Kjørte i eit tre

RADØY: Ein 77 år gammal passasjer vart truleg lettare skadd då den 50 år gamle bilføraren han sat på med, kjørte i eit tre i Bøvågen 17. mai.

[18.05.13 18:52]

I fjellveggen i Eikefettunnelen

LINDÅS: Ein bilførar vart lettare skadd då han kjørte i fjellveggen i Eikefettunnelen 17. mai om morgonen.

[18.05.13 18:52]

17.mai på Kvalheim

RADØY: For femtande gong vert det seremoni ved minnebautaen på Kvalheim om morgonen 17. mai. I år vil tidlegare ordførar Olav Steinar Namtvedt tala og leggja ned krans.

[16.05.13 10:52]
Brukernavn 
Passord 

Hørte du drønnet?

Del | |

Eit eksplosjonsliknande drønn fekk mange i Lindås til å hoppa i stolen søndag kveld, men ingen veit kva det var.

Publisert 10.07.12 11:41
Endret 10.07.12 11:39

Det var klokka 23.40 det høyrdest ut som ein dynamittsalve gjekk av ein eller annan stad i midtre Lindås.

På Skauge var drønnet så sterkt at vindaugsrutene klirra og huset rista, kan me lesa på Facebook.

Same opplevinga hadde Kari Bakke som var heime i feriehuset på Vågseidet då det small.

Déjà vu

– Det small skikkeleg og heile huset rista.

Det var tydeleg at eksplosjonen gjekk i grunnen, seier Bakke.

Ho fortel at smellet gjekk kaldt nedover ryggen på henne fordi ho framleis har støkk i seg etter eit liknande drønn ein laurdags føremiddag i 1954.

Då miste to gutar i 15-16-årsalderen livet då eit grøftedynamittlager gjekk i lufta.

Ei nifs ulukke

– Det var heilt forferdeleg og gjorde eit vanvittig inntrykk. Det er mange på min alder som hugsar det, seier ho.

Det var då dei to bygutane dreiv og leika i skogen i Fjellangermarka, at ulukka skjedde.

Bakke fortel at ein veit ikkje sikkert kva som skjedde.

Men gutane hadde luftgevær med seg og ein trur dei må ha sendt ei luftgeværkule inn i torvhuset der jordstyret hadde plassert grøftedynamitt.

– Jordstyret trudde nok det var trygt å lagra grøftedynamitten langt der ute i utmarka, seier ho.

Vil vita kva det var

Bakke reknar sjølvsagt med at det ikkje var noko slikt som skjedde søndag kveld.

Då ville det nok stått i avisene.

Men noko må det ha vore.

Difor håpar ho nokon kan forklara henne og lesarane kva det var som small.

Strilen har snakka med politiet, men dei har ikkje fått inn meldingar om noko drønn søndag kveld, fortel politioverbetjent Kjell-Idar Vangberg.

 

 


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Radøyløpet vart folkefest

Radøyløpet vart folkefest

Heile 306 personar i alle aldrar deltok på Radøyløpet 2. pinsedag. Av dei 26 som sprang på tid, var Øyvind Franzen (nr. 60) raskast.

    Folkemøte på Byrknes

    GULEN: I morgon ettermiddag, onsdag, vert det folkemøte på Byrknes om Hordalandsavtalen.

      Ayla måtte avlivast

      Ayla måtte avlivast

      MASFJORDEN: Hunden som politiet i Masfjorden har prøvd å få tak i fordi dei fryktar han har pitbullblod i seg, vart 16. mai avliva av veterinær.

        Lathi på Everest for andre gong

        Nådde toppen nøyaktig eitt år etter første turen.

          Tok årets første bad

          Tok årets første bad

          MODALEN: Medan isvatnet fossa ned fjellsidene og sjøtemperaturen viste fire grader, tok Adrian årets første bad pinseaftan.

            Tog og is uansett ver og vind

            Tog og is uansett ver og vind

            Frå venstre Linnea, Daniel og Sara er klare både for tog og mange isar, sjølv om sola ikkje vil titta fram på nasjonaldagen.

              Siste kortnytt