Innbrot i båt

GAULEN: Nokon har brote seg inn i ein 35-fots båt i Gaulen. Båten låg fortøydd i Fjellangsvågen i nærleiken av Vågseidet.

[22.05.12 10:03]

Bil i bil, men ingen skadde

ISDALSTØ: Ein personbil kjørte inn i sida på ein annan 100 meter nord for rundkjøringa i Isdalstø måndag morgon.

[22.05.12 10:03]

Ferska tjuvane

KNARVIK: Fredag ettermiddag i 17-tida fekk politiet melding om at personar i ein utanlandskregistrert Volkswagen Caravelle forsøkte å stela ein tilhengar i Knarvik, som var lasta med byggjevarer.

[22.05.12 10:01]
Brukernavn 
Passord 

Kabelferja i sakte fart

Del | |
MASFJORDEN: På grunn av tekniske problem går kabelferja Fjon M mellom Sandnes og Duesundøy i Masfjorden no med redusert fart. Overfartstida er no 32-33 minutt, mot dei vanlege knappe ti minutta.
Publisert 05.07.07 00:00
Endret 20.08.07 10:49
? Det er ein teknisk svikt. No ventar me på delar, og så vil alt vera i orden att i løpet av dagen, seier Egil Kvingedal, HMS-leiar i Wergeland Halsvik og ansvarelg for ferjedrifta over Masfjorden.
Det var onsdag ein fekk problem med motoren, og no er det hjelpemotoren som dreg kabelferja fram og attende.
? Folk har vore tolmodige og greie, og det set reiarlaget pris på, seier Kvingedal.
Wergeland Halsvik bygde kabelferja Fjon M, og har sidan oppstarten også hatt ansvaret for ferjedrifta mellom Sandnes og Duesundøy. Den forlenga overfartstida har gjeve litt forseinkingar for bussane, men elles går det stort sett greitt.
? Det var ein som sa at det gjekk så seint at det ikkje ein gong var mogleg å dorga, seier Kvingedal.

Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Tryggare med ny omsorgsteknologi

Tryggare med ny omsorgsteknologi

SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i ­bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.

    Trur Grieg ville likt seg

    Trur Grieg ville likt seg

    RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.

      Mobilbruk lagar misnøye

      Mobilbruk lagar misnøye

      På Matre vil rektor skjerpa inn reglane for mobilbruk, noko som har skapt reaksjonar. Praksis rundt om på skulane er ulik.

        Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

        Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

        Cecilie Leganger har vunne det meste som handballkeeper. Fredag dekka ho målet for Hordabø sine fotballdamer.

          Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet

          Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet

          MASTREVIK: Tett oppunder 250 sette meir enn gjerne namnet sitt på Austrheim venstre si liste for kvikksølvheving i helga.

            – Spesielt å stå på toppen

            – Spesielt å stå på toppen

            Masfjordingen Arvid Lathi nådde toppen på Mount Everest laurdag morgon.

              Siste kortnytt