Ikkje pengar til Rossland-bane
Endret 20.08.07 10:49
Dermed må dei til å leiga bane på Fossemyra eller i Knarvik, fortel Asbjørn Larsen (biletet), kommunestyrerepresentant for Ap og medlem i Nordre Holsnøy Idrettslag.
? Ein har arbeidd med å få gjort noko med baneforholda på Rossland i 20 år. Likevel ser me altså stadig vekk at andre prosjekt vert flytta framfor bana i Leirdalen, seier Larsen.
Larsen har saman med andre lokalpolitikarar frå Rossland arbeidd med å få bana på plass. Men dei kjem ingen veg.
? Me føler at me ikkje får nokon hjelp frå nokon i kommunen. Eit unntak er kulturkonsulent Halldis Dokken Urdal, som har hjelpt oss mellom anna med søknader. Me står klar med ein dugnadsgjeng, gravemaskin og 300.000 kroner i oppsparte midlar. Det einaste me treng er ein kommunal garanti for å koma i gong, fortel Larsen.
Sju millionar
Klubben reknar med at ei ny bane med kunstgrasdekke, lysanlegg, veg og parkering vil koma på rundt sju millionar kroner.
Det vil få svært negative konsekvensar for Nordre Holsnøy idrettslag om dei ikkje får gjort noko med banetilhøva. Larsen fortel at dei til dømes i år for første gong på lenge ikkje klarar å stilla eit eige A-lag til ellevarfotball. Han reagerer sterkt på at dei stadig opplever at andre anlegg i Meland vert flytta framfor bana på Rossland.
Det siste tilfellet var tilrettelegging for fleirbrukshallen på Fossemyra ? slik at dei stod klar til å ta imot gåva frå Trond Mohn.
? Meiner du at ein skulle ha takka nei til denne gåva?
? Sidan dette førte til at ingen ting vart gjort med bana på Rossland, så ja. Men samstundes har handballag frå Nordre Holsnøy stor glede av den nye fleirbrukshallen, seier Larsen.
? Har du ikkje forståing for at kommunen er under administrasjon av fylkeskommunen, og difor ikkje kan investera i eit slikt prosjekt?
? Det viser seg at ein finn pengar viss ein leitar og verkeleg vil gjera noko. Det siste dømet på dette er at dei har føreslege å bruka ein million kroner på å førebu bygging av ei kyrkje på Frekhaug, seier Larsen, som vil røysta mot det forslaget.
? Har vedtatt tilskot
? Kommunestyret har tidlegare vedteke at kommunen skal gå inn med tilskot til bana på Rossland, på same måte som det er gjeve tilskot til Kvernbit, seier ordførar Solbjørg Åmdal Sandvik.
Ho seier at kommunen ønskjer at prosjektet på Rossland vert realisert, og at dei har ein dialog med Nordre Holsnøy IL om dette. Kommunen har så langt og kjøpt grunn til bana
Kommunalsjef for kultur og oppvekst, Stein Flataker, har vore med i samtalene med Nordre Holsnøy IL. Han fortel at grunnen til at framdrifta for bana på Rossland har stoppa opp, er at ein føresetnad for å søkja tippemidlar er at prosjektet har klar ein finansieringsplan, då verken kommunen eller idrettslaget har nok pengar til å dekka sin del av prosjektet.
? Det vanlege er at kommunen dekkar ein tredjepart, tippemidlane ein tredjepart og klubben ein tredjepart gjennom dugnad, eigne midlar og sponsorar, seier han.
Han seier og at det vert jobba med dette, men at ein så langt ikkje har fått til noko løysing.
? Eg synest elles at det er veldig synd at me ikkje har klart å få dette til enno. Det er eit veldig godt prosjekt, seier Flataker.
Tryggare med ny omsorgsteknologi
SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.
Trur Grieg ville likt seg
RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.
