Innbrot i båt

GAULEN: Nokon har brote seg inn i ein 35-fots båt i Gaulen. Båten låg fortøydd i Fjellangsvågen i nærleiken av Vågseidet.

[22.05.12 10:03]

Bil i bil, men ingen skadde

ISDALSTØ: Ein personbil kjørte inn i sida på ein annan 100 meter nord for rundkjøringa i Isdalstø måndag morgon.

[22.05.12 10:03]

Ferska tjuvane

KNARVIK: Fredag ettermiddag i 17-tida fekk politiet melding om at personar i ein utanlandskregistrert Volkswagen Caravelle forsøkte å stela ein tilhengar i Knarvik, som var lasta med byggjevarer.

[22.05.12 10:01]
Brukernavn 
Passord 

Jentejubel på Ekebergsletta

Del | |
Både Radøy/Manger (biletet) og Masfjord sine jenter er blant laga som så langt kan jubla i Norway Cup. Begge vann sine opningskampar.
Publisert 30.07.07 00:00
Endret 20.08.07 10:49
OSLO (Ekeberg):     I fjor kom Radøy/Manger sine jenter til 32-delsfinalen under Norway Cup. Dei har ikkje vore like gode i den heimlege serien i år, men då verdas største fotballturnering starta på Ekeberg i helga, vakna dei til live då dei slo Engerdal 2-1. Masfjorden i same klasse vann 3-1 mot Krokelvdalen frå Tromsø.
? Vi har definitivt ikkje vore like bra i år som i fjor. Håpet er at vi kan tenna til litt denne veka, seier Radøy/Manger trenar Truls Berntsen.
Iremlin Lundøy og Tonje Berntsen scora måla som sikra sigeren mot laget frå Gjermund Eggen si heimbygd.  
I fjor vann Radøy/Manger-jentene alt heime då dei spela i 2. divisjon. Denne sesongen har laget spela i 1. divisjon.
? Det er eit langt høgare nivå, og det har blitt mange tap. Dette har nok jentene tatt med seg vidare både på kamp og trening. Håpet er at innstillnga og tonen i laget kan snu seg no, seier trenaren.
? Det å vinna den første kampen i ei turnering er alltid viktig. Då føler vi at vi er med, sa dei to målscorarane.
I fjor gjorde Radøy/Manger-jentene det langt betre enn forventa.
? Det håpar vi å gjenta. Vi trivest her på Ekeberg, understrekar jentene. Dei to målscorarane var klart blant lagets beste.
Radøy har og Skade og Sterling i pulja.
? No er vi godt i gang, og ingen skal få noko gratis hos oss, avsluttar dei.

Avslutta sterkt

Masfjord sitt jentelag (Over)

Malin Rødberg Daa med to mål og Nina Hope Daa sikra Masfjorden ein fullt fortent siger mot Hellvik frå Rogaland. Etter 1-1 ved pause var Masfjorden klart best etter sidebyte.
Surnadal og Vestby er dei neste motstandarane, og Masfjorden er nesten sikra plass i eit av sluttspela uansett.
? Men vi vil til a-sluttspelet, seier dei kor. Då må laget bli blant de to beste. Lag tre i pulja endar i trøsteturneringa, medan lag nummer fire og sist i gruppa er ferdig på Ekeberg i dag.
Masfjorden sitt gutelag tapte 7-1 for Krokelvdalen,
Kvernbitlaga hadde ikkje same suksess opningsdagen. Juniorlaget tapa 1-0 mot Santa Gruenze, medan gutelaget tapte heile 9-1 for Alunorte Rainforest frå Brasil.
Jenter 14 redda litt av æra då dei slo Solid 4-0.


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Tryggare med ny omsorgsteknologi

Tryggare med ny omsorgsteknologi

SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i ­bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.

    Trur Grieg ville likt seg

    Trur Grieg ville likt seg

    RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.

      Mobilbruk lagar misnøye

      Mobilbruk lagar misnøye

      På Matre vil rektor skjerpa inn reglane for mobilbruk, noko som har skapt reaksjonar. Praksis rundt om på skulane er ulik.

        Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

        Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

        Cecilie Leganger har vunne det meste som handballkeeper. Fredag dekka ho målet for Hordabø sine fotballdamer.

          Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet

          Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet

          MASTREVIK: Tett oppunder 250 sette meir enn gjerne namnet sitt på Austrheim venstre si liste for kvikksølvheving i helga.

            – Spesielt å stå på toppen

            – Spesielt å stå på toppen

            Masfjordingen Arvid Lathi nådde toppen på Mount Everest laurdag morgon.

              Siste kortnytt