Innbrot i båt

GAULEN: Nokon har brote seg inn i ein 35-fots båt i Gaulen. Båten låg fortøydd i Fjellangsvågen i nærleiken av Vågseidet.

[22.05.12 10:03]

Bil i bil, men ingen skadde

ISDALSTØ: Ein personbil kjørte inn i sida på ein annan 100 meter nord for rundkjøringa i Isdalstø måndag morgon.

[22.05.12 10:03]

Ferska tjuvane

KNARVIK: Fredag ettermiddag i 17-tida fekk politiet melding om at personar i ein utanlandskregistrert Volkswagen Caravelle forsøkte å stela ein tilhengar i Knarvik, som var lasta med byggjevarer.

[22.05.12 10:01]
Brukernavn 
Passord 

I kø for å læra spansk

Del | |
FEDJE: PÅ Fedje er spansk siste mote. Også på Radøy står elevane i kø for å læra seg spansk.
Publisert 29.06.06 00:00
Endret 20.08.07 10:49
Goddag vil oftare verta bytta ut med «Buenos dias» på Fedje frå hausten, i alle høve på skulen. Med Monika Thomassen på plass med peikestokken, er elevane nemleg klare til å læra seg spansk.
Det sør-europeiske språket vert språkalternativ alt frå 7. klasse, med to timar for veka. Undervisninga vert organisert med grupper av 7. og 8. klasse pluss 8. og 9. klasse.

Prosjekt ut
? Dette vert spennande. Spansk kjem inn i staden for praktisk prosjektarbeid, som går ut or den nye læreplanen, seier rektor Helge Tangen.
Tangen fortel at så godt som alle elevar og foreldre har satsa på spansk når skulen kunne tilby det.
Det at alle klassane frå sjuande ville ha spansk, sikrar grunnlaget for å leiga inn lærar.
Når det gjeld tysk og engelsk, vert det også undervist i desse faga. Eit årstrinn ved skulen vil også ha tysk, og 10. klassingane får engelsk fordjuping.
Også Radøy
Radøy ungdomsskule er også blant skulane som kan tilby spansk frå hausten. Der er det kulturskulerektor Ann Kristin Hoen som vil ta seg av undervisninga.
? Me har faktisk måtte avgrensa talet på elevar i 8. klasse som får spansk. Det var 33-34 som hadde dette språket som førsteval, men det vert for stor gruppe. Me må ned i 26-28 elevar som får tilbodet, opplyser inspektør Harald Jordal. Han seier at utgangspunktet er å tilby elevane spansk også når dei kjem i 9. og 10. klasse.
Sjølv om spansk er «in» som nytt språk også på Radøy, er det også ei gruppe på 15 som har tysk og grupper i engelsk og norsk fordjuping.
Skulen har tidlegare kunna tilbydd undervisning i fransk, men manglar no lærekrefter i dette språket.




Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Tryggare med ny omsorgsteknologi

Tryggare med ny omsorgsteknologi

SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i ­bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.

    Trur Grieg ville likt seg

    Trur Grieg ville likt seg

    RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.

      Mobilbruk lagar misnøye

      Mobilbruk lagar misnøye

      På Matre vil rektor skjerpa inn reglane for mobilbruk, noko som har skapt reaksjonar. Praksis rundt om på skulane er ulik.

        Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

        Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

        Cecilie Leganger har vunne det meste som handballkeeper. Fredag dekka ho målet for Hordabø sine fotballdamer.

          Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet

          Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet

          MASTREVIK: Tett oppunder 250 sette meir enn gjerne namnet sitt på Austrheim venstre si liste for kvikksølvheving i helga.

            – Spesielt å stå på toppen

            – Spesielt å stå på toppen

            Masfjordingen Arvid Lathi nådde toppen på Mount Everest laurdag morgon.

              Siste kortnytt