Hundreåring med 43 oldeborn
Endret 20.08.07 10:49
Sterke gen
? Wenche er så grei at ho kjem oppom kvar kveld og breier på meg, smiler den blide hundreåringen der ho sit fint pynta og ventar på resten av gjestane. Wenche er ein av elleve born som Amanda har født. Alle er fødde heime. To av dei er døde. Det same er mannen Harald. Han døydde i 1998, 96 år gamal.
? Den einaste familiesvakheita er høyrsla, elles har me ganske seige gen, ja, ler Wenche. Ho er 61 år gamal. Den eldste er Kåre. Han er 79 år. Den yngste er Bjørn, og han er 57 år.
Er komne ut av teljinga
Kor mange barneborn og oldeborn det er blitt etter kvart, har dei ikkje peiling på verken jubilanten sjølv, Wenche, mannen Alf eller barneborna som er på besøk.
? Det har me faktisk aldri rekna på, men kanskje det er på tide, seier Alf og tek til å rekna på fingrane med god hjelp frå resten av gjengen. Omsider kjem dei fram til at det har blitt 25 barneborn, 43 oldeborn og 3 tippoldeborn. Amanda smiler stolt og gløttar bort på oldeborna Samuel Emil (2 år) og Fillip Teodor, som har kome heilt frå Mandal for å feira oldemora. Ikkje rart at sjuåringen, som er kalla opp etter oldemora, ikkje kjenner nokon som har så gamal oldemor som han.
Det vart ein stril
Amanda er fødd Taule og vart fødd i Rossneset lengst nord på Radøy. Men ho vaks opp i Bergen.
? Eg skulle eigentleg fødast i Bergen også, men mor mi kom ikkje så langt, ler ho. I Bergen møtte ho Harald frå Kvalheim på Radøy som ho vart hovudstups forelska i.
? Eg trudde eg kom til å bli gift med ein bergensar, men tenkt så vart det ein stril, ler ho. Harald var sjømann og jobba i Bjergingskompaniet, og då gjekk det ikkje likare enn det gjorde med dei fleste som var gifte med sjømenn ? det vart ein ny unge så og seia kvar gong mannen hadde vore heime. Berre dei ti siste åra av sitt aktive yrkesliv jobba Harald i land. Elles var det Amanda som hadde det daglege ansvaret i heimen.
? Det er sikkert oppdraginga av alle ungane som har halde henne så godt i form, seier Wenche. Amanda er nemleg ei slank, flott dame som likar å pynta seg, sjølv til kvardags. Litt forfengeleg kallar svigersonen henne, og fortel om ein gong ho slo seg i panna, men greidde håret over så ingen skulle sjå det.
? Eg har alltid synest det er viktig å vera ordentleg kledd, smiler Amanda.
Viktig med god oppdraging
Viktig er det også å leggja mykje arbeid i barneoppdraginga, synest ho. Men at oppdraginga var annleis før enn i dag vil ho ikkje gå med på.
? Det er mykje likt, seier ho.
? Dei er ikkje slappare med reglane i dag, då?
? Nei, eg synest familien er flinke med borna sine, seier ho.
For å halda seg orientert, les Amanda aviser kvar dag. I tillegg ser ho ein del på fjernsyn. Heklearbeidet har ho lagt vekk, men ho var ein ivrig heklar før. Elles er det meste med det same, synest ho.
? Hadde ho vore ute i arbeid, hadde ho nok opplevd det annleis. Men som heimearbeidande husmor er det nok slik ho har opplevd det, forklarer Wenche og Alf.
Har alltid feira
Medan mange vel å reisa vekk på runde dagar, har Amanda alltid feira sine. Og alle dagane har ho feira heime.
? Eg foreslo at me kunne ha det på hotell denne gongen, men då blånekta ho, seier Wenche.
Tryggare med ny omsorgsteknologi
SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.
Trur Grieg ville likt seg
RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.
