Innbrot i båt

GAULEN: Nokon har brote seg inn i ein 35-fots båt i Gaulen. Båten låg fortøydd i Fjellangsvågen i nærleiken av Vågseidet.

[22.05.12 10:03]

Bil i bil, men ingen skadde

ISDALSTØ: Ein personbil kjørte inn i sida på ein annan 100 meter nord for rundkjøringa i Isdalstø måndag morgon.

[22.05.12 10:03]

Ferska tjuvane

KNARVIK: Fredag ettermiddag i 17-tida fekk politiet melding om at personar i ein utanlandskregistrert Volkswagen Caravelle forsøkte å stela ein tilhengar i Knarvik, som var lasta med byggjevarer.

[22.05.12 10:01]
Brukernavn 
Passord 

Jaktar pengar til ei rundkøyring

Del | |
LINDÅS: Vegvesenet går truleg med på rundkøyring ved Fossbygget som eit første steg av ny trafikkløysing i Knarvik. Det kan utløysa næringsbygg for fleire hundre millionar kroner.
Publisert 09.04.07 00:00
Endret 20.08.07 10:49
? Etter eit nyleg møte ser det ut for at vegvesenet er med på å dela ei vegutbygging i Knarvik opp i to steg. Det kan opna for at det i første runde kjem ei rundkøyring ved Fossbygget, opplyser plansjef Lars Johan Haukås.
Samstundes viser han til at ei snarleg rundkøyring er avhengig av det lokale næringslivet.
? Fleire planar kan verta stoppa utan at næringslivet i Knarvik er villig til å yta noko. Midlane må koma anten som direkte tilskot eller lån som ei forskottering, seier Haukås.
Han legg til at han på møtet, som var 27. mars, fekk inntrykk av at det no er ein slik vilje.

? Vil fordela trafikk
Eit anlegg som mangel på rundkøyring stoppar, er Knarvik Senter sine planar om eit større parkeringshus for opp mot 1000 bilar. Bygget er planlagt mot Nordhordland vidaregåande, der det i dag er p-plass.
Her er det aktuelt å gå ned i terrenget og få inn nye butikklokale på bakkeplan.
? Ei rundkøyring ved senteret er framleis aktuelt. Men ei første rundkøyring nedom «yrkesskulen» vil fordela den store trafikken i Knarvik på ein langt betre måte enn i dag. Frå administrasjonen i Lindås si side er me også med på å ta ei slik rundkøyring først, seier Haukås.

? Lammar Knarvik
? Utan ei løysing av trafikkproblema i Knarvik, vert ei vidare næringssatsing lamma, seier Olav Kåre Vatnøy og Oddvar Rune Villanger. Dei snakkar både for Knarvik Senter og Knarvik Senterutvikling A/S. Sistnemnde selskap vart stifta i fjor av dei fleste grunneigarane i Knarvik senter.
Dei to meiner ei første rundkøyring vil avhjelpa den trafikkkorken som periodevis er i Knarvik. Inntil rundkøyringa kjem, er dei innforstått med at kommunen og vegvesenet vil stoppa fleire planar om nye bygg og utvidingar i Knarvik.
? Av og til kan folk brukar lengre tid på å køyra nokre hundre meter enn å køyra til og frå Åsane Senter, seier Vatnøy.
Han håpar at ei rundkøyring i første omgang ikkje vil forseinka den ved senteret/Skysstasjonen, som også ligg inne i den gjeldande reguleringsplanen. Den planen er no fire år gammal, utan at noko har skjedd så langt.   
I det nylege møtet med vegvesenet og kommunen møtte både utsendingar frå Knarvik Senter og Knarvik Næringsforening (butikkane på sørsida av riksvegen).


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Tryggare med ny omsorgsteknologi

Tryggare med ny omsorgsteknologi

SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i ­bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.

    Trur Grieg ville likt seg

    Trur Grieg ville likt seg

    RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.

      Mobilbruk lagar misnøye

      Mobilbruk lagar misnøye

      På Matre vil rektor skjerpa inn reglane for mobilbruk, noko som har skapt reaksjonar. Praksis rundt om på skulane er ulik.

        Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

        Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

        Cecilie Leganger har vunne det meste som handballkeeper. Fredag dekka ho målet for Hordabø sine fotballdamer.

          Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet

          Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet

          MASTREVIK: Tett oppunder 250 sette meir enn gjerne namnet sitt på Austrheim venstre si liste for kvikksølvheving i helga.

            – Spesielt å stå på toppen

            – Spesielt å stå på toppen

            Masfjordingen Arvid Lathi nådde toppen på Mount Everest laurdag morgon.

              Siste kortnytt