Isdalstø rasar mot «strandpromenade»
Endret 20.08.07 10:49
Skjelvik er berre ein av mange som protesterer høgtlydt mot to nye framlegg i kommunedelplanen for Knarvik/Alversund: Ein innteikna strandpromenade og det kommunen sine planleggjarar kallar ei «Byggegrense mot sjø».
«Skal gå an»
I framlegget viser kommunen til at berre nokre få stader mellom Gjervik og Alversund er strandsona relativ flat.
Men sjansane for å få etablera ein strandsti langs med sjøen i heile planområdet er vurdert. «Dette skal vera mogeleg med ein del tilrettelegging. Traseen er lagt inn i plankartet», skriv kommunen.
I merknadene har ein grunneigar i Alverstraumen uttrykt «stor sans for forslaget om ei strandline med sti frå Alversundbrua til Gjervik». Dette er noko som raskt burde koma til glede for alle som bur i området, og for dei som treng slike rekreasjonstilbod, heiter det i brevet.
Men Magnar Skjelvik og minst 13 andre i Isdalstø er langt frå glade for framlegget. Dei har protestert via advokat Halfdan Mellbye.
Grunneigarane reagerer særleg negativt på at kommunen føreslår spesielle byggjerestriksjonar på deira eigedommar. Advokat Mellby viser her til formuleringa «byggegrense mot sjø», utan at han vil gje til kjenne ei oppfatning av kva det betyr rettsleg sett. Men han antydar at det kan oppfattast som eit byggjeforbod mot sjøen.
Og Mellbye gjer det klinkande klart at hans 14 klientar ikkje ønskjer ei slik byggjegrense.
Mot strandsti
Den andre innvendinga kjem mot «strandpromenaden» som kommunen ivrar for. Og Magnar Skjelvik var ikkje i stuss på at han måtte protestera då han vart kjend med kommunen sine ønskje.
? På nedsida av huset vårt har me plen og gode frukttre. Eg kan ikkje heilt tru at kommunen vil oreigna for å få til ein offentleg gangsti her. Det vil me ikkje lika! seier Skjelvik etter å ha vist Strilen rundt på den fint opparbeidde tomta på vel to mål.
Advokat Mellbye skriv at «Grunneigaren treng ikkje finna seg i at ålmenta skal få gå mellom frukttrea hans. Eigedommen kan heller ikkje ved ein strandpromenaden sikrast for ålmenta. Det vil vera i strid med privatlivets fred», skriv advokat Mellbye.
Tryggare med ny omsorgsteknologi
SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.
Trur Grieg ville likt seg
RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.
Mobilbruk lagar misnøye
På Matre vil rektor skjerpa inn reglane for mobilbruk, noko som har skapt reaksjonar. Praksis rundt om på skulane er ulik.
Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene
Cecilie Leganger har vunne det meste som handballkeeper. Fredag dekka ho målet for Hordabø sine fotballdamer.
Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet
MASTREVIK: Tett oppunder 250 sette meir enn gjerne namnet sitt på Austrheim venstre si liste for kvikksølvheving i helga.
Siste kortnytt
- Innbrot i båt [22.05.12 10:03]
- Bil i bil, men ingen skadde [22.05.12 10:03]
- Ferska tjuvane [22.05.12 10:01]
- Gummibåt i feil naust [18.05.12 11:03]
- Trafikkuhell ved Matre [18.05.12 11:02]
- Med promille i Salhusfjorden [18.05.12 10:40]
- Kjedekollisjon på Hagelsundbrua [18.05.12 10:41]
- Pågreip rusa bråkmarkar [16.05.12 09:14]
- Vil ha vekk etterlaten bil [16.05.12 09:13]
- Siste sjanse i Stordalen [16.05.12 08:20]
- Mista førarkortet III [12.05.12 14:24]
- Mista førarkortet II [12.05.12 14:19]
- Mista førarkortet I [12.05.12 14:26]
- Hyttebrann på Eikanger [11.05.12 17:00]
- Sp godtek ikkje tildekking av U864 [11.05.12 13:50]
- Kjørte i 146 i 80-sona [07.05.12 10:57]
- Biltjuven angra og melde seg [05.05.12 16:42]
- Braut seg inn på Essoen [04.05.12 14:46]
- Hadde 94 i 60-sona [04.05.12 14:46]
- Mista lappen av trippelsmellen [04.05.12 14:44]
Mest lest
- Ommøblerte på riksvegen [13.05.12 11:17]
- Ran på YX-en på Manger [23.04.12 22:14]
- Bilførar skadd etter utforkjøring på Holme [23.04.12 10:42]
- Må flytta frå Fedje [10.05.12 09:58]
- Ny vår i Fagerbakken [30.04.12 09:53]
- Hipp hipp hipp hurra! [17.05.12 12:17]
- «Halve» bygda stiller som nattevandrarar [16.05.12 16:04]
- Hamstra brød i Knarvik [15.05.12 13:50]
- Trippelsmell ved Hundvin handel [02.05.12 16:29]
- Lindås-Bør bør opplevast [18.05.12 12:48]
- – Kvikksølvet kjem opp! [13.05.12 21:53]
- Bøndene aksjonerer [14.05.12 09:58]
- – Lurte på om eg høyrde rett [26.04.12 10:17]
- No vert det kyrkje i Knarvik! [26.04.12 16:31]
- Vil du vera reiseleiar i sommar? [14.05.12 16:37]
- Sikrar seg jobb for framtida [30.04.12 13:50]
- Historisk kross knakk i to [29.04.12 09:56]
- Gav alt på Tinestafetten [10.05.12 16:11]
- Fyrte i gang Eikåstunnelen [10.05.12 13:19]
- Stoltenberg opna TCM [07.05.12 15:13]
Mest tipset
- Starta nynorsk på Facebook [05.09.08 18:04]
- Bil og båt totalskadde i brann [14.01.08 15:18]
- Milano, New York, Frekhaug [13.01.08 01:23]
- Trillingmor in spe tolmodig ventande [28.11.07 18:51]
- «Alt hva fruen ønsker» [17.02.11 12:45]
- Fann sex-leikeplass i skogen sin [15.11.07 13:52]
- «Vesle-jenta» funnen uskadd [22.07.08 17:51]
- Stormflo fleire stader [25.01.08 18:06]
- Kvinne skadd i utforkøyring [18.09.08 12:37]
- Jonnaen-stipend til Ingrid Ryland [09.06.08 19:01]




