000 kroner per plass. I Masfjorden kostar kvar plass 555.000 kroner, i Meland 565.000 kroner, i Lindås 603.000 kroner, i Austrheim 635.000 kroner og i Modalen 769.000 kroner.

Heimehjelp
Ein skulle kanskje tru at dersom tilbodet om institusjonsplass var lågt i ein kommune, slik at det berre er dei aller sjukaste og mest pleietrengjande som kjem på sjukeheim, så skulle kostnaden på institusjonen verta høgare. Men slik er det ikkje utan vidare. I Radøy er det rundt 17 prosent av dei eldre over åtti år som er på institusjon, medan det er rundt nitten prosent i Austrheim. Likevel er altså kostnaden per pasientplass langt høgare i Austrheim enn på Radøy. Best dekning når det gjeld hjelp til eldre over åtti år er det på Fedje. Der er over tjue prosent på institusjon, og i tillegg får nær femti prosent hjelp av heimetenestene. Den relativt høge dekninga for institusjonsplassar, kan der vera ei forklaring på at kostnadene for kvar plass er lågare. Dersom pasientane er friskare er også behovet for bemanning mindre. Meland har klart lågast dekning på institusjon for eldre over åtti år. Under ti prosent av denne aldersgruppa er på sjukeheim. Men kommunen er betre enn dei fleste når det gjeld å gje hjelp gjennom heimetenesta.

(Tabell)
Kostnad per sjukeheimsplass 2004

Radøy Hordabøheimen: ca. kr 440.000
Fedje: ca. kr 450.000
Radøy Velferdssenteret: ca. kr 480.000
Knarvik sjukeheim, langtid: ca. kr 500.000
Masfjorden: ca. kr 520.000
Meland: ca kr 525.000
Lindås Bu og Servicesenter: ca kr 600.000
Austrheim sjukeheim, pleie: ca. kr 640.000
Såta Bu og Servicesenter, pleie: ca. kr 640.000
Modalen: ca kr 760.000

 

 

 

 

 


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Tryggare med ny omsorgsteknologi

Tryggare med ny omsorgsteknologi

SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i ­bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.

    Trur Grieg ville likt seg

    Trur Grieg ville likt seg

    RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.

      Mobilbruk lagar misnøye

      Mobilbruk lagar misnøye

      På Matre vil rektor skjerpa inn reglane for mobilbruk, noko som har skapt reaksjonar. Praksis rundt om på skulane er ulik.

        Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

        Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

        Cecilie Leganger har vunne det meste som handballkeeper. Fredag dekka ho målet for Hordabø sine fotballdamer.

          Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet

          Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet

          MASTREVIK: Tett oppunder 250 sette meir enn gjerne namnet sitt på Austrheim venstre si liste for kvikksølvheving i helga.

            – Spesielt å stå på toppen

            – Spesielt å stå på toppen

            Masfjordingen Arvid Lathi nådde toppen på Mount Everest laurdag morgon.

              Siste kortnytt