Mobilbruk lagar misnøye
På Matre vil rektor skjerpa inn reglane for mobilbruk, noko som har skapt reaksjonar. Praksis rundt om på skulane er ulik.
Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene
Cecilie Leganger har vunne det meste som handballkeeper. Fredag dekka ho målet for Hordabø sine fotballdamer.
Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet
MASTREVIK: Tett oppunder 250 sette meir enn gjerne namnet sitt på Austrheim venstre si liste for kvikksølvheving i helga.
Siste kortnytt
- Innbrot i båt [22.05.12 10:03]
- Bil i bil, men ingen skadde [22.05.12 10:03]
- Ferska tjuvane [22.05.12 10:01]
- Gummibåt i feil naust [18.05.12 11:03]
- Trafikkuhell ved Matre [18.05.12 11:02]
- Med promille i Salhusfjorden [18.05.12 10:40]
- Kjedekollisjon på Hagelsundbrua [18.05.12 10:41]
- Pågreip rusa bråkmarkar [16.05.12 09:14]
- Vil ha vekk etterlaten bil [16.05.12 09:13]
- Siste sjanse i Stordalen [16.05.12 08:20]
- Mista førarkortet III [12.05.12 14:24]
- Mista førarkortet II [12.05.12 14:19]
- Mista førarkortet I [12.05.12 14:26]
- Hyttebrann på Eikanger [11.05.12 17:00]
- Sp godtek ikkje tildekking av U864 [11.05.12 13:50]
- Kjørte i 146 i 80-sona [07.05.12 10:57]
- Biltjuven angra og melde seg [05.05.12 16:42]
- Braut seg inn på Essoen [04.05.12 14:46]
- Hadde 94 i 60-sona [04.05.12 14:46]
- Mista lappen av trippelsmellen [04.05.12 14:44]
Mest lest
- Ommøblerte på riksvegen [13.05.12 11:17]
- Ran på YX-en på Manger [23.04.12 22:14]
- Bilførar skadd etter utforkjøring på Holme [23.04.12 10:42]
- Må flytta frå Fedje [10.05.12 09:58]
- Ny vår i Fagerbakken [30.04.12 09:53]
- Hipp hipp hipp hurra! [17.05.12 12:17]
- «Halve» bygda stiller som nattevandrarar [16.05.12 16:04]
- Hamstra brød i Knarvik [15.05.12 13:50]
- Trippelsmell ved Hundvin handel [02.05.12 16:29]
- Lindås-Bør bør opplevast [18.05.12 12:48]
- – Kvikksølvet kjem opp! [13.05.12 21:53]
- Bøndene aksjonerer [14.05.12 09:58]
- – Lurte på om eg høyrde rett [26.04.12 10:17]
- No vert det kyrkje i Knarvik! [26.04.12 16:31]
- Vil du vera reiseleiar i sommar? [14.05.12 16:37]
- Sikrar seg jobb for framtida [30.04.12 13:50]
- Historisk kross knakk i to [29.04.12 09:56]
- Gav alt på Tinestafetten [10.05.12 16:11]
- Fyrte i gang Eikåstunnelen [10.05.12 13:19]
- Stoltenberg opna TCM [07.05.12 15:13]
Mest tipset
- Starta nynorsk på Facebook [05.09.08 18:04]
- Bil og båt totalskadde i brann [14.01.08 15:18]
- Milano, New York, Frekhaug [13.01.08 01:23]
- Trillingmor in spe tolmodig ventande [28.11.07 18:51]
- «Alt hva fruen ønsker» [17.02.11 12:45]
- Fann sex-leikeplass i skogen sin [15.11.07 13:52]
- «Vesle-jenta» funnen uskadd [22.07.08 17:51]
- Stormflo fleire stader [25.01.08 18:06]
- Kvinne skadd i utforkøyring [18.09.08 12:37]
- Jonnaen-stipend til Ingrid Ryland [09.06.08 19:01]




