Innbrot i båt

GAULEN: Nokon har brote seg inn i ein 35-fots båt i Gaulen. Båten låg fortøydd i Fjellangsvågen i nærleiken av Vågseidet.

[22.05.12 10:03]

Bil i bil, men ingen skadde

ISDALSTØ: Ein personbil kjørte inn i sida på ein annan 100 meter nord for rundkjøringa i Isdalstø måndag morgon.

[22.05.12 10:03]

Ferska tjuvane

KNARVIK: Fredag ettermiddag i 17-tida fekk politiet melding om at personar i ein utanlandskregistrert Volkswagen Caravelle forsøkte å stela ein tilhengar i Knarvik, som var lasta med byggjevarer.

[22.05.12 10:01]
Brukernavn 
Passord 

Innrømmer å ha skote Bakkebø

Del | |
MELAND: Den drapssikta 44-åringen skal i avhøyr i går ha innrømma at han skaut Harald Bakkebø på Frekhaug førre fredag.
Publisert 10.03.06 00:00
Endret 20.08.07 10:49
44-åringen er sikta for forsetteleg drap etter at Bakkebø vart drepen i ei brakke på Mjåtveit. I går sat han i avhøyr i 2-3 timar, og skal då ha erkjent at det var han som skaut.
? Me skal avhøyra han også i dag, og det kjem til å verta fleire avhøyr framover, seier lensmann Einar Vatne til Strilen.
Den drapssikta mannen skal ha antyda at han ikkje meinte å drepa Bakkebø.
? Me tykkjer det er fint at politiet i avhøyr ikkje tek det for gitt at skotet er avfyrt med vilje, seier advokat John Christian Elden, ein av to forsvararar for 44-åringen, til BT.
Politiet skal også ha fleire avhøyr av dei to vitna som var tilstades i brakka då drapet skjedde.
? Det er og fleire andre vitne me kjem til å snakka meir med. Me jobbar mellom anna med å finna eit motiv, seier Einar Vatne.
Det har ikkje lukkast Strilen å koma i kontakt med forsvararane til 44-åringen i dag.
Det er førebels ikkje klart om avhøyra vil halda fram i helga.


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Tryggare med ny omsorgsteknologi

Tryggare med ny omsorgsteknologi

SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i ­bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.

    Trur Grieg ville likt seg

    Trur Grieg ville likt seg

    RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.

      Mobilbruk lagar misnøye

      Mobilbruk lagar misnøye

      På Matre vil rektor skjerpa inn reglane for mobilbruk, noko som har skapt reaksjonar. Praksis rundt om på skulane er ulik.

        Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

        Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

        Cecilie Leganger har vunne det meste som handballkeeper. Fredag dekka ho målet for Hordabø sine fotballdamer.

          Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet

          Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet

          MASTREVIK: Tett oppunder 250 sette meir enn gjerne namnet sitt på Austrheim venstre si liste for kvikksølvheving i helga.

            – Spesielt å stå på toppen

            – Spesielt å stå på toppen

            Masfjordingen Arvid Lathi nådde toppen på Mount Everest laurdag morgon.

              Siste kortnytt