Innbrot i båt

GAULEN: Nokon har brote seg inn i ein 35-fots båt i Gaulen. Båten låg fortøydd i Fjellangsvågen i nærleiken av Vågseidet.

[22.05.12 10:03]

Bil i bil, men ingen skadde

ISDALSTØ: Ein personbil kjørte inn i sida på ein annan 100 meter nord for rundkjøringa i Isdalstø måndag morgon.

[22.05.12 10:03]

Ferska tjuvane

KNARVIK: Fredag ettermiddag i 17-tida fekk politiet melding om at personar i ein utanlandskregistrert Volkswagen Caravelle forsøkte å stela ein tilhengar i Knarvik, som var lasta med byggjevarer.

[22.05.12 10:01]
Brukernavn 
Passord 

Intersport til Frekhaug

Del | |
MELAND: Sports-kjeda Intersport etablerer seg i Frekhaug senter til våren, med den største sportsbutikken i regionen.
Publisert 08.11.05 00:00
Endret 20.08.07 10:49

Det er Jan Erik Fossen i Intersport Bergen som opplyser dette.

Han har saman med Thomas Nordal alt fire butikkar i drift i Hordaland; tre i Bergen og ein på Voss. Butikken på Frekhaug vert på 400 kvadratmeter, og vert med det den største sportsbutikken i Nordhordland.

 

Satsar på service

? Det viktigaste er ikkje å vera størst, men å vera så god som mogleg og gje god service overfor kundane, seier Fossen.

Dei har så smått starta arbeidet med å rekruttera tilsette til butikken på Frekhaug. Det vil vera snakk om minst fem arbeidsplassar.

Fossen seier elles at det for dei er svært viktig å halda eit høgt fagleg nivå. Det er og viktig å vera audmjuk i forhold til kundane sine ønskje og behov. Å tilsetja dei rette personane er difor svært viktig. Men samstundes er det eit opplæringsprogram i Intersport-kjeda som dei kan dra nytte av.

? Intersport er verdas største sportskjede med 4.500 butikkar. Det finst difor gode program for opplæring, seier Fossen.

 

Satsingsområde

Han seier elles at dei har vorte godt mottekne på Frekhaug av både huseigarar og andre dei har møtt. Han har og tru på utviklinga i senterområdet.

Sjølv om denne butikken vert ein konkurrent til sportsbutikkane i Knarvik, er målet først og fremst å verta eit godt supplement til desse, seier Fossen.

Butikken skal ha eit breitt utval av sportsutstyr og klede, men skal i første omgang satsa spesielt på løpssko og teknisk bekledning.

Det siste er ytter- og innertøy til sports- og friluftsliv.

Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Tryggare med ny omsorgsteknologi

Tryggare med ny omsorgsteknologi

SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i ­bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.

    Trur Grieg ville likt seg

    Trur Grieg ville likt seg

    RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.

      Mobilbruk lagar misnøye

      Mobilbruk lagar misnøye

      På Matre vil rektor skjerpa inn reglane for mobilbruk, noko som har skapt reaksjonar. Praksis rundt om på skulane er ulik.

        Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

        Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

        Cecilie Leganger har vunne det meste som handballkeeper. Fredag dekka ho målet for Hordabø sine fotballdamer.

          Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet

          Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet

          MASTREVIK: Tett oppunder 250 sette meir enn gjerne namnet sitt på Austrheim venstre si liste for kvikksølvheving i helga.

            – Spesielt å stå på toppen

            – Spesielt å stå på toppen

            Masfjordingen Arvid Lathi nådde toppen på Mount Everest laurdag morgon.

              Siste kortnytt