Innbrotstjuvar på to skular og eitt rådhus
Endret 20.08.07 10:49
? Me ønskjer svært gjerne tips frå publikum, seier lensmann Einar Vatne.
Tysdag kveld vart det stole to berbare datamaskiner frå Knarvik vidaregåande skule i Lindås. Tjuvane har og fått med seg eit digitalkamera og noko pengar. Innbrotet fann truleg stad kring klokka ti.
? Det er ting som tyder på at dei har vore inne på gymnaset før dørene stengte. Så har dei brote seg inn på andre rom, seier Vatne.
I natt var det og innbrot på Rossland skule i Meland. Her har tjuvane fått med seg ni heilt nye berbare datamaskiner. Tjuvane braut seg etter alt å døma inn ein gong mellom klokka tre og klokka seks natt til onsdag.
Det har også vore ubedne gjestar på rådhuset på Frekhaug. Her har ein førebels ikkje full oversikt over kva som manglar. Men ein berbar videoprosjektør er borte. Tjuvane har brote seg inn i eit nøkkelskap, noko som skapar praktiske problem for dei tilsette på rådhuset.
? Me må sperra alle inngangar, for å sikra oss mot at tjuvar kjem att og låser seg inn, seier rådmann Helge Thorsen.
Dermed kan dei tilsette førebels ikkje koma og gå heilt som dei vil. Ifølgje rådmannen har tjuvane gått systematisk fram, og leita gjennom skap og skuffer i rom etter rom.
? Det tyder på at tjuvane må ha ein viss lokalkunnskap, seier han.
I nybygget på rådhuset er det alarmsystem. Det er det også i delen som husar kommunestyresalen og kyrkja sine kontor. I delen som vender bort mot Frekhaug senter, er det ikkje alarm. Dette har tjuvane etter alt å døma vore klar over, av di dei har halde seg i denne delen av bygget.
? Me skal ha på plass ein felles alarm for heile rådhuset, seier Helge Thorsen til Strilen.
Innbrota
dei tre stadane fann stad same døgn. Men Lindås og Meland lensmannskontor kan
ikkje seia sikkert at det er dei same tjuvane som har forsynt seg alle tre
stadane.
Tryggare med ny omsorgsteknologi
SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.
Trur Grieg ville likt seg
RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.
Mobilbruk lagar misnøye
På Matre vil rektor skjerpa inn reglane for mobilbruk, noko som har skapt reaksjonar. Praksis rundt om på skulane er ulik.
Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene
Cecilie Leganger har vunne det meste som handballkeeper. Fredag dekka ho målet for Hordabø sine fotballdamer.
Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet
MASTREVIK: Tett oppunder 250 sette meir enn gjerne namnet sitt på Austrheim venstre si liste for kvikksølvheving i helga.
Siste kortnytt
- Innbrot i båt [22.05.12 10:03]
- Bil i bil, men ingen skadde [22.05.12 10:03]
- Ferska tjuvane [22.05.12 10:01]
- Gummibåt i feil naust [18.05.12 11:03]
- Trafikkuhell ved Matre [18.05.12 11:02]
- Med promille i Salhusfjorden [18.05.12 10:40]
- Kjedekollisjon på Hagelsundbrua [18.05.12 10:41]
- Pågreip rusa bråkmarkar [16.05.12 09:14]
- Vil ha vekk etterlaten bil [16.05.12 09:13]
- Siste sjanse i Stordalen [16.05.12 08:20]
- Mista førarkortet III [12.05.12 14:24]
- Mista førarkortet II [12.05.12 14:19]
- Mista førarkortet I [12.05.12 14:26]
- Hyttebrann på Eikanger [11.05.12 17:00]
- Sp godtek ikkje tildekking av U864 [11.05.12 13:50]
- Kjørte i 146 i 80-sona [07.05.12 10:57]
- Biltjuven angra og melde seg [05.05.12 16:42]
- Braut seg inn på Essoen [04.05.12 14:46]
- Hadde 94 i 60-sona [04.05.12 14:46]
- Mista lappen av trippelsmellen [04.05.12 14:44]
Mest lest
- Ommøblerte på riksvegen [13.05.12 11:17]
- Ran på YX-en på Manger [23.04.12 22:14]
- Bilførar skadd etter utforkjøring på Holme [23.04.12 10:42]
- Må flytta frå Fedje [10.05.12 09:58]
- Ny vår i Fagerbakken [30.04.12 09:53]
- Hipp hipp hipp hurra! [17.05.12 12:17]
- «Halve» bygda stiller som nattevandrarar [16.05.12 16:04]
- Hamstra brød i Knarvik [15.05.12 13:50]
- Trippelsmell ved Hundvin handel [02.05.12 16:29]
- Lindås-Bør bør opplevast [18.05.12 12:48]
- – Kvikksølvet kjem opp! [13.05.12 21:53]
- Bøndene aksjonerer [14.05.12 09:58]
- – Lurte på om eg høyrde rett [26.04.12 10:17]
- No vert det kyrkje i Knarvik! [26.04.12 16:31]
- Vil du vera reiseleiar i sommar? [14.05.12 16:37]
- Sikrar seg jobb for framtida [30.04.12 13:50]
- Historisk kross knakk i to [29.04.12 09:56]
- Gav alt på Tinestafetten [10.05.12 16:11]
- Fyrte i gang Eikåstunnelen [10.05.12 13:19]
- Stoltenberg opna TCM [07.05.12 15:13]
Mest tipset
- Starta nynorsk på Facebook [05.09.08 18:04]
- Bil og båt totalskadde i brann [14.01.08 15:18]
- Milano, New York, Frekhaug [13.01.08 01:23]
- Trillingmor in spe tolmodig ventande [28.11.07 18:51]
- «Alt hva fruen ønsker» [17.02.11 12:45]
- Fann sex-leikeplass i skogen sin [15.11.07 13:52]
- «Vesle-jenta» funnen uskadd [22.07.08 17:51]
- Stormflo fleire stader [25.01.08 18:06]
- Kvinne skadd i utforkøyring [18.09.08 12:37]
- Jonnaen-stipend til Ingrid Ryland [09.06.08 19:01]




