Influensafrykt gjev redusert kyllingsal
Endret 20.08.07 10:49
? Eg merkar det på småsalet, hobbybøndene som skal ha ein 5-10 høner, seier Tore Villanger.
Villanger er einaste produsenten av livkyllingar i Hordaland og Sogn og Fjordane, og kvart år veks kring 50.000 kyllingar opp i driftsbygningen hans. Kyllingane kjem når dei er daggamle, og går så vidare til eggprodusentar etter 16-18 veker. Då er kyllingane vortne verpande høner.
? For dei aller fleste kyllingane har eg avtalar med eggprodusentar, og då vert avtalane gjort alt før eg får kyllingane hit.
Eggprodusentane har hønene innomhus, og vert ikkje råka av dei nye restriksjonane om at fuglar ikkje kan gå ute under open himmel. Men av dei 2-300 mindre kundane Villanger har i Hordaland og Sogn og Fjordane, er det ein del som før har hatt hønene ute.
? Alt i fjor haust var det var ein del som ringte og sa at dei ikkje skulle ha dei ti hønene dei hadde bestilt.
25 år
Av dei 20.000 livkyllingane Villanger har i hus i dag er 19.000 av den typen som går til eggprodusentar. Dei siste tusen er av typen Lohmann brun, og er berekna på sal til «hobbybønder». Villanger vonar det skal gå greitt å få avsetning også på desse.
? No må desse verta innandørshøner. Eg må kryssa fingrane og vona at det går greitt å selja dei, seier han.
Restriksjonane frå statleg hald skal hindra at sjuk villfugl smittar høner og andre husdyr. Ved å halda hønene innandørs unngår ein smittefaren som oppstår ved kontakt med ville fuglar.
? Mange av dei andre tiltaka som i dag vert framstilt som nye, er noko me har hatt i mange år. Til dømes at ein ikkje kan vera i ein kyllingbesetning innan dei tre første dagane etter at ein har vore i utlandet, seier Villanger.
Elles har kyllingprodusentane strenge rutinar for korleis ein skal kle seg når ein er på arbeid i driftsbygningen, med eigne sko og klede til bruk i kyllinghuset.
? Eg starta her i februar 1981, så eg har 25 års-jubileum nett no. I løpet av desse åra så har eg, bank i bordet, ikkje hatt sjukdom på kyllingane mine, seier Villanger.
Ikkje redd
Villanger er ikkje redd for fugleinfluensaen, og peikar på at det på årsbasis er under hundre menneske som vert råka av sjukdommen.
? Sjansen for at du skal vinna i Lotto er mykje større enn for at du skal verta sjuk.
Så lenge dei som driv med kylling og høns driv etter det reglane som styresmaktene gjev, trur han at ein unngår sjukdomstilfelle hjå norske husdyr.
? Det næraste sjukdomen har kome Noreg så langt er Tyskland. Me som driv i denne næringa må berre ta fugleinfluensaen som ei utfordring, og følgja dei reglane som gjeld, seier Tore Villanger.
? Men skrekkscenariet er sjølvsagt at det skal byrja å smitta frå folk til folk.
Satsar vidare
Godt og vel 900.000 livkyllingar har i løpet av dei siste 25 åra vore utom på Villanger før dei har enda som verpehøns. Med ein årsproduksjon på 50.000 livkyllingar er ikkje millionen langt unna, men Villanger har ingen planar om å gje seg. Når dagens kyllingar skal ut av huset i mars-april, har han ein knapp månad på seg før neste innsetting.
? Planen er å nytta den tida til å setja inn ny innreiing i eitt av dei to husa. Dette vert ei løysing der kyllingane er i bur dei første to-tre vekene, og så går fritt etter det, seier Tore Villanger.
Tryggare med ny omsorgsteknologi
SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.
Trur Grieg ville likt seg
RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.
