Innbrot i båt

GAULEN: Nokon har brote seg inn i ein 35-fots båt i Gaulen. Båten låg fortøydd i Fjellangsvågen i nærleiken av Vågseidet.

[22.05.12 10:03]

Bil i bil, men ingen skadde

ISDALSTØ: Ein personbil kjørte inn i sida på ein annan 100 meter nord for rundkjøringa i Isdalstø måndag morgon.

[22.05.12 10:03]

Ferska tjuvane

KNARVIK: Fredag ettermiddag i 17-tida fekk politiet melding om at personar i ein utanlandskregistrert Volkswagen Caravelle forsøkte å stela ein tilhengar i Knarvik, som var lasta med byggjevarer.

[22.05.12 10:01]
Brukernavn 
Passord 

Jubla for fjerdeplassen

Del | |
Resultata i årets brass-NM er dei svakaste på fleire år for Nordhordland. Dei som jubla mest, var musikantane i Austrheim/ Lindås Musikklag.
Publisert 13.02.07 00:00
Endret 20.08.07 10:49
? Me er kjempenøgde, seier leiar i Austrheim/Lindås Musikklag, Lena Andersen og strålar.
NM for brassband 2007 gjekk av stabelen i Grieghallen i helga, og medan andre lokale korps var skuffa, var ALML storfornøgde med plasseringa si. Korpset gjekk på scena nest sist fredag kveld, og framføringa deira av «Royal Parks» av George Lloyd fall godt i smak hjå dommarane. Ein delt fjerdeplass i tredjedivisjon er ein fin framgang frå fjorårets niandeplass.

Overraska
Dei to lokale elitekorpsa Eikanger-Bjørsvik Musikklag og Manger Musikklag har fleire gonger trona øvst på resultatlistene i noregsmeisterskapane, men Stavanger Brass Band vann også i år, og forsvarte med det fjorårets siger. Både EMBL og MML spelte for fullsett sal, og dei fekk strålande kritikkar frå publikum etter sine framføringar.
Manger Musikklag enda på ein sjetteplass, noko som kom som ei stor overrasking på medlemene, som i fjor fekk ein fin andreplass.
? Eg er overraska, og gler meg til å sjå dommarkommentarane. Nett no er plasseringa ganske uforståeleg, seier Camilla S. Tveit i MML like etter premieutdelinga.
Dommarane trekte spesielt poeng for MML si tolking av pliktnummeret. Dirigenten deira var i år som i fjor dr. Robert Childs, medan bror hans Nicholas John Childs leia EBML fram mot noregsmeisterskapen. EBML spelte seg til ein tredjeplass. Det er same plassering som dei fekk i fjor. Pliktnummeret scora korpset godt med poeng på, medan sjølvvalde «Eden» ikkje fall like godt i smak hjå dommarane.

Midt på treet
Oster Brass og Radøy Brass deltok begge i førstedivisjon. Radøy tok ein sjetteplass, eitt poeng framføre Oster. Begge korpsa klatra to plassar frå fjorårets plassering.


Her er alle resultata frå årets brass-NM:

Elitedivisjon:
(pliktnummer+sjølvvald) gjennomsnitt
1    Stavanger Brass Band - (95+97) 96
2    Krohnengen Brass Band - (91+95) 93
3    Eikanger-Bjørsvik Musikklag - (94+90) 92
4    Tomra Brass Band - (90+94) 92
5    Oslofjord Brass - (88+93) 90,5
6    Manger Musikklag - (89+91) 90
7    Molde Brass Band - (87+89) 88
8    Tertnes Brass Bjørn - (92+83) 87,5
9    Ila Brass Band - (85+88) 86,5
10    Sandefjord Brass Symposium - (86+86) 86

1. divisjon
1    Jaren Hornmusikkforening - 95
2    Oslo Brass Band - 94
3    Kleppe Musikklag - 92
4    Askøy Brass Band - 90
4    Laksevåg Musikkforening - 90
6    Radøy Brass - 89
7    Oster Brass - 88
8    Haukås Musikklag - 87
8    Sørum Musikklag - 87
10    Follesø Musikklag - 84
11    Alexander Brass Band - 82
12    Sola Brass Band - 78

2. divisjon
1    Jølster Musikklag - 95
2    Tertnes Amatørkorps - 93
3    Ørskog Brass - 91
4    Brøttum Brass - 90
5    Hornorkesteret Stavanger - 89
6    Stangaland Brass - 88
7    Vennesla Kristne Brass - 87
8    Gjesdal Brass Band - 86
9    Tysnes Musikklag - 84
10    Sagvåg Musikklag - 83
11    Tromsø Brass - 81
12    Flesland Musikklag - 80
13    Bergen Brass Band - 78

3. divisjon
1 Musikkorpset Gjallarhorn - 95
2 Kopervik Musikkorps - 94
3 Skui Brassband - 92
4 Austrheim/Lindås Musikklag - 91
4 Grenland Brass - 91
6 Rong Brass - 90
7 Borge Brass Band - 89
7 Fræna Musikkorps - 89
9 Hasle Brass - 88
10 Gjøvik Bybrass - 87
10 Trondheim Politis Brassband - 87
12 IMI Brass - 86
13 Nes Musikkforening - 85
14 Frei Hornmusikk - 84
15 Rosendal Musikklag - 83

4. divisjon
1 Langhus Brass - 93
2 Kjølsdalen Musikklag - 92
3 Lismarka/Mesnali Brass - 91
4 Brumund Nordaasen Musikkforening - 90
5 Kaland/Lysefjorden Musikklag - 89
6 Flå Musikkorps - 88
6 Rudsbygd Brass - 88
8 Fagernes Musikkorps - 87
8 Hordvik Musikklag - 87
10 Skeie Gladbrass - 86
11 Stavanger Kommunes Korps - 85
12 Lalm Musikkforening - 84
13 Hetlevik Musikklag - 83

Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Tryggare med ny omsorgsteknologi

Tryggare med ny omsorgsteknologi

SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i ­bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.

    Trur Grieg ville likt seg

    Trur Grieg ville likt seg

    RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.

      Mobilbruk lagar misnøye

      Mobilbruk lagar misnøye

      På Matre vil rektor skjerpa inn reglane for mobilbruk, noko som har skapt reaksjonar. Praksis rundt om på skulane er ulik.

        Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

        Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

        Cecilie Leganger har vunne det meste som handballkeeper. Fredag dekka ho målet for Hordabø sine fotballdamer.

          Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet

          Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet

          MASTREVIK: Tett oppunder 250 sette meir enn gjerne namnet sitt på Austrheim venstre si liste for kvikksølvheving i helga.

            – Spesielt å stå på toppen

            – Spesielt å stå på toppen

            Masfjordingen Arvid Lathi nådde toppen på Mount Everest laurdag morgon.

              Siste kortnytt