Julehandel for 277 millionar i Nordhordland og Gulen
Endret 20.08.07 10:49
Dette er tilfelle dersom me handlar i tråd med landsgjennomsnittet.
At pengane får bein å gå på no i desember skal vere kjend for dei fleste.
Og det er ingen grunn til å tru at innbyggjarane i våre åtte kommunar er blant dei som lèt vera å halda betalingsterminalane varme.
Dersom me trur at folk frå Nordhordland har det same gjennomsnittlege handlemønsteret som nordmenn flest, så ryk det 277 millionar kronar ut av lommebøkene vår denne månaden. Det er faktisk 8740 kroner per innbyggjar, og då har me teke med både store og små. For ikkje å skremma deg frå vidare lesing, så skal du då få lov til å rekna ut den totale julekostnaden til husstanden din sjølv - om du har lyst.
Aukar femti prosent
I gjennomsnitt for resten av året brukar kvar av oss 5865 kroner per månad på detaljhandel.
Det betyr at me brukar nesten femti prosent meir pengar på butikkhandel i desember enn me gjer elles i året. Det er tal frå Statistisk Sentralbyrå som viser dette. Byrået har lagt til grunn at handelsveksten, som har vore på 4,6 prosent hittil i år, held fram ut året.
For vår del betyr det at i ein gjennomsnittleg månad elles i året har me eit forbruk på 186 millionar kroner i detaljhandelen.
Auken i desember er altså på 91 millionar kroner - berre her i Nordhordland.
Mykje alkohol
Det er mat og drikke som opptek mest plass i handlevognene våre no i desember. I Noreg vert det brukt svimlande 16 milliardar kroner på mat og drikke i årets siste månad. Det er 3463 kroner per person, og det betyr at 110 millionar kroner vert brukt til å sikra oss velfylte kjøleskap, kakeboksar og fryseboksar berre her i Nordhordland.
For ikkje å gløyma barskapet. Av dei 16 milliardane som vert brukte til mat og drikke i desember her i landet, så vert heile to milliardar kroner lagt igjen på Vinmonopolet. Perspektivet vert lettare å fatta når me reknar om til lokale tal: Innbyggjarane her i Nordhordland forventast nemleg å bruka utrulege 13.787.000 kroner på vin og brennevin i jula. 13,7 millionar kroner. I tillegg kjem øl og rusbrus-salet i daglegvarekjedene.
Mykje gull
Desember månad er bokstavleg tala gull verdt for gullsmed-forretningane. I desember aukar omsetninga nesten tre gonger sett i forhold til resten av året, og nordhordlendingane vil handla smykke, armband og liknande for 4,6 millionar kroner i løpet av julemånaden. Det er 145 kroner per innbyggjar.
Også ei og anna bok må ein rekna med å finna under juletreet her i Nordhordland i jula. Dersom me reknar oss som gjennomsnittlege lesehestar, så går det over seks millionar kroner til bøker, blad og spel.
Like mykje går det til blomster og plantar.
Mjuke pakkar
SSB meiner at klesforretningar åleine vil omsetja for rett under fire milliardar kroner i Noreg i desember. Det er 60 prosent meir enn ein gjennomsnittleg månad elles i året. Også Nordhordland-folket handlar mjuke pakkar til jul. I gjennomsnitt brukar kvar av oss 865 kroner på klede no i desember, noko som betyr ei klesomsetning på heile 27 millionar kroner for oss Nordhordland-bebuarar, utan at det nødvendigvis betyr at handlinga skjer i våre kommunar.
Butikkar som sel fjernsyn, radio og DVD-spelarar doblar omsetninga no i desember, og me brukar denne månaden 23 millionar kroner på slike elektroniske artiklar. Totalt brukar den norske befolkninga over 40 milliardar kroner (inkl. moms) no i desember.
Forventa forbruk i Nordhordland i desember
Utvalde varer, kjelde: SSB
Mat og drikke 109.759.000 kr
Per innbyggjar 3.463 kr
Vin og brennevin 13.787.325 kr
Per innbyggjar 435 kr
Smykkar o.l 4.595.000 kr
Per innbyggjar 145 kr
Bøker 6.085.000 kr
Per innbyggjar 192 kr
Klede 27.416.000 kr
Per innbyggjar 865 kr
TV, elektrisk 22.630.000 kr
Per innbyggjar 714 kr
Totalt 277.014.000 kr
Per innbyggjar 8.740 kr
Forventa forbruk i desember,
per kommune
Lindås 118.322.000 kr
Meland 52.160.000 kr
Radøy 40.632.000 kr
Austrheim 21.902.000 kr
Gulen 21.019.000 kr
Masfjorden 14.421.000 kr
Fedje 5.506.000 kr
Modalen 3.050.000 kr
Tryggare med ny omsorgsteknologi
SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.
