Internasjonaliserer saman med dei store
Endret 20.08.07 10:49
? Me vurderte Nord-Noreg, men fann at den marknaden ikkje var moden enno. Me såg og på britisk sektor, men der var det heile så innarbeidd. Difor enda valet på Dubai og Iran, seier direktør Dagfinn J. Namtvedt i MTI.
Produkt av Nordhordland
Namtvedt og Frank Grindheim etablerte MTI på Mongstad i 1987, like etter Statoil si siste store utbygging. Dette er altså eit selskap som er utvikla av og med folk frå Nordhordland. Gründerane hadde store vyar, og møtte nok enkelte skeptikarar til desse planane undervegs. Men i dag har dei kome lenger enn dei planane dei først presenterte. No har altså vegen gått vidare til satsing i utlandet. I løpet av nokre år kan aktiviteten i utlandet verta dobbelt så stor som aktiviteten i Noreg, meiner Namtvedt. Konsernet har i dag vel 50 tilsette, rundt ein tredjedel av desse på Mongstad. Måla er klare - at dei i løpet av 2012 skal omsetja for over 100 millionar kroner.
Industriell tryggleik
Produktspekteret til MTI har etter kvart vorte vidt og kan delast opp i fire forretningsområde. Det eine er årleg kontroll og vedlikehald på kranar og løfteutstyr, og sertifisering av desse. Det andre er å testa strukturar, mellom anna sveisar, på fagspråket «non destructive testing». Det tredje er engeneering, som mellom anna går på å berekna ulike konstruksjonar. Dette kan til dømes vera å rekna ut kva dimensjonar og utforming ein heisekran som skal stå på ein plattform i Nordsjøen må ha. Det fjerde området går på ulike kurs og opplæring innan helse, miljø og tryggleik (HMS). MTI held mellom anna kurs som gjev kranførarbevis.
? Me skal vera ein totalleverandør av industriell tryggleik, seier Namtvedt.
For å klara dette går det med veldig mykje pengar på opplæring av tilsette. Dei brukte berre i fjor 760.000 kroner på kursing av 22 av sine tilsette i Noreg. Namtvedt seier at det også for MTI har vore vanskeleg å få tak i nok kvalifiserte folk.
? Men me har vore forsiktige med «headhunting» og slikt. I staden søkjer me etter folk på vanleg måte. Nokre av dei nye tilsette kjem direkte frå skulen medan andre har vore ute i jobb. Desse lærer me opp og kursar i bedrifta. Kursa kjøper me både i Noreg og i Danmark, fortel Namtvedt.
No for tida går det seks personar på opplæring i Dubai.
God kommunikasjon
God internkommunikasjon er viktig i eit selskap som er lokalisert fire stader i Noreg og to stader i Midt-Austen. MTI har difor satsa ein del på dette. Eit eige nettbasert nyhendebrev er ein del av satsinga. Elles har dei faste fellesmøte i Noreg to gonger i året, noko dei har drive med sidan 1999. I samband med 20 årsjubileet i år, samla dei alle tilsette i MTI frå heile verda med følgje i Ullensvang.
? Møta har me for at folk skal verta kjende og kunna knyta eit fjes til dei ein snakkar med på telefon og har kontakt med på e-post, seier Namtvedt.
Ei anna årsak til at dei satsar mykje på internkommunikasjon er at det er viktig for å vera ei attraktiv og moderne bedrift der dei tilsette er engasjerte og kan vera med og bestemma. Ei følgje av satsinga på eigne tilsette er og at staben er stabil. I ein arbeidsmarknad der det er kamp om arbeidskrafta er det viktig at folk trivest i bedrifta, slik at dei vert verande.
Satsar på HMS
Halvårsmøta i MTI skal aldri vera like. Det skal vera overraskande. Nokre gongar er det sosiale mest vektlagt, andre gongar det reint faglege. På siste halvårsmøte hadde dei ein test i HMS (Helse, miljø og tryggleik). Satsinga på HMS gjev og resultat, fortel Namtvedt. MTI var blant dei tre finalistane til å vinna ein tryggleikspris i Florø nyleg. Den einaste fråversskaden MTI har hatt på mange år, var ein person som klemde ein finger i ei dør.