Mobilbruk lagar misnøye
På Matre vil rektor skjerpa inn reglane for mobilbruk, noko som har skapt reaksjonar. Praksis rundt om på skulane er ulik.
Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene
Cecilie Leganger har vunne det meste som handballkeeper. Fredag dekka ho målet for Hordabø sine fotballdamer.
Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet
MASTREVIK: Tett oppunder 250 sette meir enn gjerne namnet sitt på Austrheim venstre si liste for kvikksølvheving i helga.
Siste kortnytt
- Innbrot i båt [22.05.12 10:03]
- Bil i bil, men ingen skadde [22.05.12 10:03]
- Ferska tjuvane [22.05.12 10:01]
- Gummibåt i feil naust [18.05.12 11:03]
- Trafikkuhell ved Matre [18.05.12 11:02]
- Med promille i Salhusfjorden [18.05.12 10:40]
- Kjedekollisjon på Hagelsundbrua [18.05.12 10:41]
- Pågreip rusa bråkmarkar [16.05.12 09:14]
- Vil ha vekk etterlaten bil [16.05.12 09:13]
- Siste sjanse i Stordalen [16.05.12 08:20]
- Mista førarkortet III [12.05.12 14:24]
- Mista førarkortet II [12.05.12 14:19]
- Mista førarkortet I [12.05.12 14:26]
- Hyttebrann på Eikanger [11.05.12 17:00]
- Sp godtek ikkje tildekking av U864 [11.05.12 13:50]
- Kjørte i 146 i 80-sona [07.05.12 10:57]
- Biltjuven angra og melde seg [05.05.12 16:42]
- Braut seg inn på Essoen [04.05.12 14:46]
- Hadde 94 i 60-sona [04.05.12 14:46]
- Mista lappen av trippelsmellen [04.05.12 14:44]
Mest lest
- Ommøblerte på riksvegen [13.05.12 11:17]
- Ran på YX-en på Manger [23.04.12 22:14]
- Bilførar skadd etter utforkjøring på Holme [23.04.12 10:42]
- Må flytta frå Fedje [10.05.12 09:58]
- Ny vår i Fagerbakken [30.04.12 09:53]
- Hipp hipp hipp hurra! [17.05.12 12:17]
- «Halve» bygda stiller som nattevandrarar [16.05.12 16:04]
- Hamstra brød i Knarvik [15.05.12 13:50]
- Trippelsmell ved Hundvin handel [02.05.12 16:29]
- Lindås-Bør bør opplevast [18.05.12 12:48]
- – Kvikksølvet kjem opp! [13.05.12 21:53]
- Bøndene aksjonerer [14.05.12 09:58]
- – Lurte på om eg høyrde rett [26.04.12 10:17]
- No vert det kyrkje i Knarvik! [26.04.12 16:31]
- Vil du vera reiseleiar i sommar? [14.05.12 16:37]
- Sikrar seg jobb for framtida [30.04.12 13:50]
- Historisk kross knakk i to [29.04.12 09:56]
- Gav alt på Tinestafetten [10.05.12 16:11]
- Fyrte i gang Eikåstunnelen [10.05.12 13:19]
- Stoltenberg opna TCM [07.05.12 15:13]
Mest tipset
- Starta nynorsk på Facebook [05.09.08 18:04]
- Bil og båt totalskadde i brann [14.01.08 15:18]
- Milano, New York, Frekhaug [13.01.08 01:23]
- Trillingmor in spe tolmodig ventande [28.11.07 18:51]
- «Alt hva fruen ønsker» [17.02.11 12:45]
- Fann sex-leikeplass i skogen sin [15.11.07 13:52]
- «Vesle-jenta» funnen uskadd [22.07.08 17:51]
- Stormflo fleire stader [25.01.08 18:06]
- Kvinne skadd i utforkøyring [18.09.08 12:37]
- Jonnaen-stipend til Ingrid Ryland [09.06.08 19:01]




