Innbrot i båt

GAULEN: Nokon har brote seg inn i ein 35-fots båt i Gaulen. Båten låg fortøydd i Fjellangsvågen i nærleiken av Vågseidet.

[22.05.12 10:03]

Bil i bil, men ingen skadde

ISDALSTØ: Ein personbil kjørte inn i sida på ein annan 100 meter nord for rundkjøringa i Isdalstø måndag morgon.

[22.05.12 10:03]

Ferska tjuvane

KNARVIK: Fredag ettermiddag i 17-tida fekk politiet melding om at personar i ein utanlandskregistrert Volkswagen Caravelle forsøkte å stela ein tilhengar i Knarvik, som var lasta med byggjevarer.

[22.05.12 10:01]
Brukernavn 
Passord 

Kakefest for ny barnehage

Del | |
RADØY: I går var det kafefest i Prestmarka barnehage på Manger, i samband med at tilbygget er opna.
Publisert 24.11.05 00:00
Endret 20.08.07 10:49

? Sjokoladekake er best, seier Marte Pletten Jakobsen (5).

Etter at talane var ferdige og gåvene overrekt var det nemleg kake til alle, og det fall i smak hjå både små og store.

? Elles har me kake berre når det er nokon som har bursdag, seier femåringen.

Barnehagen har ikkje berre fått eit tilbygg, den eksisterande delen har også vorte pussa opp litt. Også uteområdet har fått eit løft, og med litt hjelp av mamma kjem Marte på at dei har fått ny disse.

? Det er gøy å dissa, seier Marte, og er ikkje fullt så sjenert meir.

 

Hundre plassar

Prestmarka barnehage vil etter utvidinga verta driven med fire avdelingar, to småbarnsavdelingar og to for for dei litt større. I tillegg er det mogleg å opna ei mindre avdeling med tolv plassar i kjellaren. Totalt har barnehagen då ein kapasitet på hundre born.

Måndag denne veka var seksten born som tidlegare har vore i avdelinga i Urhaugen på plass i Prestmarka. Avdelinga i Urhaugen vert no lagt ned. Komande måndag kjem det nye born inn, og ein ventar også fleire rett over nyttår.

? I dag har me 80 born på dei fire ulike avdelingane, forklarar Rita Amundsen og Ann-Kristin Mangerøy.

Det er dei to som har vore styrarar ved barnehagen under bygginga i år.

 

Rask bygging

Det er Reknes Byggjevarer L/L som har hatt totalentreprisen på utvidinga av Prestmarka barnehage.

Tore Brakstad har vore byggjeleiar, og han fortel at dei starta rett etter påske i år.

? Det har vore rimeleg hektisk, seier Brakstad.

Sidan barnehagen skulle drivast også medan tilbygget kom opp, har begge partar måtta tilpassa seg.

? Me har møttest på halvvegen, seier Brakstad, og legg til at han er godt nøgd med samarbeidet med både barnehagen, kommunen og byggjenemnda.

Reknes vann anbodskonkurransen med sitt bod på 11,2 millionar.

 

Rike gåver

Som seg hør og bør i samband med ei opning var det mange som kom med gåver. Og som ofte elles under gåveutpakking viste det seg at det var dei yngste som kom best ut.

Radøy kommune hadde to store pakkar med leiker til dei minste, medan dei tilsette fekk eit snopespann. Ein stor grøn plante var også på plass som gåve frå kommunen.

Reknes Byggjevarer stilte med kaker og kaffi i høve opninga, men hadde også med ei gåve som vil vara. Masfjorden-verksemda hadde med eit glasfat laga av Nancy Andersen.

Det var Manger husmorlag som stod i spissen då det i oktober 1977 vart opna barnehage på Manger. Med stor dugnadsinnsats kom bygget opp, og er i dag ein del av dagens Prestmarka. I dag heiter laget Manger kvinne- og familielag, og frå laget var Gro Borgund på plass og overrekkte ei steiketakke.

Frå Manger helselag fekk barnehagen klingande mynt, Ingebjørg Kolstad hadde på vegner av laget med seg ein sjekk på heile 35.000 kroner.


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Tryggare med ny omsorgsteknologi

Tryggare med ny omsorgsteknologi

SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i ­bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.

    Trur Grieg ville likt seg

    Trur Grieg ville likt seg

    RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.

      Mobilbruk lagar misnøye

      Mobilbruk lagar misnøye

      På Matre vil rektor skjerpa inn reglane for mobilbruk, noko som har skapt reaksjonar. Praksis rundt om på skulane er ulik.

        Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

        Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

        Cecilie Leganger har vunne det meste som handballkeeper. Fredag dekka ho målet for Hordabø sine fotballdamer.

          Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet

          Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet

          MASTREVIK: Tett oppunder 250 sette meir enn gjerne namnet sitt på Austrheim venstre si liste for kvikksølvheving i helga.

            – Spesielt å stå på toppen

            – Spesielt å stå på toppen

            Masfjordingen Arvid Lathi nådde toppen på Mount Everest laurdag morgon.

              Siste kortnytt