? Det er viktig for oss å vera sterke på HMS, då me leverer industriell tryggleik til kundane, fortel Bjarte Fosse, som er leiar for MTI si satsing i Midt-Austen.
Han fortel at HMS ikkje alltid er det lettaste produktet å selja. Særleg når selskapa har litt motbakke, er det lett for at dette kan verta ein salderingspost. Men han meiner at den haldninga er endra hjå mange.
MTI har utvikla eit eige datasystem der kundane kan følgja med på status for utstyret, til dømes når det sist vart testa og når det skal testast på nytt. Dette systemet har vorte populært, og vert også brukt av nokre av dei store kundane til selskapet. I denne bransjen var MTI først ute med eit slikt system.
? Det er ekstra kjekt at dette er noko som er utvikla internt, seier Namtvedt.
Eit bra år
Økonomisk var 2006 eit bra år for MTI. Dei hadde rundt 34 millionar kroner i omsetnad i Noreg, og fekk eit driftsresultat på rundt 1,8 millionar. Dette er dei nøgde med, særleg sidan dei brukte så mykje pengar på opplæring i 2006. I 2005 mista dei ei stor kontrakt, og omsetnaden fall til 23 millionar.
? Eg er glad for at me har drive vidare utan å seia opp folk i vanskelege tider. Det har skjedd ein til to gongar før at me har mista store kontraktar, men kvar gong har me opplevd stor vekst like etterpå, fortel Namtvedt.
Han trur dette har å gjera med at dei tilsette samlar kreftene og går på. Berre ein er uthaldande nok og har tru på det ein driv med, så ordnar det seg til slutt, er filosofien
Vanskeleg start
I dag er det 31 tilsette i MTI i Noreg. I tillegg kjem 21 tilsette i Midt-Austen, blant desse seks nordmenn. Dei har brukt to år på å byggja opp aktiviteten i Midt-Austen. Det vart ein vanskeleg start, fortel Bjarte Fosse. I fjor var det lang sørgjetid over ein offentleg person i Dubai. Deretter kom trykkinga av Muhammed-teikningane, som gjorde at svært få kundar i Midt-Austen ville ha noko med eit norsk selskap å gjera. Dermed var marknaden heilt daud for MTI Middle-East i fem månader i fjor. Men dette er no eit avslutta kapittel. Verksemda i Midt-Austen er aukande og dei har bygt opp ein kundemasse der. Snart får dei også på plass ein fullskala kransimulator i Dubai, i samarbeid med Ship Manoeuvring Simulator Centre AS (SMS) i Trondheim. Det betyr at dei kan tilby folk full opplæring på alle typar kranar i denne simulatoren, og sertifisera kranførarar. Dette vert den første simulatoren av denne typen i Midt-Austen, og det finst og svært få slike simulatorar i drift i Noreg.
Ekstern kompetanse
MTI har og lagt vekt på å ta inn eksterne personar i styret. Dette for å få med ny kompetanse og folk som ser på selskapet og strategiane på ein ny måte. Namtvedt ser på dette som viktig i eit selskap han eig såpass mykje i. Det skal ikkje vera hans personlege interesser som skal bestemma korleis selskapet skal utvikla seg vidare, men det som er fornuftig for framtida for selskapet. No har dei med seg Arve Andersson som styreleiar i MTI Middle-East. Han har erfaring mellom anna frå den internasjonale aktiviteten til Ugland-systemet. Dei har og med seg eksterne i MTI-styret.
Namtvedt ser elles for seg at selskapet kjem til å utvikla seg vidare både i Noreg og i utlandet.
? Me har hatt ein fin vekstkurve heilt sidan me starta opp. Den veksten satsar me på skal halda fram, seier Namtvedt.
Tryggare med ny omsorgsteknologi
SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.
