Innbrot i båt

GAULEN: Nokon har brote seg inn i ein 35-fots båt i Gaulen. Båten låg fortøydd i Fjellangsvågen i nærleiken av Vågseidet.

[22.05.12 10:03]

Bil i bil, men ingen skadde

ISDALSTØ: Ein personbil kjørte inn i sida på ein annan 100 meter nord for rundkjøringa i Isdalstø måndag morgon.

[22.05.12 10:03]

Ferska tjuvane

KNARVIK: Fredag ettermiddag i 17-tida fekk politiet melding om at personar i ein utanlandskregistrert Volkswagen Caravelle forsøkte å stela ein tilhengar i Knarvik, som var lasta med byggjevarer.

[22.05.12 10:01]
Brukernavn 
Passord 

Jubilerte med hurtigruta og fekk kongens gull

Del | |
GULEN: Hans Wergeland var sjølv med på å dirigera Hurtigruta til kai i Sløvåg laurdag. Ho tok eit ekstra stopp i samband selskapet sitt jubileum. Og under festen vart han tildelt Kongens gull for innsatsen.
Publisert 20.11.06 00:00
Endret 20.08.07 10:49
Nærare to hundre festkledde jubileumsdeltakarar stod klare for ombordstiging då MS Kong Harald kom seglande inn i Sløvågen. Regnet kom sidelengs medan Hurtigruta prøvde å lirka seg inntil kaien, og Wergeland pusta letta ut då landgangen endeleg kunne festast til skipet.
? Eg var litt stressa ei stund der, for dei vil ikkje leggja til i styggevêr, men det gjekk, smiler Wergeland nøgd.
Hurtigrute-stoppen og turen til Bergen vart naturleg nok eit høgdepunkt under Wergeland-Halsvik AS si 50-årsmakering.

Ser og framover
Frå industrianlegget i Sløvågen gjekk turen med vidare til Bergen og ei høgtideleg markering av jubileumet på Georgernes Verft. Der var det tid for eit tilbakeblikk på dei femti åra som er gått sidan det vart starta betongstein-produksjon i Sløvåg.
? Det har vore mange høgdepunkt gjennom åra, seier Hans Wergeland.
? Han har laga ein biletekavalkade som viser utviklinga dei åra som har gått, fortel kona Irene, men legg til at det ikkje berre vert sett tilbake ved markeringa av femti år med industrivekst.
? Me ser heile tida framover, fortel ho, men smiler lurt på spørsmål om konkrete framtidsplanar.
? Dei inneber mykje forskjellig, men me har alltid fokus på å utvikla industriområdet, seier ho.  Etter markeringa på Georgernes Verft, venta julebord om bord på MS Kong Harald.
 
Vakse seg stort
Wergeland Halsvik-konsernet har vakse seg stort på eit halvt hundreår, og det var også grunnen til at Hurtigruta måtte takast i bruk til feiringa.
? Me er så mange at me fann ikkje stort nok hotell, seier Irene Wergeland. Verksemda Hans Wergeland har bygd opp, har i dag godt over hundre tilsette. I tillegg var tidlegare tilsette, styremedlemar og ordførarane frå Masfjorden og Gulen med for å feira jubileet.

«Ein person full av idear,
pågangsmot og handlekraft»

Bedriftseigar Hans Wergeland, Dalsøyra, er tildelt HM Kongens fortenstmedalje i gull.
Tildelinga fann stad i samband med femtiårsmarkeringa for Wergeland-selskapa i helga. Og hovudpersonen ante ingenting.
? Eg er litt sur på dei som visste om det og som ikkje sa noko, men elles har eg ingen kommentar anna enn at det ikkje har sige inn enno, seier den litt mediaskye gulingen. Det var fylkeslege og assisterande fylkesmann Petter Øgar som stod for utdelinga. I talen sin peika Øgar på at Hans Wergeland er ein person full av idear, pågangsmot og handlekraft.
? Resultatet av dette ser me i konsernnamnet Wergeland ? Halsvik A/S, sa han.
Det heile starta ifølgje Øgar då Hans Wergeland saman med foreldre og søsken skipa Halsvik Cementstøperi, som i starten produserte blokkstein til grunnmurar og siloar i dei gamle husa på garden Steine i Gulen. Frå dette utgangspunktet har han gjennom eit måltretta arbeid bygd opp eit industrikonsern som no omfattar betongvareproduksjon, shipping, spesialavfallshandtering og skipsverft. Verksemdene har i dag til saman om lag 150 tilsette og ein omsetnad på om lag 270 millionar kroner.
? I ein region der trongen for gode initiativ har vore og er stor, har Hans Wergeland betydd svært mykje for utviklinga av næringslivet i Gulen og Masfjorden, og kanskje for eit endå større område, sa Øgar.
Vidare fortalte han om skipinga av Nordhordland Handverk og Industrilag (NHIL) for over 30 år sidan, der Hans Wergeland var ein av dei sentrale personane og der han har vore styremedlem og leiar i mange år. Han har også gjennom åra ytt stor støtte til dei frivillige organisasjonane anten det er kultur, idrett eller ymse hjelpearbeid. Dette har kome til uttrykk gjennom vesentleg økonomisk støtte til slike aktivitetar.



Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Tryggare med ny omsorgsteknologi

Tryggare med ny omsorgsteknologi

SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i ­bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.

    Trur Grieg ville likt seg

    Trur Grieg ville likt seg

    RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.

      Mobilbruk lagar misnøye

      Mobilbruk lagar misnøye

      På Matre vil rektor skjerpa inn reglane for mobilbruk, noko som har skapt reaksjonar. Praksis rundt om på skulane er ulik.

        Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

        Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

        Cecilie Leganger har vunne det meste som handballkeeper. Fredag dekka ho målet for Hordabø sine fotballdamer.

          Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet

          Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet

          MASTREVIK: Tett oppunder 250 sette meir enn gjerne namnet sitt på Austrheim venstre si liste for kvikksølvheving i helga.

            – Spesielt å stå på toppen

            – Spesielt å stå på toppen

            Masfjordingen Arvid Lathi nådde toppen på Mount Everest laurdag morgon.

              Siste kortnytt