Innbrot i båt

GAULEN: Nokon har brote seg inn i ein 35-fots båt i Gaulen. Båten låg fortøydd i Fjellangsvågen i nærleiken av Vågseidet.

[22.05.12 10:03]

Bil i bil, men ingen skadde

ISDALSTØ: Ein personbil kjørte inn i sida på ein annan 100 meter nord for rundkjøringa i Isdalstø måndag morgon.

[22.05.12 10:03]

Ferska tjuvane

KNARVIK: Fredag ettermiddag i 17-tida fekk politiet melding om at personar i ein utanlandskregistrert Volkswagen Caravelle forsøkte å stela ein tilhengar i Knarvik, som var lasta med byggjevarer.

[22.05.12 10:01]
Brukernavn 
Passord 

Kamp mot lus

Del | |
RADØY/LINDÅS: Ein slit med å få slutt på luseplaga på skular og barnehagar i Radøy og Lindås. ? Kjem håret ofte med fintinna kam, gjerne kvar dag, tilrår helsesøster Bente Håtuft på Radøy
Publisert 28.10.05 00:00
Endret 20.08.07 10:49

Tidlegare har det vore nokre tilfelle av lus på våren og hausten. I haust har foreldre enkelte stader i regionen fått fleire lappar heim, etter at det har vore utbrot av lus. Bente Håtuft seier at det har vore ekstra problem med lusa i haust. Ho reknar med at det på Radøy har vore meir enn 20 tilfelle berre i haust. Det har vore utbrot i alle skulekrinsane. Lusa er også eit problem som ein slit med i heile fylket, fortel ho.

 

Motstandsyktige
Også i Lindås har dei hatt problem med lusa. Helsesøter Kristin Brunborg meiner og det har vore ein auke dei siste par åra. ? Dette kan skuldast at lusa har vorte meir motstandsdyktig mot dei middela som vert brukt, seier Brunborg.

Bente Håtuft i Radøy trur og dette kan skuldast at enkelte droppar å ta kuren to gongar, slik at lusa kjem tilbake. Ein skal ta ny kur med lusemiddel åtte til ti dagar etter den første kuren. Dette for å ta knekken på eventuelle lus som er klekka ut etter den første kuren. Håtuft rår og til å ha litt eddik i siste skyljevatnet etter kuren, då dette løyser egga lettare frå hårstråa.

 

Meld i frå
Håtuft seier at ein kan kjemma håret til borna nøye med ein lusekam. Slår ein så av kammen på eit kvitt eller svart ark, kan ein kanskje få auge på lusa. Elles gjeld det å kjemma borna når dei har vått hår og leggja eit lyst handkle over skuldrene. ? Det er litt dumt at lusemiddela er såpass dyre. Skal ein behandla ein heil familie, kan det godt koma på rundt 800 kroner per kur, fortel ho, og trur at dette kan vera ei årsak til at enkelte droppar kur nummer to.

Brunborg rår foreldre som oppdagar lus på borna sine om å gje melding til helsesøster og skulen. Ho meiner borna er så vande med dette at dei slett ikkje synest at det flaut. Dersom det vert gjeve melding til skulen og andre som kan ha vorte smitta, vert det lettare å få bukt med problemet.

 

Treng ikkje klø
Ein kan ha lus sjølv om det ikkje klør. Første gongen ein får lus kan det ta opp til tre til fire månader før det klør. Kløa skuldast ein allergireaksjon. Har ein hatt lus tidlegare, tek det kortare tid før ein legg merke til det.
? Difor er det viktig at alle brukar kam og sjekkar håret ofte. Dersom ikkje kan ein ha lus lenge utan å vita om det, fortel Håtuft.

Ved Apotek 1 i Knarvik har dei ikkje opplevd noko auke i sal av lusemiddel i haust, opplyser apotekar Karen Brørvik. Dei merkar særleg stor pågang når skulane startar opp att om hausten, men elles er det stabilt. Det middelet dei sel heiter Malation. Det kostar 139 kroner for ei flaske. Det held til to behandlingar dersom ein har kort hår, men berre til ei behandling dersom håret er langt. Brørvik seier elles at det er viktig at berre dei som har fått påvist lus skal gjennomgå behandling. Elles kan ein bidra til at lusa vert resistent mot middelet.

 

Lite lus i Meland
I Meland har det vore få meldingar om lus i haust, fortel helsesøster Gunnhild Brakstad. Dei hadde i fjor og i vår litt av same situasjonen som dei no opplever i Radøy og Lindås, at det var stadige utbrot av lus. I haust har det vore stille så langt, men dei følgjer med. Også i Masfjorden har dei vore skåna for luseplaga i haust, fortel helsesøster Marta Midtbø. Ho har ikkje fått melding om eit einaste utbrot, men legg til at det kan ha vore utbrot utan at dei har fått medling om det.

Gudny Sognnes, helsesøster i Austrheim, seier at dei nok har lus der også. Men ho har ikkje inntrykk av at det er verre no enn tidlegare. ? Lusa kjem gjerne etter ferien og er her ein periode til folk har fått behandling. Dette tek gjerne ei tid, fordi det går ei stund før folk oppdagar at dei har lus, fortel ho.

På Fedje hadde dei eit par tilfelle med lus like etter skulestart. Sidan det har ikkje helsesøster Elisabeth Matre fått melding om utbrot.I Gulen har dei berre hatt eit par utbrot i haust, som helsestasjonen har fått melding om, seier helsesøster Hennie Lefdal. For eit års tid tilbake hadde dei liknade tilhøve som i Radøy og Lindås, at det tok månader før dei vart kvitt lusa. Dei hadde omfattande informasjon til elevar og foreldre, blant anna med besøk i alle klassane. Det hjelpte. Lefdal oppmodar om å kjemma i vått hår. Det er både førebyggjande og ein måte å oppdaga lusa på, seier ho.


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Tryggare med ny omsorgsteknologi

Tryggare med ny omsorgsteknologi

SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i ­bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.

    Trur Grieg ville likt seg

    Trur Grieg ville likt seg

    RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.

      Mobilbruk lagar misnøye

      Mobilbruk lagar misnøye

      På Matre vil rektor skjerpa inn reglane for mobilbruk, noko som har skapt reaksjonar. Praksis rundt om på skulane er ulik.

        Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

        Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

        Cecilie Leganger har vunne det meste som handballkeeper. Fredag dekka ho målet for Hordabø sine fotballdamer.

          Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet

          Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet

          MASTREVIK: Tett oppunder 250 sette meir enn gjerne namnet sitt på Austrheim venstre si liste for kvikksølvheving i helga.

            – Spesielt å stå på toppen

            – Spesielt å stå på toppen

            Masfjordingen Arvid Lathi nådde toppen på Mount Everest laurdag morgon.

              Siste kortnytt