Innbrot i båt

GAULEN: Nokon har brote seg inn i ein 35-fots båt i Gaulen. Båten låg fortøydd i Fjellangsvågen i nærleiken av Vågseidet.

[22.05.12 10:03]

Bil i bil, men ingen skadde

ISDALSTØ: Ein personbil kjørte inn i sida på ein annan 100 meter nord for rundkjøringa i Isdalstø måndag morgon.

[22.05.12 10:03]

Ferska tjuvane

KNARVIK: Fredag ettermiddag i 17-tida fekk politiet melding om at personar i ein utanlandskregistrert Volkswagen Caravelle forsøkte å stela ein tilhengar i Knarvik, som var lasta med byggjevarer.

[22.05.12 10:01]
Brukernavn 
Passord 

Jublar for å gå til Knarvik

Del | |
LINDÅS: Dei aller fleste 7. klassingar og foreldre på Leiknes jublar. Å senda dei til Ostereidet på ungdomsskule, er ulovleg, har Fylkesmannen avgjort.
Publisert 17.01.07 00:00
Endret 20.08.07 10:49
? Jippi!
Det er den korte oppsummeringa når Strilen tysdag møter kring 10 av 16 sjuandeklassingar ved Leiknes skule. Etter kommunestyret sitt vedtak har dei tatt til å innstilla seg på å starta ved Ostereidet ungdomsskule frå hausten av.
Også fire foreldre som har tid til å stilla på kort varsel, er nøgde med at Fylkesmannen stemplar flyttevedtaket som ulovleg.
Elevane skal etter lova gå på «den skulen som ligg nærmast». Vedtaket fleirtalet i kommunestyret gjorde i oktober i fjor, er kjent ugyldig i eit ferskt brev som foreldra studerer nøye når Strilen deler ut kopiar.

Mange argument
? Me er ikkje i tvil om at alle i klassen er glade dersom me skal til Knarvik og ikkje til Ostereidet, er omkvedet blant ivrige elevar. Blant dei er Fredrik Hansen, men han skal uansett gå i Knarvik av di familien flyttar dit.
Martin Bakkesæter og Kenneth Tredal har ingen flytteplanar, og dei er ikkje i tvil:
? Me vert veldig glade for å koma til Knarvik. Det same seier jentene som har møtt opp, blant anna Irene Fyllingen og Karoline Sandvik.
? Eg har ei storesøster som går i Knarvik og vil at ho skal hjelpa meg med leksene! seier Irene. Fotballspeling i Knarvik er også blant argumenta frå jentene.
? Og så er det veldig lang reisetid for mange til Ostereidet når bussen skal gå gamlevegen. Opp til ein time. Til Knarvik tek det berre ti minuttar, toppen femten, påpeikar fleire elevar.

Gledeleg
? Dette var ei gledeleg melding. Det er faktisk ein god del av 7. klassingane som har kvidd seg til at dei skal til Ostereidet, seier Ragnhild Tredal.  Ho er positiv til meldinga om ulovleg vedtak i kommunestyret. Samstundes påpeikar ho at foreldra er litt delte.
Sjølv var ho blant dei som kryssa av for Ostereidet ved ei fersk kartlegging, ut frå blant anna argumentasjon om at det vert betre plass ved skulen der.
? Hjå oss er det ikkje tvil om at me vil ha ungane våre til Knarvik, seier foreldra Marianne Mo, Yvonne Juvik og Geir Magne Sætre. Dei viser til at Leiknes-elevane i mange år har gått til Knarvik ungdomsskule. Difor har dei også knytt kontaktar den vegen.

Jublar ikkje
? Brevet frå Fylkesmannen er gledeleg, men eg vel å ikkje jubla for tidleg, seier Ragnhild Tredal.
Ho og dei andre foreldra seier at dei føler seg litt beklemte, og som kasteballar.
Tredal viser til at det er knapt tre år sidan tidlegare skulesjef antyda at Leiknes skule kunne verta nedlagt.
? Kort tid etter er det skåling for at kommunen vil byggja ny skule. Så vil kommunestyret flytta dei eldste elevane til Ostereidet på ungdomsskule. Nyleg var me på møte i Knarvik omkring rektorbråket. Kommunen har lenge halde oss i ein usikker situasjon, seier Tredal.

Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Tryggare med ny omsorgsteknologi

Tryggare med ny omsorgsteknologi

SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i ­bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.

    Trur Grieg ville likt seg

    Trur Grieg ville likt seg

    RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.

      Mobilbruk lagar misnøye

      Mobilbruk lagar misnøye

      På Matre vil rektor skjerpa inn reglane for mobilbruk, noko som har skapt reaksjonar. Praksis rundt om på skulane er ulik.

        Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

        Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

        Cecilie Leganger har vunne det meste som handballkeeper. Fredag dekka ho målet for Hordabø sine fotballdamer.

          Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet

          Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet

          MASTREVIK: Tett oppunder 250 sette meir enn gjerne namnet sitt på Austrheim venstre si liste for kvikksølvheving i helga.

            – Spesielt å stå på toppen

            – Spesielt å stå på toppen

            Masfjordingen Arvid Lathi nådde toppen på Mount Everest laurdag morgon.

              Siste kortnytt