Innbrot i båt

GAULEN: Nokon har brote seg inn i ein 35-fots båt i Gaulen. Båten låg fortøydd i Fjellangsvågen i nærleiken av Vågseidet.

[22.05.12 10:03]

Bil i bil, men ingen skadde

ISDALSTØ: Ein personbil kjørte inn i sida på ein annan 100 meter nord for rundkjøringa i Isdalstø måndag morgon.

[22.05.12 10:03]

Ferska tjuvane

KNARVIK: Fredag ettermiddag i 17-tida fekk politiet melding om at personar i ein utanlandskregistrert Volkswagen Caravelle forsøkte å stela ein tilhengar i Knarvik, som var lasta med byggjevarer.

[22.05.12 10:01]
Brukernavn 
Passord 

Hyttekrangel i Meland

Del | |
Politikarane i Meland meiner at kommunen burde ha eit langt betre tilbod innan hytter og campingplassar. Det tok dei ikkje omsyn til då kommuneplanen vart vedtatt. Difor skapte planar om hyttebygging strid i kommunestyret onsdag
Av
Publisert 21.10.05 00:00
Endret 20.08.07 10:48

Politikarane i Meland meiner at kommunen burde ha eit langt betre tilbod innan hytter og campingplassar. Det tok dei ikkje omsyn til då kommuneplanen vart vedtatt. Difor skapte planar om hyttebygging strid i kommunestyret onsdag. Grunneigar Gunnvor Lien ønskjer å laga til hytter og plass til campingvogner på eit område på 24 mål. I kommunestyret onsdag la fleire politikarar vekt på at Meland ikkje er det enklaste området for turistar på leiting etter eit slik tilbod. Men området er uregulert, av di politikarane i kommuneplanen ikkje har sett av eit spesifikt område til hytter og campingplass. ? Kommuneplanen er ikkje eit år gamal endå. Det er god skikk i eit kommunestyre at me legg vekt på planlegging og vurderer alle bruksområde i samband med heilheita. Eg er ikkje spesifikt mot dette prosjektet, men meiner at det vert feil å gje klarsignal utan dekning i kommuneplanen, sa Marie Morken (Samarbeidslista). Fleire fleire politikarar, mellom anna Tom Sverre Tomren (KrF), meinte at Morken hadde eit poeng. Eit ja til tiltak som ikkje ligg inne i kommuneplanen, kan vera i strid med prinsipp om likebehandling ? av di det kan vera fleire som er interessert i å byggje utleigehytter. Det vert og vanskelegare for politikarane å styra kva dei vil ha i kommunen ? og kor dei vil ha det. Samarbeidslista vart likevel ståande åleine om å seia nei til hyttene. Men fleire politikarar merka seg at planutvalet nyttar ein stor del av tida til å gje dispensasjon frå ein plan heller enn å planleggja. ? Sytti prosent av det planutvalet har av saker, er slike søknader, sa Johan A. Andersen (Høgre). Sjølv om politikarane sa ja til at det kan utarbeidast reguleringsplan for området, har dei høve til å seia nei til hytteplanane når reguleringsplanen er klar. Men Marie Morken fryktar at prosessen då har kome så langt at det vert altfor vanskeleg å seia nei.


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Tryggare med ny omsorgsteknologi

Tryggare med ny omsorgsteknologi

SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i ­bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.

    Trur Grieg ville likt seg

    Trur Grieg ville likt seg

    RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.

      Mobilbruk lagar misnøye

      Mobilbruk lagar misnøye

      På Matre vil rektor skjerpa inn reglane for mobilbruk, noko som har skapt reaksjonar. Praksis rundt om på skulane er ulik.

        Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

        Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

        Cecilie Leganger har vunne det meste som handballkeeper. Fredag dekka ho målet for Hordabø sine fotballdamer.

          Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet

          Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet

          MASTREVIK: Tett oppunder 250 sette meir enn gjerne namnet sitt på Austrheim venstre si liste for kvikksølvheving i helga.

            – Spesielt å stå på toppen

            – Spesielt å stå på toppen

            Masfjordingen Arvid Lathi nådde toppen på Mount Everest laurdag morgon.

              Siste kortnytt