Innbrot i båt

GAULEN: Nokon har brote seg inn i ein 35-fots båt i Gaulen. Båten låg fortøydd i Fjellangsvågen i nærleiken av Vågseidet.

[22.05.12 10:03]

Bil i bil, men ingen skadde

ISDALSTØ: Ein personbil kjørte inn i sida på ein annan 100 meter nord for rundkjøringa i Isdalstø måndag morgon.

[22.05.12 10:03]

Ferska tjuvane

KNARVIK: Fredag ettermiddag i 17-tida fekk politiet melding om at personar i ein utanlandskregistrert Volkswagen Caravelle forsøkte å stela ein tilhengar i Knarvik, som var lasta med byggjevarer.

[22.05.12 10:01]
Brukernavn 
Passord 

Intens moro med bandy

Del | |
LINDÅS/MELAND: ? Innebandy er kanongøy, og alle burde prøva det, oppfordrar Frode Furnes og Kim André Vangberg.
Publisert 30.07.06 00:00
Endret 20.08.07 10:49
? Bandy er fart og spenning, og intens moro med bånn gass i 2-3 minuttar om gangen, fortel Frode Furnes frå Frekhaug og Kim André Vangberg frå Alversund.
Dei to har gått i spissen for å få i gang eit bandy-miljø i Nordhordland, noko som har gått over all forventning.
? Me byrja med eit senior- og eit gutelag for NBK våren 2005. No har me i tillegg med eit
juniorlag, eit smågutelag og eit småjentelag, seier Vangberg.
? Aldersspennet er stort, frå yngstemann på 10 til eldstemann på nesten femti, seier Furnes.
Gutane har fått opp auga for innebandy gjennom spel i gymtimane, og seinare gjennom lag i studentmiljøa.
No spelar dei bandy så ofte dei kan. Furnes sjonglerar fire jobbar og bandyspeling, medan Vangberg studerer og spelar på fleire lag, med trening fire-fem gonger i veka.
Begge trenar ulike bandylag. På seniorlaget, som spelte i tredjedivisjon førre sesong, spelar dei saman.
?  No satsar me på opprykk, seier trenar Vangberg.
Sjølv om dei berre har vore med i serien eitt år tidlegare, har dei erfart at dei kan måla seg med dei andre laga.
? Me leia halve sesongen i fjor, men så sovna me etter julefeiringa og gjekk på tre strake tap. Då var det gjort. Me enda på ein femteplass av sju, seier Vangberg. Hobbyen har smitta over på mange strilar det siste året.
? På første trening for dei yngste var det 29 som stilte. På det meste har me vore 32, seier Furnes, som trenar dei yngste laga.
Til hausten håpar dei to bandy-entusiastane på at endå fleire skal få augo opp for den artige sporten. Med nye treningstider og store ambisjonar satsar dei på å få alle laga med i serien i sesongen som kjem.
? Me vil verta fleire, og me vil ha med alle. Prøv noko nytt med fart og spenning, seier dei to, og oppfordrar interesserte til å gå inn på heimesidene eller ta kontakt med dei direkte.
Treningane startar opp att ved skulestart.

Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Tryggare med ny omsorgsteknologi

Tryggare med ny omsorgsteknologi

SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i ­bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.

    Trur Grieg ville likt seg

    Trur Grieg ville likt seg

    RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.

      Mobilbruk lagar misnøye

      Mobilbruk lagar misnøye

      På Matre vil rektor skjerpa inn reglane for mobilbruk, noko som har skapt reaksjonar. Praksis rundt om på skulane er ulik.

        Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

        Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

        Cecilie Leganger har vunne det meste som handballkeeper. Fredag dekka ho målet for Hordabø sine fotballdamer.

          Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet

          Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet

          MASTREVIK: Tett oppunder 250 sette meir enn gjerne namnet sitt på Austrheim venstre si liste for kvikksølvheving i helga.

            – Spesielt å stå på toppen

            – Spesielt å stå på toppen

            Masfjordingen Arvid Lathi nådde toppen på Mount Everest laurdag morgon.

              Siste kortnytt