Innbrot i båt

GAULEN: Nokon har brote seg inn i ein 35-fots båt i Gaulen. Båten låg fortøydd i Fjellangsvågen i nærleiken av Vågseidet.

[22.05.12 10:03]

Bil i bil, men ingen skadde

ISDALSTØ: Ein personbil kjørte inn i sida på ein annan 100 meter nord for rundkjøringa i Isdalstø måndag morgon.

[22.05.12 10:03]

Ferska tjuvane

KNARVIK: Fredag ettermiddag i 17-tida fekk politiet melding om at personar i ein utanlandskregistrert Volkswagen Caravelle forsøkte å stela ein tilhengar i Knarvik, som var lasta med byggjevarer.

[22.05.12 10:01]
Brukernavn 
Passord 

Jublar for ny og større skule

Del | |
LINDÅS:  Her ligg det an til ny skule til 92 millionar kroner! Rektor, lærarar og elevar ved Knarvik vidaregåande kan drista seg til å jubla. Framme f.v.: Aleksander Flatøy, Eli Johnsen, Madeleine Skjellanger, Kristin Træland og Lennart Wiik. Bak rektor Inge A. Alver (t.v.), Liv Tangen Sjøvoll og Berge Toppe.  
Publisert 02.02.06 00:00
Endret 20.08.07 10:49

? Omtrent her kjem nybygget, forklarer rektor Inge A. Alver. Litt av plenane ved avdelinga på Juvikstølen vil ryka med.
Men det heftar ikkje når fylkesrådmannen kjem med positiv tilråding for å dobla utbygginga.
Dei elevane rektor har med seg, vil truleg berre få oppleva byggjestart. Skal dei få undervisning i nybygget, må dei stryka. Og det er det neppe nokon som håpar på.
Men dagens elevar nektar ikkje for at det trengst eit nybygg. Lokala skulen i dag kan tilby, er etter kvart nokså nedslitne.
? Og tronge! føyer rektor til. Han hadde eit håp om den positive tilrådinga som no ligg på bordet. Men det er jo typisk at me får vita dette via pressa! kommenterte Alver til Strilen i går.
Rektor håpar på byggjestart i 2007/2008 og innflytting vel eit år seinare.

Auka elevtal
Nybygget er planlagt frå august 2005 av folk frå skulen og fylkeskommunen. Så langt er det berre laga romprogram, ikkje skisser som viser korleis skulen vil ta seg ut i terrenget.
? Det er endringar i Kunnskapsløftet og auka elevtal som gjer at rombehovet er nær dobla, seier rektor Alver. Nye tilbod ved skulen gjer at elevtalet høgst truleg passerer 1000 innan eit par år.
? Tilbygget skal først og fremst erstatta lokala som me leiger i senteret, påpeikar Alver.
Han håpar at det i neste omgang kjem eit byggjesteg to som vil erstatta tidlegare «yrkesskulen». Då trengst det rundt 5000 rutemeter i tillegg, for å få heile  Knarvik vidaregåande under eitt tak.

Ny runde politisk
«Tilbygget ved Knarvik vidaregåande skule vert planlagt med eit areal på 4.200 kvadratmeter og ei kostnadsramme på 92 millionar kroner».
Det er den korte tilrådinga signert fylkesrådmannen. Saka skal opp i opplærings- og helseutvalet 7. februar og i fylkesutvalet 22. eller 23. februar. Går alt greitt, passerer saka fylkestinget i midten av mars.
Det er doblinga i kostnad som gjer at fylkesrådmannen må ha saka opp til ny politisk behandling. Alternativet med 2200 nye rutemeter gjev ikkje plass for det elevtalet fylkestinget sjølv har opna for. Fylkesmannen har og skissert eit alternativ med 3.200 rutemeter til 70 millionar kroner. Men det mest framtidsretta er å dobla dei tidlegare planane, tilrår fylkesrådmann Paul M. Nilsen.


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Tryggare med ny omsorgsteknologi

Tryggare med ny omsorgsteknologi

SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i ­bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.

    Trur Grieg ville likt seg

    Trur Grieg ville likt seg

    RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.

      Mobilbruk lagar misnøye

      Mobilbruk lagar misnøye

      På Matre vil rektor skjerpa inn reglane for mobilbruk, noko som har skapt reaksjonar. Praksis rundt om på skulane er ulik.

        Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

        Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

        Cecilie Leganger har vunne det meste som handballkeeper. Fredag dekka ho målet for Hordabø sine fotballdamer.

          Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet

          Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet

          MASTREVIK: Tett oppunder 250 sette meir enn gjerne namnet sitt på Austrheim venstre si liste for kvikksølvheving i helga.

            – Spesielt å stå på toppen

            – Spesielt å stå på toppen

            Masfjordingen Arvid Lathi nådde toppen på Mount Everest laurdag morgon.

              Siste kortnytt