Innbrot i båt

GAULEN: Nokon har brote seg inn i ein 35-fots båt i Gaulen. Båten låg fortøydd i Fjellangsvågen i nærleiken av Vågseidet.

[22.05.12 10:03]

Bil i bil, men ingen skadde

ISDALSTØ: Ein personbil kjørte inn i sida på ein annan 100 meter nord for rundkjøringa i Isdalstø måndag morgon.

[22.05.12 10:03]

Ferska tjuvane

KNARVIK: Fredag ettermiddag i 17-tida fekk politiet melding om at personar i ein utanlandskregistrert Volkswagen Caravelle forsøkte å stela ein tilhengar i Knarvik, som var lasta med byggjevarer.

[22.05.12 10:01]
Brukernavn 
Passord 

Ikkje redd i Ramallah

Del | |
? Eg kjenner meg ikkje utrygg, men prøver å liggja lågt. Det seier Magne Hagesæter (21) frå Leiknes, som studerer i Ramallah på Vestbredden.
Publisert 07.02.06 00:00
Endret 20.08.07 10:49

? Det har vore mykje oppstyr rundt teikningane av Mohammed, men eg har ikkje opplevd situasjonen som trugande, seier han.
Det har vore sterke protestar og ein del valdshandlingar i den arabiske verda etter at fleire publikasjonar trykte karikaturteikningar av profeten Mohammed. I henhold til Islam er det ikkje lov å avbilda profeten. Teikningane var mellom anna på trykk i danske Jyllandsposten og norske Magazinet. I Syria vart både den norske og danske ambassaden sett i brann. Det danske konsulatet i Libanon vart også tent fyr på. Nordmenn og danskar har fått råd om å trekkja seg ut frå fleire arabiske land. Men Magne Hagesæter har ikkje planar om å dra frå Vestbredden.

? Trygg by
? Det norske representasjonskontoret (ambassaden) her har rådd oss til å liggja lågt. Men det har så langt ikkje vore snakk om å forlata landet. Det skal verta ganske mykje verre før eg vurderer å reisa heim, og det er ingen her som har snakka om det, fortel han.
Men Hagesæter kjenner andre europearar i Nablus som har kome opp i bråk. Nablus ligg lenger nord på Vestbredden.
? Ramallah er ein trygg by samanlikna med resten av området, seier han.
Hagesæter har snakka med mange palestinarar sidan han kom til Vestbredden for to veker sidan.
? Det er ingen som har konfrontert meg med teikningane. Men eg har vorte spurd om eg er dansk. Danmark er heilt klart øvst på lista deira. Men eg går definitivt ikkje rundt med norsk flagg på jakka. Dersom nokon spør meg på ein aggressiv måte, kjem eg nok kanskje til å seia at eg er frå Sverige, seier han.
Hagesæter studerer arabisk ved Birzeit University. Men han var og valobservatør i Betlehem og Aust-Jerusalem ved det palestinske valet. I Jerusalem var valet noko spesielt, med heilt spesielle reglar for kven som fekk røysta.

 

Korrupsjon
? Det var ein del kaos der. Men det var eit vellukka val, seier han.
Hamas gjorde nærast reint bord i valet, og er venta å danna ny regjering. Fatah-rørsla, som har base i PLO, må gje frå seg makta.
? Fatah-tilhengjarane var veldig skuffa. Det var ingen som venta at Hamas skulle vinna valet. Men me opplever ikkje situasjonen som så negativ. Det var eit meir demokratisk val denne gongen, og det er mogleg at den nye regjeringa får meir tillit hjå folket enn den førre. Omfattande korrupsjon var hovudårsaka til at Fatah mista makta. Eg trur det vert mindre korrupsjon med Hamas, seier han.
Magne Hagesæter kom til Palestina for litt over to veker sidan, og bur med nokre vener i eiga leilegheit. Han studerer politisk økonomi ved Universitetet i Bergen, og tek arabisk i Ramallah som ein del av bachelor-graden. Men Hagesæter skal og laga film medan han er på Vestbredden.
 
Muren
? Filmen skal ta for seg muren Israel byggjer, seier han.
Muren er ei blanding av høge gjerde, betongmur og andre hindringar på grensa mellom Israel og Vestbredden. Muren vert delvis plassert inne på palestinsk område, og skapar mellom anna vanskar for palestinarar som må passera muren for å koma seg på jobb.
? Me vil prøva å få filmen inn på ulike filmfestivalar. Men det er eigentleg eit amatørfilmkonsept, seier han.
Hagesæter har ved fleire høve markert seg på palestinsk side i konflikten med Israel, med lesarbrev og boikott-aksjonar mot Israel. No ligg han lågt under bråket som starta med Mohammed-karikaturane.
? Men det hjelper kanskje at eg går med palestinaskjerf, seier Magne Hagesæter til Strilen.


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Tryggare med ny omsorgsteknologi

Tryggare med ny omsorgsteknologi

SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i ­bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.

    Trur Grieg ville likt seg

    Trur Grieg ville likt seg

    RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.

      Mobilbruk lagar misnøye

      Mobilbruk lagar misnøye

      På Matre vil rektor skjerpa inn reglane for mobilbruk, noko som har skapt reaksjonar. Praksis rundt om på skulane er ulik.

        Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

        Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

        Cecilie Leganger har vunne det meste som handballkeeper. Fredag dekka ho målet for Hordabø sine fotballdamer.

          Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet

          Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet

          MASTREVIK: Tett oppunder 250 sette meir enn gjerne namnet sitt på Austrheim venstre si liste for kvikksølvheving i helga.

            – Spesielt å stå på toppen

            – Spesielt å stå på toppen

            Masfjordingen Arvid Lathi nådde toppen på Mount Everest laurdag morgon.

              Siste kortnytt