Innbrot i båt

GAULEN: Nokon har brote seg inn i ein 35-fots båt i Gaulen. Båten låg fortøydd i Fjellangsvågen i nærleiken av Vågseidet.

[22.05.12 10:03]

Bil i bil, men ingen skadde

ISDALSTØ: Ein personbil kjørte inn i sida på ein annan 100 meter nord for rundkjøringa i Isdalstø måndag morgon.

[22.05.12 10:03]

Ferska tjuvane

KNARVIK: Fredag ettermiddag i 17-tida fekk politiet melding om at personar i ein utanlandskregistrert Volkswagen Caravelle forsøkte å stela ein tilhengar i Knarvik, som var lasta med byggjevarer.

[22.05.12 10:01]
Brukernavn 
Passord 

HSD druknar i hittegods

Del | |
HSD får inn gjenstandar som er attglømde i bussane i søkk og kav. Få giddar å henta det dei gløymer, anten det er mobiltelefonar eller skinnjakkar.
Publisert 30.03.06 00:00
Endret 20.08.07 10:49
? Kanskje dette er ein grei måte å kvitta seg med ting på? undrar driftsleiar Audun Rønn ved HSD Buss i Knarvik, med eit glimt i auga.
HSD brukar mykje ressursar på å ta hand om hittegods som kjem frå bussane. Selskapet får inn frå femti til hundre attglømte ting kvar veke.
Det hopar seg opp med skinnjakkar og gymklede. Ofte finn nokon ein hanske i bussen, og det må jo vera trist for eigaren ? som har maken heime...
? Me har så mange paraplyar at me kunne starta butikk, ler Rønn.
Driftsleiaren lurar også på om enkelte ungar misser mobiltelefonar med vilje ? slik at dei kan få seg ein ny og flottare. Busselskapet har og funne lommebøker med masse pengar i. Akkurat no har dei i hende ei toalettveske med blant anna antidepressiva. Det står namn inni veska, og dei jobbar med å få tak i eigaren.

Dei fleste er ærlege
Det tristaste er når nokon oppdagar at dei har mista noko på ein buss (eller trur dei har mista det på bussen), og tingen ikkje er til å finna att.
Dei fleste medpassasjerar er ærlege og leverer det dei finn til sjåføren. Mange får att tinga på enklaste måte.
Når folk oppdagar sjølve at dei har gløymt att ting på ein buss og tar kontakt med selskapet, ringer ein sjåføren ? som tar med seg gjenstanden ut til folk. Eller at eigaren sjølv hentar tingen hjå selskapet.

Frå depot til depot
? Det er avgrensa kor mykje tid me kan bruka på å konsentrera oss om hittegods. Det er svært tidkrevjande. Men me gjer alt me kan for å spora opp eigarane til tinga, seier Rønn og held fram:
? Først ligg tinga ei vekes tid ute i vakta i Knarvik. Vert dei ikkje henta eller me ikkje får kontakt med eigaren, flyttar me tinga til eit depot. Når det hopar seg opp der, flyttar me tinga til eit anna og større depot. Etter tre månader tek me vare på ting av verdi og sender dei til politiet. Resten går til eit eller anna land i aust. Me gir mellom anna til organisasjonar som driv innsamling til tidlegare austblokkland, opplyser Rønn.

? Tenk før du forlet bussen
? Me kan ikkje gjera det same som på fly. Der kan dei minna passasjerane over høgtalaren om å hugsa å ta med seg handbagasjen før dei går av. Men ein buss har mange stopp, så me kan ikkje gjera det på same måten, seier Rønn.
Han bed passasjerane tenkja seg om før dei forlet bussen.

Teikn på god råd
Rønn trur mengda med hittegods, og kva slags, speglar velferdssamfunnet. Mange gidd rett og slett ikkje ta turen til busselskapet for å henta tinga sine. Eller dei er likegyldige. Kanskje har dei nok frå fø?
 ? Når det nærmar seg skuleslutt, plar det koma inn haugevis med  skulesekkar. Mange av dei blir liggjande over sommaren, og nokre vert aldri henta, avsluttar driftsleiaren.


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Tryggare med ny omsorgsteknologi

Tryggare med ny omsorgsteknologi

SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i ­bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.

    Trur Grieg ville likt seg

    Trur Grieg ville likt seg

    RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.

      Mobilbruk lagar misnøye

      Mobilbruk lagar misnøye

      På Matre vil rektor skjerpa inn reglane for mobilbruk, noko som har skapt reaksjonar. Praksis rundt om på skulane er ulik.

        Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

        Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

        Cecilie Leganger har vunne det meste som handballkeeper. Fredag dekka ho målet for Hordabø sine fotballdamer.

          Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet

          Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet

          MASTREVIK: Tett oppunder 250 sette meir enn gjerne namnet sitt på Austrheim venstre si liste for kvikksølvheving i helga.

            – Spesielt å stå på toppen

            – Spesielt å stå på toppen

            Masfjordingen Arvid Lathi nådde toppen på Mount Everest laurdag morgon.

              Siste kortnytt