Innbrot i båt

GAULEN: Nokon har brote seg inn i ein 35-fots båt i Gaulen. Båten låg fortøydd i Fjellangsvågen i nærleiken av Vågseidet.

[22.05.12 10:03]

Bil i bil, men ingen skadde

ISDALSTØ: Ein personbil kjørte inn i sida på ein annan 100 meter nord for rundkjøringa i Isdalstø måndag morgon.

[22.05.12 10:03]

Ferska tjuvane

KNARVIK: Fredag ettermiddag i 17-tida fekk politiet melding om at personar i ein utanlandskregistrert Volkswagen Caravelle forsøkte å stela ein tilhengar i Knarvik, som var lasta med byggjevarer.

[22.05.12 10:01]
Brukernavn 
Passord 
Jubla for ny ballbinge

Jubla for ny ballbinge

Del | |

Årås skule har fått ny ballbinge. Måndag var det snorklypping og sklitaklingar i surt snøvêr.

Publisert 05.12.11 18:15
Endret 05.12.11 18:25

– Me speler fotball heile tida, seier Sindre Alvestad Sætre (9). Han synest det er supert at skulen har fått ein ballbinge, der han og kameratane kan slå seg laus med mange typar ballspel.

– Til no har me berre spelt ballspel i bingen, men me kjem nok til å prøva andre ting også. Basket for eksempel. Eg har baskeballkorg heime, seier Sindre, og får støtte frå Sondre Rebnor, Tobias Hordvik Hope, Sveinung Karlsen og Tore-Andre Hordar Hansen.

Høgtideleg opna
Sjølv om vinden og snøen piska surt, stilte heile skulen ute i den nye ballbingen då ordførar Per Lerøy kom på besøk. I det eine fotballmålet var det trekt opp ei fin raud snor, og ordføraren tok oppgåva høgtideleg. Både han og elevrådsrepresentantane Åsmund Austrheim og Henriette Kaarstad heldt tale og fekk stor applaus frå tilhøyrarane.

– For 20 år sidan var det dårlege forhold for elevar som ville spela fotball på skulen. Fotballbana var faktisk asfaltert og det var ikkje noko særleg. Ungdom som veks opp i Austrheim i dag har heilt andre forhold, sa ordføraren i talen sin, og elevrådsrepresentantane kunne avsløra at ballbingen alt er tatt i bruk.

– Bingen er svært populær. Både i skuletida og etter skuletid og når lysa kjem på plass vert den nok brukt endå meir.

Dei yngste mest ivrige
Då snora var klypt vart det feiring med peparkaker og varm saft. Ein del elevar hadde også lyst til å vera igjen ute for å bruka den nye ballbingen. Ein god gjeng med elevar frå 1-4. klasse samla seg for å spela, og etterkvart som snøen la seg på kunstgraset vart det ypparlege forhold for sklitaklingar.

Ballbingen ved Årås skule har ein prislapp på 810.000 kroner. Det er foreldreutvalet ved skulen som har tatt initiativet til å få på plass bingen og pengane til å reisa den har dei fått gjennom Trond Mohn og Hordaland fotballkrets.

Foreldre tok dugnadsjobben
– Mesteparten av arbeidet er gjort på dugnad, og det er ein fin gjeng med foreldre som har stått på for å få bingen klar. Nokre elevar har også vore med å hjelpt til, seier Svein-Arne Langøy i foreldreutvalet.

Han kan fortelja at ballbingen er så stor at den kan brukast til dei fleste typar ballspel. Den har mål som kan brukast både til fotball og handball, basketballkorger og mål som kan nyttast til landhockey.

– Me fekk til og med utstyr til baseball med bingen, altså balltre og slikt, seier Langøy, som håpar born og unge i Austrheim vil få stor glede av bingen, og behandlar han fint.


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Tryggare med ny omsorgsteknologi

Tryggare med ny omsorgsteknologi

SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i ­bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.

    Trur Grieg ville likt seg

    Trur Grieg ville likt seg

    RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.

      Mobilbruk lagar misnøye

      Mobilbruk lagar misnøye

      På Matre vil rektor skjerpa inn reglane for mobilbruk, noko som har skapt reaksjonar. Praksis rundt om på skulane er ulik.

        Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

        Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

        Cecilie Leganger har vunne det meste som handballkeeper. Fredag dekka ho målet for Hordabø sine fotballdamer.

          Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet

          Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet

          MASTREVIK: Tett oppunder 250 sette meir enn gjerne namnet sitt på Austrheim venstre si liste for kvikksølvheving i helga.

            – Spesielt å stå på toppen

            – Spesielt å stå på toppen

            Masfjordingen Arvid Lathi nådde toppen på Mount Everest laurdag morgon.

              Siste kortnytt