Trur Grieg ville likt seg
RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.
Mobilbruk lagar misnøye
På Matre vil rektor skjerpa inn reglane for mobilbruk, noko som har skapt reaksjonar. Praksis rundt om på skulane er ulik.
Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene
Cecilie Leganger har vunne det meste som handballkeeper. Fredag dekka ho målet for Hordabø sine fotballdamer.
Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet
MASTREVIK: Tett oppunder 250 sette meir enn gjerne namnet sitt på Austrheim venstre si liste for kvikksølvheving i helga.
Siste kortnytt
- Innbrot i båt [22.05.12 10:03]
- Bil i bil, men ingen skadde [22.05.12 10:03]
- Ferska tjuvane [22.05.12 10:01]
- Gummibåt i feil naust [18.05.12 11:03]
- Trafikkuhell ved Matre [18.05.12 11:02]
- Med promille i Salhusfjorden [18.05.12 10:40]
- Kjedekollisjon på Hagelsundbrua [18.05.12 10:41]
- Pågreip rusa bråkmarkar [16.05.12 09:14]
- Vil ha vekk etterlaten bil [16.05.12 09:13]
- Siste sjanse i Stordalen [16.05.12 08:20]
- Mista førarkortet III [12.05.12 14:24]
- Mista førarkortet II [12.05.12 14:19]
- Mista førarkortet I [12.05.12 14:26]
- Hyttebrann på Eikanger [11.05.12 17:00]
- Sp godtek ikkje tildekking av U864 [11.05.12 13:50]
- Kjørte i 146 i 80-sona [07.05.12 10:57]
- Biltjuven angra og melde seg [05.05.12 16:42]
- Braut seg inn på Essoen [04.05.12 14:46]
- Hadde 94 i 60-sona [04.05.12 14:46]
- Mista lappen av trippelsmellen [04.05.12 14:44]
Mest lest
- Ommøblerte på riksvegen [13.05.12 11:17]
- Ran på YX-en på Manger [23.04.12 22:14]
- Bilførar skadd etter utforkjøring på Holme [23.04.12 10:42]
- Må flytta frå Fedje [10.05.12 09:58]
- Ny vår i Fagerbakken [30.04.12 09:53]
- Hipp hipp hipp hurra! [17.05.12 12:17]
- «Halve» bygda stiller som nattevandrarar [16.05.12 16:04]
- Hamstra brød i Knarvik [15.05.12 13:50]
- Trippelsmell ved Hundvin handel [02.05.12 16:29]
- Lindås-Bør bør opplevast [18.05.12 12:48]
- – Kvikksølvet kjem opp! [13.05.12 21:53]
- Bøndene aksjonerer [14.05.12 09:58]
- – Lurte på om eg høyrde rett [26.04.12 10:17]
- No vert det kyrkje i Knarvik! [26.04.12 16:31]
- Vil du vera reiseleiar i sommar? [14.05.12 16:37]
- Sikrar seg jobb for framtida [30.04.12 13:50]
- Historisk kross knakk i to [29.04.12 09:56]
- Gav alt på Tinestafetten [10.05.12 16:11]
- Fyrte i gang Eikåstunnelen [10.05.12 13:19]
- Stoltenberg opna TCM [07.05.12 15:13]
Mest tipset
- Starta nynorsk på Facebook [05.09.08 18:04]
- Bil og båt totalskadde i brann [14.01.08 15:18]
- Milano, New York, Frekhaug [13.01.08 01:23]
- Trillingmor in spe tolmodig ventande [28.11.07 18:51]
- «Alt hva fruen ønsker» [17.02.11 12:45]
- Fann sex-leikeplass i skogen sin [15.11.07 13:52]
- «Vesle-jenta» funnen uskadd [22.07.08 17:51]
- Stormflo fleire stader [25.01.08 18:06]
- Kvinne skadd i utforkøyring [18.09.08 12:37]
- Jonnaen-stipend til Ingrid Ryland [09.06.08 19:01]




