Innbrot i båt

GAULEN: Nokon har brote seg inn i ein 35-fots båt i Gaulen. Båten låg fortøydd i Fjellangsvågen i nærleiken av Vågseidet.

[22.05.12 10:03]

Bil i bil, men ingen skadde

ISDALSTØ: Ein personbil kjørte inn i sida på ein annan 100 meter nord for rundkjøringa i Isdalstø måndag morgon.

[22.05.12 10:03]

Ferska tjuvane

KNARVIK: Fredag ettermiddag i 17-tida fekk politiet melding om at personar i ein utanlandskregistrert Volkswagen Caravelle forsøkte å stela ein tilhengar i Knarvik, som var lasta med byggjevarer.

[22.05.12 10:01]
Brukernavn 
Passord 
– Ikkje godt nok

– Ikkje godt nok

Del | |

MELAND: Opninga av den nye vegen mellom Mjåtveit og Dalstø er nok ein gong utsett. No har kommunen fått nok.

Publisert 24.08.11 17:43
Endret 24.08.11 17:43

– Me er direkte misfornøgde med framdrifta i dette prosjektet. Anleggsarbeidet skulle vera ferdig før 1. juli, men vart utsett til 1. september, og no har me fått beskjed om at den ikkje vil vera klar før 18. oktober, opplyste ordførar Nils Marton Aadland i formannskapet onsdag.

Ordføraren orienterte politikarane om saka under posten «Aktuelle saker» og fortalde at kommunen har gitt klar melding om kva dei synest om ei slik forseinking.

– Både kommunen og Frank Mohn er kraftig irritert. Arbeidet med vegen har pågått i fleire år og det har oppstått både det eine og det andre problemet undervegs. Me sit att med eit inntrykk av at det har vore alt for lite kontroll og trøkk over arbeidet der, sa Aadland.

Kommunen har hatt fleire møte med Vegvesenet i den seinare tid.

– Meldinga om at dei heller ikkje ville klara fristen i sep­tember, kom direkte over­raskande, og me har gjeve klar be­skjed om at me er lite fornøgde med situasjonen. Arbeidet har tatt for lang tid, og ein del av løysingane i anleggsperioden har vist seg å vera direkte trafikkfarlege. Det gjeld spesielt krysset ved bensinstasjonen på Mjåtveitflaten, sa Aadland, og fortalte at innbyggjarar har meldt frå om fleire farlege situasjonar i det som skal bli ei ny rundkjøring. Det kunne også nokre av politikarane i formannskapet skriva under på.

– Eg kjører den strekninga mykje og må seia at eg har reagert på at det er så sjeldan eg ser folk i arbeid der, sa Linda Kilpinen (Frp).

Politikarane fekk opplyst at kommunen skal ha nytt møte med Statens vegvesen denne veka, og at vegvesenet også skal ha møte med selskapet som utfører arbeidet på vegstrekninga.

– Me vil pressa på og håpar at det vil føra til fortgang i arbeidet, men enn så lenger er altså den nye datoen for at vegen skal vera ferdig, sett til 18. oktober, sa ordføraren.


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Tryggare med ny omsorgsteknologi

Tryggare med ny omsorgsteknologi

SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i ­bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.

    Trur Grieg ville likt seg

    Trur Grieg ville likt seg

    RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.

      Mobilbruk lagar misnøye

      Mobilbruk lagar misnøye

      På Matre vil rektor skjerpa inn reglane for mobilbruk, noko som har skapt reaksjonar. Praksis rundt om på skulane er ulik.

        Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

        Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

        Cecilie Leganger har vunne det meste som handballkeeper. Fredag dekka ho målet for Hordabø sine fotballdamer.

          Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet

          Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet

          MASTREVIK: Tett oppunder 250 sette meir enn gjerne namnet sitt på Austrheim venstre si liste for kvikksølvheving i helga.

            – Spesielt å stå på toppen

            – Spesielt å stå på toppen

            Masfjordingen Arvid Lathi nådde toppen på Mount Everest laurdag morgon.

              Siste kortnytt