Mobilbruk lagar misnøye
På Matre vil rektor skjerpa inn reglane for mobilbruk, noko som har skapt reaksjonar. Praksis rundt om på skulane er ulik.
Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene
Cecilie Leganger har vunne det meste som handballkeeper. Fredag dekka ho målet for Hordabø sine fotballdamer.
Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet
MASTREVIK: Tett oppunder 250 sette meir enn gjerne namnet sitt på Austrheim venstre si liste for kvikksølvheving i helga.
Siste kortnytt
- Innbrot i båt [22.05.12 10:03]
- Bil i bil, men ingen skadde [22.05.12 10:03]
- Ferska tjuvane [22.05.12 10:01]
- Gummibåt i feil naust [18.05.12 11:03]
- Trafikkuhell ved Matre [18.05.12 11:02]
- Med promille i Salhusfjorden [18.05.12 10:40]
- Kjedekollisjon på Hagelsundbrua [18.05.12 10:41]
- Pågreip rusa bråkmarkar [16.05.12 09:14]
- Vil ha vekk etterlaten bil [16.05.12 09:13]
- Siste sjanse i Stordalen [16.05.12 08:20]
- Mista førarkortet III [12.05.12 14:24]
- Mista førarkortet II [12.05.12 14:19]
- Mista førarkortet I [12.05.12 14:26]
- Hyttebrann på Eikanger [11.05.12 17:00]
- Sp godtek ikkje tildekking av U864 [11.05.12 13:50]
- Kjørte i 146 i 80-sona [07.05.12 10:57]
- Biltjuven angra og melde seg [05.05.12 16:42]
- Braut seg inn på Essoen [04.05.12 14:46]
- Hadde 94 i 60-sona [04.05.12 14:46]
- Mista lappen av trippelsmellen [04.05.12 14:44]
Mest lest
- Ommøblerte på riksvegen [13.05.12 11:17]
- Ran på YX-en på Manger [23.04.12 22:14]
- Bilførar skadd etter utforkjøring på Holme [23.04.12 10:42]
- Må flytta frå Fedje [10.05.12 09:58]
- Ny vår i Fagerbakken [30.04.12 09:53]
- Hipp hipp hipp hurra! [17.05.12 12:17]
- «Halve» bygda stiller som nattevandrarar [16.05.12 16:04]
- Hamstra brød i Knarvik [15.05.12 13:50]
- Trippelsmell ved Hundvin handel [02.05.12 16:29]
- Lindås-Bør bør opplevast [18.05.12 12:48]
- – Kvikksølvet kjem opp! [13.05.12 21:53]
- Bøndene aksjonerer [14.05.12 09:58]
- – Lurte på om eg høyrde rett [26.04.12 10:17]
- No vert det kyrkje i Knarvik! [26.04.12 16:31]
- Vil du vera reiseleiar i sommar? [14.05.12 16:37]
- Sikrar seg jobb for framtida [30.04.12 13:50]
- Historisk kross knakk i to [29.04.12 09:56]
- Gav alt på Tinestafetten [10.05.12 16:11]
- Fyrte i gang Eikåstunnelen [10.05.12 13:19]
- Stoltenberg opna TCM [07.05.12 15:13]
Mest tipset
- Starta nynorsk på Facebook [05.09.08 18:04]
- Bil og båt totalskadde i brann [14.01.08 15:18]
- Milano, New York, Frekhaug [13.01.08 01:23]
- Trillingmor in spe tolmodig ventande [28.11.07 18:51]
- «Alt hva fruen ønsker» [17.02.11 12:45]
- Fann sex-leikeplass i skogen sin [15.11.07 13:52]
- «Vesle-jenta» funnen uskadd [22.07.08 17:51]
- Stormflo fleire stader [25.01.08 18:06]
- Kvinne skadd i utforkøyring [18.09.08 12:37]
- Jonnaen-stipend til Ingrid Ryland [09.06.08 19:01]




