Huskatten Donald fekk heiderssløyfa
Endret 20.08.07 10:49
«Donald» frå Bergås i Lindås har på ingen måte vorte til som eit resultat av langsiktig og planlagt avl. Han er meir eit resultat av eit kort og tilfeldig romantisk møte mellom to nabokattar ved eit hushjørne. Men sjølv om det var tilfeldig, vart i alle fall resultatet veldig bra.
Ei gjev utmerking
? Det er oppdrettarar som har halde på i 20 år, men som enno ikkje har fått denne sløyfa, seier Kari Sandøy-Jarman, sekretær i arrangørklubben Berak, Bergen rasekatt klubb.
Ho fortel at det er uvanleg at ein åtteåring og katten hans stikk av garde med den gjevaste utmerkinga.
Arrangørklubben får ei slik SIFE-sløyfe til kvar slik internasjonale utstilling. Det deltok heile 220 kattar på den internasjonale utstillinga i helga, og det var kattar med frå heile Norden. Sløyfa på søndag gjekk altså til Christer og «Donald». SIFE-sløyfa på utstillinga laurdag gjekk til Elin Morken frå Manger, med «Børskatten Sofus», også det ein huskatt. Tre av dei fire siste SIFE-sløyfene Berak har hatt til utdeling, har faktisk gått til katteeigarar med Morken som etternamn, kan Sandøy-Jarman fortelja.
Fødd i ein kommode
Christer Morken fortel at han plukka ut «Donald» morgonen etter at han vart fødd i ein kommode på rommet til storesystera si.
? Eg syntest han var så fin, og sa med ein gong at «den katten er min». Seinare sa eg til mamma at «Donald» skal på utstilling, og ho sa ja, fortel Christer.
Han brukar mykje tid saman med katten sin. Katten må badast, leikast med og børstast. Han må og ha alle vaksinane han skal ha. Christer har ei kattebok som han ser i, og han har og ei eiga vaksinasjonsbok.
Likar å bada
? Badar du han? Er ikkje kattar redde for vatn då?
? Nei, ikkje «Donald». Han står heilt stille når han badar, fortel Christer, til stor undring for journalisten som med gru hugsar kloremerka og dei ville augo til katten han førsøkte å bada ein gong.
Det var ei stor oppleving for Christer å stikka av med både «best in show»-pris i huskattklassen og sjølvaste heiderssløyfa. Det var ikkje lett å sova den natta, og han måtte sjekka etter neste morgon om den store pokalen og sløyfa verkeleg var kome i hus, fortel mamma Nina Hilde Bergås. Christer forsikrar Strilen om at dette nok ikkje vert siste utstilling for han og «Donald».
? «Donald» var dommarane sin favoritt, seier Christer stolt.
Om eigaren var høgt oppe på søndag, tok «Donald» det med knusande ro. Han oppførte seg som om han aldri har gjort anna enn å gå på utstilling, kan tanta til Christer, Elin Morken fortelja. Det vert konkurrert i fem klassar på slike utstillingar: Langhårskattar, semilanghårskattar, korthårskattar, orientalske kattar og huskattar. «Donald» og Christer vann klassen for huskattar. Sidan dette var den beste plasseringa for medlemmer i arrangørklubben denne dagen, gjekk altså SIFE-sløyfa til «Donald».
Om «Donald» skreiv dommarane:
«Elegant. Vakre proposisjoner. Vakker form. Sterke kinnbein ? rett profil. Herlig beautilook. Store velplasserte sihky. Herlig fargefordeling. Elegant. Herlig temperament. Super. LOVE YOU!»
Tryggare med ny omsorgsteknologi
SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.
Trur Grieg ville likt seg
RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.
Mobilbruk lagar misnøye
På Matre vil rektor skjerpa inn reglane for mobilbruk, noko som har skapt reaksjonar. Praksis rundt om på skulane er ulik.
Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene
Cecilie Leganger har vunne det meste som handballkeeper. Fredag dekka ho målet for Hordabø sine fotballdamer.
Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet
MASTREVIK: Tett oppunder 250 sette meir enn gjerne namnet sitt på Austrheim venstre si liste for kvikksølvheving i helga.
Siste kortnytt
- Innbrot i båt [22.05.12 10:03]
- Bil i bil, men ingen skadde [22.05.12 10:03]
- Ferska tjuvane [22.05.12 10:01]
- Gummibåt i feil naust [18.05.12 11:03]
- Trafikkuhell ved Matre [18.05.12 11:02]
- Med promille i Salhusfjorden [18.05.12 10:40]
- Kjedekollisjon på Hagelsundbrua [18.05.12 10:41]
- Pågreip rusa bråkmarkar [16.05.12 09:14]
- Vil ha vekk etterlaten bil [16.05.12 09:13]
- Siste sjanse i Stordalen [16.05.12 08:20]
- Mista førarkortet III [12.05.12 14:24]
- Mista førarkortet II [12.05.12 14:19]
- Mista førarkortet I [12.05.12 14:26]
- Hyttebrann på Eikanger [11.05.12 17:00]
- Sp godtek ikkje tildekking av U864 [11.05.12 13:50]
- Kjørte i 146 i 80-sona [07.05.12 10:57]
- Biltjuven angra og melde seg [05.05.12 16:42]
- Braut seg inn på Essoen [04.05.12 14:46]
- Hadde 94 i 60-sona [04.05.12 14:46]
- Mista lappen av trippelsmellen [04.05.12 14:44]
Mest lest
- Ommøblerte på riksvegen [13.05.12 11:17]
- Ran på YX-en på Manger [23.04.12 22:14]
- Bilførar skadd etter utforkjøring på Holme [23.04.12 10:42]
- Må flytta frå Fedje [10.05.12 09:58]
- Ny vår i Fagerbakken [30.04.12 09:53]
- Hipp hipp hipp hurra! [17.05.12 12:17]
- «Halve» bygda stiller som nattevandrarar [16.05.12 16:04]
- Hamstra brød i Knarvik [15.05.12 13:50]
- Trippelsmell ved Hundvin handel [02.05.12 16:29]
- Lindås-Bør bør opplevast [18.05.12 12:48]
- – Kvikksølvet kjem opp! [13.05.12 21:53]
- Bøndene aksjonerer [14.05.12 09:58]
- – Lurte på om eg høyrde rett [26.04.12 10:17]
- No vert det kyrkje i Knarvik! [26.04.12 16:31]
- Vil du vera reiseleiar i sommar? [14.05.12 16:37]
- Sikrar seg jobb for framtida [30.04.12 13:50]
- Historisk kross knakk i to [29.04.12 09:56]
- Gav alt på Tinestafetten [10.05.12 16:11]
- Fyrte i gang Eikåstunnelen [10.05.12 13:19]
- Stoltenberg opna TCM [07.05.12 15:13]
Mest tipset
- Starta nynorsk på Facebook [05.09.08 18:04]
- Bil og båt totalskadde i brann [14.01.08 15:18]
- Milano, New York, Frekhaug [13.01.08 01:23]
- Trillingmor in spe tolmodig ventande [28.11.07 18:51]
- «Alt hva fruen ønsker» [17.02.11 12:45]
- Fann sex-leikeplass i skogen sin [15.11.07 13:52]
- «Vesle-jenta» funnen uskadd [22.07.08 17:51]
- Stormflo fleire stader [25.01.08 18:06]
- Kvinne skadd i utforkøyring [18.09.08 12:37]
- Jonnaen-stipend til Ingrid Ryland [09.06.08 19:01]




