Innbrot i båt

GAULEN: Nokon har brote seg inn i ein 35-fots båt i Gaulen. Båten låg fortøydd i Fjellangsvågen i nærleiken av Vågseidet.

[22.05.12 10:03]

Bil i bil, men ingen skadde

ISDALSTØ: Ein personbil kjørte inn i sida på ein annan 100 meter nord for rundkjøringa i Isdalstø måndag morgon.

[22.05.12 10:03]

Ferska tjuvane

KNARVIK: Fredag ettermiddag i 17-tida fekk politiet melding om at personar i ein utanlandskregistrert Volkswagen Caravelle forsøkte å stela ein tilhengar i Knarvik, som var lasta med byggjevarer.

[22.05.12 10:01]
Brukernavn 
Passord 

Kaland-området kan få nytt løft

Del | |
AUSTRHEIM: Ny trafikkløysing i Mongstadkrysset kan løysa ut eit nytt stort næringsareal på vestsida av riksvegen. Dette kan gje Kaland-området eit nytt løft med fleire butikkar, arbeidsplassar og auka busetjing.
Publisert 03.11.05 00:00
Endret 20.08.07 10:49

Arbeidet med å laga ny trafikkløysing ved Mongstadkrysset startar opp i februar neste år og skal vera ferdig neste haust. Det vert snakk om ei rundkøyring, gangveg til Kaland og undergang under riksvegen, opplyser ordførar Ole Lysø.

? Målet er å få fleire bedrifter til å etablera seg i området og å gje dei som bur i Austrheim eit betre tilbod, seier ordføraren.

Han håpar og at fleire vil busetja seg i Kaland-området når tilbodet i nærområdet vert styrkja.

 

Dekkast av bompengar

Trafikkløysinga vert i første omgang forskottert av Austrheim kommune, Statens Vegvesen og Statoil. Men meininga er at det skal dekkast av bompengar dersom dette kjem på plass. Dersom ikkje må dei tre aktørane dekka kostnadene, fortel Lysø.

Rundkøyringa vil gjera området på vestsida av riksvegen lettare tilgjengeleg, og dermed vil det løysa ut eit større næringsareal på vel 180 mål. Det var eit folkemøte om saka i regi av Austrheim kommune i går kveld. På møtet vart planane presenterte for næringslivet og andre interesserte.

 

Servicenæringar

Det er snakk om eit område for servicenæringar, kontor og liknande, fortel Solveig Lerøy i Mongstad Næringshage. Ein får då eit område for tungindustri på Mongstad nede mot sjøen og lettare industri oppe mot vegen. På andre sida av vegen vert det altså snakk om fleire kontor, servicenæringar og liknande. Når undergangen kjem på plass vil det også vera lettare å kryssa riksvegen til fots.

Området er eigd av private grunneigarar, og desse skal vera villige til å selja areal, fortel Ole Lysø. Området er alt regulert som næringsareal og det er også eit par bedrifter som alt er etablert der. Lysø fortel dessutan at kommunen har vorte kontakta av fleire interesserte bedrifter, utan at det er gjort konkrete avtalar endå. Han seier og at andre interesserte gjerne må kontakta kommunen.


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Tryggare med ny omsorgsteknologi

Tryggare med ny omsorgsteknologi

SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i ­bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.

    Trur Grieg ville likt seg

    Trur Grieg ville likt seg

    RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.

      Mobilbruk lagar misnøye

      Mobilbruk lagar misnøye

      På Matre vil rektor skjerpa inn reglane for mobilbruk, noko som har skapt reaksjonar. Praksis rundt om på skulane er ulik.

        Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

        Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

        Cecilie Leganger har vunne det meste som handballkeeper. Fredag dekka ho målet for Hordabø sine fotballdamer.

          Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet

          Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet

          MASTREVIK: Tett oppunder 250 sette meir enn gjerne namnet sitt på Austrheim venstre si liste for kvikksølvheving i helga.

            – Spesielt å stå på toppen

            – Spesielt å stå på toppen

            Masfjordingen Arvid Lathi nådde toppen på Mount Everest laurdag morgon.

              Siste kortnytt