Innbrot i båt

GAULEN: Nokon har brote seg inn i ein 35-fots båt i Gaulen. Båten låg fortøydd i Fjellangsvågen i nærleiken av Vågseidet.

[22.05.12 10:03]

Bil i bil, men ingen skadde

ISDALSTØ: Ein personbil kjørte inn i sida på ein annan 100 meter nord for rundkjøringa i Isdalstø måndag morgon.

[22.05.12 10:03]

Ferska tjuvane

KNARVIK: Fredag ettermiddag i 17-tida fekk politiet melding om at personar i ein utanlandskregistrert Volkswagen Caravelle forsøkte å stela ein tilhengar i Knarvik, som var lasta med byggjevarer.

[22.05.12 10:01]
Brukernavn 
Passord 

Hunskår fekk Nidarosprisen

Del | |
LINDÅS: Professor Steinar Hunskår (biletet) frå Alversund vart torsdag tildelt Nidaros-prisen 2005. Prisen vert utdelt annakvart år ved Nidaroskongressen i Trondheim, ein nasjonal kongress for vidare- og etterutdanning av allmennpraktiserande legar og legemedarbeidarar.
Publisert 23.10.05 00:00
Endret 20.08.07 10:49
Prisen vert tildelt allmennmedisinarar som har gjort ein framragande innsats for utviklinga av faget gjennom utdanning, infor- masjon og fagutvikling, går det fram av ei pressemelding.
Hunskår får prisen for initiativet til å få skrive og utgjeve ei lærebok i allmennmedisin. Han gjorde eit nybrottsarbeid som redaktør for læreboka «Allmennmedisin klinisk arbeid».
Læreboka kom ut for første gong i 1997 og i ny og revidert utgåve i 2003 med tittelen «Allmennmedisin». Boka er flittig brukt og nærmast ein bibel for allmennlegar.
Nidarosprisen er på 15.000 kroner. Hunskår vart også tildelt eit grafisk trykk av Grete Marstein, årets Nidaroskunstnar.
Hunskår har jobba ved Seksjon for allmennmedisin ved Institutt for samfunnsmedisinske fag ved Universitetet i Bergen sidan 1986. Han har også fått fleire andre prisar, blant anna Meltzerprisen for unge forskarar i 1989 og ein nordisk forskarpris i 2001.
Steinar Hunskår skriv legespalta i Strilen kvar laurdag.

Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Tryggare med ny omsorgsteknologi

Tryggare med ny omsorgsteknologi

SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i ­bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.

    Trur Grieg ville likt seg

    Trur Grieg ville likt seg

    RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.

      Mobilbruk lagar misnøye

      Mobilbruk lagar misnøye

      På Matre vil rektor skjerpa inn reglane for mobilbruk, noko som har skapt reaksjonar. Praksis rundt om på skulane er ulik.

        Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

        Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

        Cecilie Leganger har vunne det meste som handballkeeper. Fredag dekka ho målet for Hordabø sine fotballdamer.

          Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet

          Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet

          MASTREVIK: Tett oppunder 250 sette meir enn gjerne namnet sitt på Austrheim venstre si liste for kvikksølvheving i helga.

            – Spesielt å stå på toppen

            – Spesielt å stå på toppen

            Masfjordingen Arvid Lathi nådde toppen på Mount Everest laurdag morgon.

              Siste kortnytt