Innbrot i båt

GAULEN: Nokon har brote seg inn i ein 35-fots båt i Gaulen. Båten låg fortøydd i Fjellangsvågen i nærleiken av Vågseidet.

[22.05.12 10:03]

Bil i bil, men ingen skadde

ISDALSTØ: Ein personbil kjørte inn i sida på ein annan 100 meter nord for rundkjøringa i Isdalstø måndag morgon.

[22.05.12 10:03]

Ferska tjuvane

KNARVIK: Fredag ettermiddag i 17-tida fekk politiet melding om at personar i ein utanlandskregistrert Volkswagen Caravelle forsøkte å stela ein tilhengar i Knarvik, som var lasta med byggjevarer.

[22.05.12 10:01]
Brukernavn 
Passord 

Innbrot hjå same bileigarane

Del | |
LINDÅS: I august vart fleire bileigarar på Lindås fråstolne stereoanlegga sine. I helga slo tjuvane til igjen hjå same bileigarane.
Publisert 30.10.06 00:00
Endret 20.08.07 10:49
? Dei rekna vel med bileigarane hadde skaffa seg nye anlegg til no, og det hadde dei, seier politibetjent Lars Geitle ved Lindås og Meland lensmannskontor.
Han fortel at politiet måndag føremiddag mottok melding etter melding frå fortvila bileigarar på Lindås som nok ein gong hadde hatt innbrot i bilane sine. Politiet veit ikkje sikkert om gjerningsmennene er dei same sidan førre tjuveriraid aldri vart oppklara. Men sidan dei har vore akkurat same ruta som sist, kan det sjå ut som same personane står bak, fortel Geitle. Innbrotstjuvane har i følgje politiet kome seg inn i dei låste bilane på ulike måtar.
? Eg vart veldig sur, seier Remy Ulvatn Nilsen frå Lindås, som i går morgon oppdaga at CD-spelaren var stolen for andre gong på to månader.
Tjuven hadde også strødd sand i setet, på rattet og golvet, truleg for å prøva å skjula spor. Ulvatn Nilsen kjøpte seg ny bil på førre fredag, og berre ei veke etter vart han altså utsett for innbrot og tjuveri for andre gong på kort tid.
Han reknar med å måtta betala for nytt anlegg sjølv, då det er eigendel på forsikringa.
? Dette er skikkeleg irriterande, seier han.



Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Tryggare med ny omsorgsteknologi

Tryggare med ny omsorgsteknologi

SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i ­bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.

    Trur Grieg ville likt seg

    Trur Grieg ville likt seg

    RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.

      Mobilbruk lagar misnøye

      Mobilbruk lagar misnøye

      På Matre vil rektor skjerpa inn reglane for mobilbruk, noko som har skapt reaksjonar. Praksis rundt om på skulane er ulik.

        Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

        Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

        Cecilie Leganger har vunne det meste som handballkeeper. Fredag dekka ho målet for Hordabø sine fotballdamer.

          Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet

          Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet

          MASTREVIK: Tett oppunder 250 sette meir enn gjerne namnet sitt på Austrheim venstre si liste for kvikksølvheving i helga.

            – Spesielt å stå på toppen

            – Spesielt å stå på toppen

            Masfjordingen Arvid Lathi nådde toppen på Mount Everest laurdag morgon.

              Siste kortnytt