Innbrot i båt

GAULEN: Nokon har brote seg inn i ein 35-fots båt i Gaulen. Båten låg fortøydd i Fjellangsvågen i nærleiken av Vågseidet.

[22.05.12 10:03]

Bil i bil, men ingen skadde

ISDALSTØ: Ein personbil kjørte inn i sida på ein annan 100 meter nord for rundkjøringa i Isdalstø måndag morgon.

[22.05.12 10:03]

Ferska tjuvane

KNARVIK: Fredag ettermiddag i 17-tida fekk politiet melding om at personar i ein utanlandskregistrert Volkswagen Caravelle forsøkte å stela ein tilhengar i Knarvik, som var lasta med byggjevarer.

[22.05.12 10:01]
Brukernavn 
Passord 

Innbrot på Alversund skule

Del | |
Natt til søndag vart det gjort innbrot på Alversund skule. Tjuvane tok seg inn på skulen ved å knusa ei rute i hovuddøra.
Publisert 22.01.07 00:00
Endret 20.08.07 10:49
? Dersom tjuvane var ute etter pengar, stiller eg meg undrande til at dei braut seg inn på ein skule, seier rektor Ole Henry Halleraker.
Han fortel at det var ein av lærarane som oppdaga innbrotet søndag då ho skulle inn på skulen for å jobba litt. Læraren varsla så rektor, som igjen varsla vakttenesta til kommunen og politiet for å få skulen sikra. Innbrotet vart meld til politiet klokka halv to søndag ettermiddag. Politiet veit ikkje akkurat kor tid innbrotet har skjedd, men lensmann Einar Vatne trur at innbrotet har skjedd natt til søndag.
Tjuvane har tatt seg inn på skulen ved å knusa ei stor rute i døra til hovudinngangen. Deretter har dei brote opp døra inn til personalfløyen ved å løysa dørlistene. I personalfløyen har dei gått laus på begge inngangane til rektor sitt kontor ? både gjennom døra frå gangen og døra som fører inn til forkontoret. Men ingen av dørene har dei klart å få opp.
Personalrommet der i mot, trengte dei ikkje bryta opp, for det stod ope. Her tyder spor på at tjuvane har tatt seg ein pause i arbeidet og kost seg med yoghurt, juice og sukkerbitar. Kanskje det var difor dei prøvde seg på døra inn til tannlegefløyen etterpå?
Tannlege Siva Thilliampalam ved Alversund Tannlegekontor fortel at ingenting tyder på at tjuvane har vore inne på sjølve tannlegekontoret.


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Tryggare med ny omsorgsteknologi

Tryggare med ny omsorgsteknologi

SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i ­bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.

    Trur Grieg ville likt seg

    Trur Grieg ville likt seg

    RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.

      Mobilbruk lagar misnøye

      Mobilbruk lagar misnøye

      På Matre vil rektor skjerpa inn reglane for mobilbruk, noko som har skapt reaksjonar. Praksis rundt om på skulane er ulik.

        Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

        Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

        Cecilie Leganger har vunne det meste som handballkeeper. Fredag dekka ho målet for Hordabø sine fotballdamer.

          Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet

          Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet

          MASTREVIK: Tett oppunder 250 sette meir enn gjerne namnet sitt på Austrheim venstre si liste for kvikksølvheving i helga.

            – Spesielt å stå på toppen

            – Spesielt å stå på toppen

            Masfjordingen Arvid Lathi nådde toppen på Mount Everest laurdag morgon.

              Siste kortnytt