Trur Grieg ville likt seg
RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.
Mobilbruk lagar misnøye
På Matre vil rektor skjerpa inn reglane for mobilbruk, noko som har skapt reaksjonar. Praksis rundt om på skulane er ulik.
Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene
Cecilie Leganger har vunne det meste som handballkeeper. Fredag dekka ho målet for Hordabø sine fotballdamer.
Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet
MASTREVIK: Tett oppunder 250 sette meir enn gjerne namnet sitt på Austrheim venstre si liste for kvikksølvheving i helga.
Siste kortnytt
- Innbrot i båt [22.05.12 10:03]
- Bil i bil, men ingen skadde [22.05.12 10:03]
- Ferska tjuvane [22.05.12 10:01]
- Gummibåt i feil naust [18.05.12 11:03]
- Trafikkuhell ved Matre [18.05.12 11:02]
- Med promille i Salhusfjorden [18.05.12 10:40]
- Kjedekollisjon på Hagelsundbrua [18.05.12 10:41]
- Pågreip rusa bråkmarkar [16.05.12 09:14]
- Vil ha vekk etterlaten bil [16.05.12 09:13]
- Siste sjanse i Stordalen [16.05.12 08:20]
- Mista førarkortet III [12.05.12 14:24]
- Mista førarkortet II [12.05.12 14:19]
- Mista førarkortet I [12.05.12 14:26]
- Hyttebrann på Eikanger [11.05.12 17:00]
- Sp godtek ikkje tildekking av U864 [11.05.12 13:50]
- Kjørte i 146 i 80-sona [07.05.12 10:57]
- Biltjuven angra og melde seg [05.05.12 16:42]
- Braut seg inn på Essoen [04.05.12 14:46]
- Hadde 94 i 60-sona [04.05.12 14:46]
- Mista lappen av trippelsmellen [04.05.12 14:44]
Mest lest
- Ommøblerte på riksvegen [13.05.12 11:17]
- Ran på YX-en på Manger [23.04.12 22:14]
- Bilførar skadd etter utforkjøring på Holme [23.04.12 10:42]
- Må flytta frå Fedje [10.05.12 09:58]
- Ny vår i Fagerbakken [30.04.12 09:53]
- Hipp hipp hipp hurra! [17.05.12 12:17]
- «Halve» bygda stiller som nattevandrarar [16.05.12 16:04]
- Hamstra brød i Knarvik [15.05.12 13:50]
- Trippelsmell ved Hundvin handel [02.05.12 16:29]
- Lindås-Bør bør opplevast [18.05.12 12:48]
- – Kvikksølvet kjem opp! [13.05.12 21:53]
- Bøndene aksjonerer [14.05.12 09:58]
- – Lurte på om eg høyrde rett [26.04.12 10:17]
- No vert det kyrkje i Knarvik! [26.04.12 16:31]
- Vil du vera reiseleiar i sommar? [14.05.12 16:37]
- Sikrar seg jobb for framtida [30.04.12 13:50]
- Historisk kross knakk i to [29.04.12 09:56]
- Gav alt på Tinestafetten [10.05.12 16:11]
- Fyrte i gang Eikåstunnelen [10.05.12 13:19]
- Stoltenberg opna TCM [07.05.12 15:13]
Mest tipset
- Starta nynorsk på Facebook [05.09.08 18:04]
- Bil og båt totalskadde i brann [14.01.08 15:18]
- Milano, New York, Frekhaug [13.01.08 01:23]
- Trillingmor in spe tolmodig ventande [28.11.07 18:51]
- «Alt hva fruen ønsker» [17.02.11 12:45]
- Fann sex-leikeplass i skogen sin [15.11.07 13:52]
- «Vesle-jenta» funnen uskadd [22.07.08 17:51]
- Stormflo fleire stader [25.01.08 18:06]
- Kvinne skadd i utforkøyring [18.09.08 12:37]
- Jonnaen-stipend til Ingrid Ryland [09.06.08 19:01]




