Innbrot i båt

GAULEN: Nokon har brote seg inn i ein 35-fots båt i Gaulen. Båten låg fortøydd i Fjellangsvågen i nærleiken av Vågseidet.

[22.05.12 10:03]

Bil i bil, men ingen skadde

ISDALSTØ: Ein personbil kjørte inn i sida på ein annan 100 meter nord for rundkjøringa i Isdalstø måndag morgon.

[22.05.12 10:03]

Ferska tjuvane

KNARVIK: Fredag ettermiddag i 17-tida fekk politiet melding om at personar i ein utanlandskregistrert Volkswagen Caravelle forsøkte å stela ein tilhengar i Knarvik, som var lasta med byggjevarer.

[22.05.12 10:01]
Brukernavn 
Passord 

Innbrot i Avisa Nordhordland

Del | |
LINDÅS: Natt til torsdag stakk innbrotstjuvar av med fem berbare datamaskiner og fem elektroniske fotoapparat frå Avisa Nordhordland.
Publisert 22.06.06 00:00
Endret 20.08.07 10:49
? Me klarer oss heldigvis slik at det ikkje går ut over avisproduksjonen, men det ganske fortvilande, seier redaktør Randi Bjørlo oppgitt. Ho fortel at tjuvane også har stole 7000 kroner frå kassen, ein scanner, brote opp fleire låste skap og herja med telefonane.

Verkar planlaust
Tjuvane har brote seg inn bakdøra og tatt for seg alle kontora i redaksjonen bortsett  frå to. På marknadsavdelinga har dei berre stole eit kamera.
? Det verkar som dei har tatt det dei har funne utan å ha nokon plan, så eg er sjeleglad dei ikkje har rota med deskmaskinene eller serverane. Dei har vel tatt det dei tenkte var lettast omsetjeleg, meiner Bjørlo.
Ho fortel at tjuvane ikkje har fått med seg nokon «statsløyndomar», men at dei journalistane det gjeld truleg må ta opp att ein del bilde og at dei har mista ein del notatar.  
Avisa Nordhordland ligg i fjerde etasje i Promenaden i Knarvik Senter.
Saka er meld til politi og forsikringsselskap.

På sporet
På grunn av etterforskinga vil ikkje politiet ut med kva spor dei har i saka anna enn at tjuvane er snappa opp av eit overvakingskamera.
? Ut i frå filmen etterforskar me saka med utgangspunkt i visse likskapstrekk med andre tidlegare saker, fortel politibetjent Glenn Våge ved Lindås og Meland lensmannskontor.


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Tryggare med ny omsorgsteknologi

Tryggare med ny omsorgsteknologi

SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i ­bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.

    Trur Grieg ville likt seg

    Trur Grieg ville likt seg

    RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.

      Mobilbruk lagar misnøye

      Mobilbruk lagar misnøye

      På Matre vil rektor skjerpa inn reglane for mobilbruk, noko som har skapt reaksjonar. Praksis rundt om på skulane er ulik.

        Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

        Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

        Cecilie Leganger har vunne det meste som handballkeeper. Fredag dekka ho målet for Hordabø sine fotballdamer.

          Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet

          Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet

          MASTREVIK: Tett oppunder 250 sette meir enn gjerne namnet sitt på Austrheim venstre si liste for kvikksølvheving i helga.

            – Spesielt å stå på toppen

            – Spesielt å stå på toppen

            Masfjordingen Arvid Lathi nådde toppen på Mount Everest laurdag morgon.

              Siste kortnytt