Innbrot i båt

GAULEN: Nokon har brote seg inn i ein 35-fots båt i Gaulen. Båten låg fortøydd i Fjellangsvågen i nærleiken av Vågseidet.

[22.05.12 10:03]

Bil i bil, men ingen skadde

ISDALSTØ: Ein personbil kjørte inn i sida på ein annan 100 meter nord for rundkjøringa i Isdalstø måndag morgon.

[22.05.12 10:03]

Ferska tjuvane

KNARVIK: Fredag ettermiddag i 17-tida fekk politiet melding om at personar i ein utanlandskregistrert Volkswagen Caravelle forsøkte å stela ein tilhengar i Knarvik, som var lasta med byggjevarer.

[22.05.12 10:01]
Brukernavn 
Passord 

Ingen suksess med billigtomter

Del | |
MASFJORDEN: For tre år sidan selde Masfjorden kommune fire kommunale tomter på auksjon. På ingen av tomtene er det så langt bygd hus.
Publisert 21.03.06 00:00
Endret 20.08.07 10:49
For å lokka nye innbyggjarar til kommunen prøvde Masfjorden seg hausten 2002 med å selja kommunale tomter på auksjon. Det vart lokka med at ein kunne få  ei utbyggingsklar tomt til ei krone, og saka fekk ein del merksemd i media.
Fire tomter vart selde, ei i ytre Haugsdal, ei på Hosteland, ei på Solheim og i ei i byggjefeltet Skolten på Kvingo. To av tomtene gjekk for ti kroner, dei andre for ein del meir.
Tre år etter at tomtene vart selde, har ingen av kjøparane bygt hus på dei. Og i kjøpsavtalen var det ein klausul om at kommunen kunne kjøpa tilbake tomtene for same summen som dei vart selde for. No har kommunen kontakta kjøparane og gjort merksam på at fristen er gådd ut for tre av tomtene. Den fjerde går ut seinare i år.
? Frå ein av kjøparane har me fått brev tilbake, der han ber om litt utsetjing for å bestemma seg. Frå dei andre har me så langt ikkje fått svar, seier Gerd Alis Håheim i administrasjonen til Strilen.
Ho tvilar på om denne måten å selja tomter på vert prøvde fleire gonger.

Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Tryggare med ny omsorgsteknologi

Tryggare med ny omsorgsteknologi

SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i ­bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.

    Trur Grieg ville likt seg

    Trur Grieg ville likt seg

    RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.

      Mobilbruk lagar misnøye

      Mobilbruk lagar misnøye

      På Matre vil rektor skjerpa inn reglane for mobilbruk, noko som har skapt reaksjonar. Praksis rundt om på skulane er ulik.

        Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

        Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

        Cecilie Leganger har vunne det meste som handballkeeper. Fredag dekka ho målet for Hordabø sine fotballdamer.

          Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet

          Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet

          MASTREVIK: Tett oppunder 250 sette meir enn gjerne namnet sitt på Austrheim venstre si liste for kvikksølvheving i helga.

            – Spesielt å stå på toppen

            – Spesielt å stå på toppen

            Masfjordingen Arvid Lathi nådde toppen på Mount Everest laurdag morgon.

              Siste kortnytt