Innbrot i båt

GAULEN: Nokon har brote seg inn i ein 35-fots båt i Gaulen. Båten låg fortøydd i Fjellangsvågen i nærleiken av Vågseidet.

[22.05.12 10:03]

Bil i bil, men ingen skadde

ISDALSTØ: Ein personbil kjørte inn i sida på ein annan 100 meter nord for rundkjøringa i Isdalstø måndag morgon.

[22.05.12 10:03]

Ferska tjuvane

KNARVIK: Fredag ettermiddag i 17-tida fekk politiet melding om at personar i ein utanlandskregistrert Volkswagen Caravelle forsøkte å stela ein tilhengar i Knarvik, som var lasta med byggjevarer.

[22.05.12 10:01]
Brukernavn 
Passord 

Jobbar vidare med hall i Sløvåg

Del | |
GULEN: Ein fleirbrukshall med symjebasseng, terapibasseng og vassklier til70-80 millionar kroner i Sløvåg. Det er vyene tilarbeidsgruppa som jobbar med saka.  
Publisert 29.11.05 00:00
Endret 20.08.07 10:49

Det er vel eitt år sidan lag og organisasjonar i Gulen og Masfjorden saman med næringslivet i Sløvåg begynte å planleggja ein fleirbrukshall i Sløvåg. Arbeidsgruppa har no fått arkitekt til å laga ei skisse av fleirbrukshallen, som dei tenkjer seg plassert i Steinsvågen, ved den nye traseen for vegen frå Sløvåg til Fivelsdal.

I hallen ønskjer dei seg 25 meters symjebasseng med stupetårn, terapibasseng, barnebasseng og vassklier.

 

Velvere

Idrettshallen skal ha internasjonale mål for handball med tribune.

Vidare ønskjer dei seg ein velvereavdeling, som kan nyttast til både offentleg og privat rehabilitering.

Modellen for anlegget har dei funne på Kuventræ i Os, og folk frå Os kommune deltok på eit fellesmøte i Sløvåg 22. november.

Ut frå den førebelse skissa har ein stipulert anlegget til ein kostnad på mellom 70 og 80 millionar kroner.

 

Fjernvarme

Arbeidsgruppa ser for seg at energi til oppvarming kan ein få frå det planlagde forbrenningsanlegget til Wergeland-Halsvik AS.

Det er også inngått avtale med konsulentfirmaet Grønstad og Tveito om utarbeiding av reguleringsplan.

 

Spelemidlar

Arbeidsgruppa håpar no at både Gulen og Masfjorden tek anlegget inn i sine planar, slik at ein kan få spelemidlar til anlegget. Anleggsstart ser ein for seg i tidsrommet 2007 til 2009, når den nye vegen er på plass.


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Tryggare med ny omsorgsteknologi

Tryggare med ny omsorgsteknologi

SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i ­bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.

    Trur Grieg ville likt seg

    Trur Grieg ville likt seg

    RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.

      Mobilbruk lagar misnøye

      Mobilbruk lagar misnøye

      På Matre vil rektor skjerpa inn reglane for mobilbruk, noko som har skapt reaksjonar. Praksis rundt om på skulane er ulik.

        Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

        Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

        Cecilie Leganger har vunne det meste som handballkeeper. Fredag dekka ho målet for Hordabø sine fotballdamer.

          Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet

          Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet

          MASTREVIK: Tett oppunder 250 sette meir enn gjerne namnet sitt på Austrheim venstre si liste for kvikksølvheving i helga.

            – Spesielt å stå på toppen

            – Spesielt å stå på toppen

            Masfjordingen Arvid Lathi nådde toppen på Mount Everest laurdag morgon.

              Siste kortnytt