Innbrot i båt

GAULEN: Nokon har brote seg inn i ein 35-fots båt i Gaulen. Båten låg fortøydd i Fjellangsvågen i nærleiken av Vågseidet.

[22.05.12 10:03]

Bil i bil, men ingen skadde

ISDALSTØ: Ein personbil kjørte inn i sida på ein annan 100 meter nord for rundkjøringa i Isdalstø måndag morgon.

[22.05.12 10:03]

Ferska tjuvane

KNARVIK: Fredag ettermiddag i 17-tida fekk politiet melding om at personar i ein utanlandskregistrert Volkswagen Caravelle forsøkte å stela ein tilhengar i Knarvik, som var lasta med byggjevarer.

[22.05.12 10:01]
Brukernavn 
Passord 

Kafé lagt ned for sjette gong

Del | |
AUSTRHEIM: Etter halvtanna års drift vart Marianne´s Torgkro lagd ned tysdag. Det er sjette gongen på elleve år at kafédrivarar på Mastrevik Torg må gje opp.
Publisert 02.03.06 00:00
Endret 20.08.07 10:49
? Eg hadde håpa at eg kunne driva kafé her til eg vart gammal, men det er ikkje mogeleg når det er så stille, seier Marianne Nordgulen. Ho starta opp i 2004. I sommarperioden er det gunstig å driva kafé, utflyttarar kjem heim på ferie og turistar vitjar Austrheim. Resten av året er det derimot tynt med gjestar.
? Det er ein del stamgjestar som kjem innom om formiddagen, men det er dessverre ikkje nok til å tena på kafedrifta.
Styremedlem i senterforeninga Solveig Hopen (biletet) synest det er synd at kafeen no vert lagd ned.
? Det er eit viktig trivselsmoment både for oss som jobbar her og for kundane våre. Lokala står klare til å takast i bruk, leiga inneheld alt utstyr så det er berre til å ta i mot nøklane og setja på kaffitraktaren.
? Det er nesten som eg skulle starta opp kafé sjølve, seier Solveig og ler.
Det har vore ein stor nedgang i omsetninga etter at Mastrevik Mek gjekk konkurs i 2005. Dei utgjorde ein viktig del av inntekta. I tillegg har bensinstasjonen på Austrheim rusta stort opp, og kantina på kommunehuset leverer mellom anna snittar. Gjennomsnittleg levealder på kafeane som har vore på senteret er halvtanna år. Dette er den sjette eigaren som må låsa dørene.
? Det er begrensa kor stort nedslagsfelt ein slik kafé kan ha, men lokala er brukelege til alt frå ungdomskafé til konfirmasjonar, seier Hopen.
Ho har blitt kontakta av folk som vil bestilla lunsj til deira tilsette.
? Potensialet til å starta opp att er til stades, men du må ha fantasi nok til at det blir attraktivt også for dei som berre er innom Torghuset, seier Solveig Hopen.
Venninnene Asbjørg Steine Utkilen og Edith Kvale er ikkje på kafé kvar dag. Likevel håpar dei at nokon vil starta opp att snarast.
? Det er alltid koseleg å gå ut og treffa kjente.
? Det må nok litt meir til enn at me drikk kaffi her for at kafeen skal oppretthaldast, men det vert verkeleg eit sakn når dei no legg ned drifta.
Asbjørg og Edith har ein munter tone sjølv om det nærmar seg slutten for Marianne´s Torgkro.
Fredag 10. mars vert det quilte-utstilling i kafélokala i Mastrevik Torg, og då har Synnøve Strand fått løyve til å selja kaffi og vaflar. Ho driv Tekstilstova på torget.
Utstillinga skal innehalda hennar og andre sine quiltearbeid. Quilting er ein lappe-
teknikk som har lange tradisjonar.
? Alle er velkomne, ta med strikketøy og bli med på ei sosial stund, seier Solveig før ho legg til:
? Eg kjem til å svelta no når kafeen er nedlagd! 

Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Tryggare med ny omsorgsteknologi

Tryggare med ny omsorgsteknologi

SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i ­bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.

    Trur Grieg ville likt seg

    Trur Grieg ville likt seg

    RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.

      Mobilbruk lagar misnøye

      Mobilbruk lagar misnøye

      På Matre vil rektor skjerpa inn reglane for mobilbruk, noko som har skapt reaksjonar. Praksis rundt om på skulane er ulik.

        Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

        Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

        Cecilie Leganger har vunne det meste som handballkeeper. Fredag dekka ho målet for Hordabø sine fotballdamer.

          Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet

          Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet

          MASTREVIK: Tett oppunder 250 sette meir enn gjerne namnet sitt på Austrheim venstre si liste for kvikksølvheving i helga.

            – Spesielt å stå på toppen

            – Spesielt å stå på toppen

            Masfjordingen Arvid Lathi nådde toppen på Mount Everest laurdag morgon.

              Siste kortnytt