Innbrot i båt

GAULEN: Nokon har brote seg inn i ein 35-fots båt i Gaulen. Båten låg fortøydd i Fjellangsvågen i nærleiken av Vågseidet.

[22.05.12 10:03]

Bil i bil, men ingen skadde

ISDALSTØ: Ein personbil kjørte inn i sida på ein annan 100 meter nord for rundkjøringa i Isdalstø måndag morgon.

[22.05.12 10:03]

Ferska tjuvane

KNARVIK: Fredag ettermiddag i 17-tida fekk politiet melding om at personar i ein utanlandskregistrert Volkswagen Caravelle forsøkte å stela ein tilhengar i Knarvik, som var lasta med byggjevarer.

[22.05.12 10:01]
Brukernavn 
Passord 

Ivrige turgåarar på Radøy

Del | |
RADØY: Å gå tur vert stadig meir populært på Radøy. Flott natur og betre helse lokka dei ivrigaste turgåarane i 2004 til å gå fleire gongar om dagen. Ragnar Floen (til venstre), Magnar Fjeld og Jakob Namtvedt fekk denne veka pokalar for at dei har vore ivrige rundt på turpostane til Radøy friidrettslag.
Publisert 09.12.05 00:00
Endret 20.08.07 10:49

Turglade menneske på Radøy signerte for 9958 turar i 2004. I bøker som er lagd ut på toppane Otertjødna, Grønfjellet og Lometjødna kan ein signera for at ein har nådd toppen. Boka ligg eit år, og den som har signert for flest turar vinn pokal og heider. Onsdag var det tid for å dela ut pokalar til dei tre ivrigaste turgåarane. Tre karar som likar trimmen og naturen fekk i år pokalar med seg heim frå premieutdelinga på Grønfjellet.

364 turar
Grønfjellet er eit populært turmål. Stien som leier oss oppover mot toppen er berre ein av mange. Som maurstiar flettar dei ulike stiane seg saman mot toppen. Fremst i følgjet går Magnar Fjeld. Dette er hans topp, han ser ut til å kjenna løypa som si eiga bukselomme. I 2004 gjekk Magnar Fjeld 364 gonger til Grønfjellet. Stien han nyttar går opp forbi Spiret, over Grønfjellet og Storheimsfjellet, og tilbake langs vegen. Turen tar om lag ein time og eit kvarter kvar gong. Og han går gjerne fleire gongar kvar dag. Det er lite som hindrar han i å gå. No når det er mørkt, tek han berre på seg hovudlykta, så finn han vegen til toppen og boka.
Fjeld innrømmer at det er litt konkurranse inne i biletet.
? Det vert gjerne litt galskap i det. No i 2005 veit eg at det er ei dame som har gått meir enn meg. Eg har sagt til ho at ho skal få vinna i år, seier Fjeld.

Høgtider på Grønfjellet
Men turane til toppen er mykje meir enn konkurranse. Kvar 17. mai syt for eksempel Fjeld for saluttar frå Grønfjellet. Då samlast turglade menneske til frukost, nasjonalsongar og flott utsikt på toppen.
? Eg brukar å gå opp nyttårsaftan også, så sant det er ver. Då får eg med meg heile feiringa herifrå, seier Fjeld.

Tapte for kona
På Otertjødna er det også lagt ut bok, og mannen som har signert flest gongar er Ragnar Floen. Han har gått heile 326 turar, og det er ikkje første gongen han har fått pokal for turgåinga si. Det er likevel ikkje han som har rekorden på flest turar på eit år.
? Den har kona. Eg sa nemleg eit år at eg skulle gå over 1000 turar når eg vert pensjonist. Då gjekk ho Reidun ut og gjorde det neste år. Ho gjekk 1007 turar! seier ein tydeleg imponert ektemann.
Det året sette Floen personleg rekord med 477 turar.
? Eg kosar meg på tur. Eg er nærast på fornamn med hjorten, eg møter oter, hjort og mår nord i Bø, seier han.

Hjelper på helsa
Jakob Namtvedt arbeidar skift i Nordsjøen og er difor vekke delar av året. Likevel var det han som gjekk flest turar til Lometjødna i 2004.
? Eg vart så overraska! Eg trudde på ingen måte at eg skulle vinna med 146 turar, seier Namtvedt.
Tidlegare år har han nemleg vore oppe i 180 turar utan å vera i nærleiken av å vinna. Vinnarane har vore oppe i over 200 turar.
? Men dersom eg hadde talt alle turane eg går medan eg er i Nord-Noreg, ville eg fått eit betydeleg høgare tal, seier Namtvedt.
Det tar Namtvedt om lag fem kvarter å komma seg til Lometjødna. Turen har nærast vorte ei dagleg rutine.
? Det hjelper godt på helsa, seier Namtvedt.
Leiaren i Radøy friidrettslag, Steinar Haugland, seier seg einig med dei tre om at helsa vert betre av turane.
? Går du tre gongar i veka sprett du frå tue til tue til slutt, seier Haugland.
Og det er stadig fleire som får augo opp for dei tre turløypene. Til no i år har nemleg omlag 11 000 gått turane, jamt fordelt på dei tre toppane.


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Tryggare med ny omsorgsteknologi

Tryggare med ny omsorgsteknologi

SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i ­bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.

    Trur Grieg ville likt seg

    Trur Grieg ville likt seg

    RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.

      Mobilbruk lagar misnøye

      Mobilbruk lagar misnøye

      På Matre vil rektor skjerpa inn reglane for mobilbruk, noko som har skapt reaksjonar. Praksis rundt om på skulane er ulik.

        Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

        Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

        Cecilie Leganger har vunne det meste som handballkeeper. Fredag dekka ho målet for Hordabø sine fotballdamer.

          Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet

          Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet

          MASTREVIK: Tett oppunder 250 sette meir enn gjerne namnet sitt på Austrheim venstre si liste for kvikksølvheving i helga.

            – Spesielt å stå på toppen

            – Spesielt å stå på toppen

            Masfjordingen Arvid Lathi nådde toppen på Mount Everest laurdag morgon.

              Siste kortnytt