Innbrot i båt

GAULEN: Nokon har brote seg inn i ein 35-fots båt i Gaulen. Båten låg fortøydd i Fjellangsvågen i nærleiken av Vågseidet.

[22.05.12 10:03]

Bil i bil, men ingen skadde

ISDALSTØ: Ein personbil kjørte inn i sida på ein annan 100 meter nord for rundkjøringa i Isdalstø måndag morgon.

[22.05.12 10:03]

Ferska tjuvane

KNARVIK: Fredag ettermiddag i 17-tida fekk politiet melding om at personar i ein utanlandskregistrert Volkswagen Caravelle forsøkte å stela ein tilhengar i Knarvik, som var lasta med byggjevarer.

[22.05.12 10:01]
Brukernavn 
Passord 

Kan hamna på bordet til prins Charles

Del | |
LINDÅS: Til jul kan eit av villsaulamma frå Lygra hamna på prins Charles sitt bord.
Publisert 16.04.07 00:00
Endret 20.08.07 10:49
Det var då den italienske Slow Food-presidenten Carlo Petrini var på besøk på Lyngheisenteret 1. mai i fjor, at han under middagen lova å senda ein smaksprøve av det han kalla «verdas beste lam» til sin gode ven prins Charles. No er Petrini full gang med å få til eit møte mellom villam frå Lygra og den kongelege sauebonden frå Wales.

Julegåve
Planen var å gje prinsen ein villsau i julegåve alt i fjor, men dette kokte vekk i kål då det viste det seg at prinsen skulle vera i Pakistan i perioden som var aktuell for overleveringa, seier Terje Inderhaug. Han arbeider med matkultur i fylkeskommunen og er ein del av gjengen bak villsaustuntet.
Får me til ein avtale med prinsen, er planen at Lindås-ordførar Tove Linnea Brandvik skal få overlevera gåva sidan den sauen/lammet som prinsen skal få er frå Lygra. Men bak prosjektet står eigentleg både Slow Food-rørsla, Villsaulaget, fylket og regionen, forklarer Inderhaug.

Nyttar sjansen
Sidan Prins Charles er ein av Wales sine største sauebønder og Slow Food-presidenten Carlo Petrini er ein god ven av prinsen, har Inderhaug stor tru på at dei skal få til ein avtale. Og får dei først sjansen, har dei tenkt å spela på alle strengene dei har.
? Me vil marknadsføra Hordaland for alt det er verdt. Difor har me blant anna tenkt å kombinera overrekkinga med tenning av julegrana i Cardiff. I tillegg vil me prøva å få finna ei rolle til elevane som er utplasserte på skulane i og omkring Cardiff gjennom samarbeidet med Knarvik vidaregåande skule. Me ser også føre oss eit samarbeid med sjømannskyrkja, seier Inderhaug.

Offerlam i kø
Er det bestemt kven av bøndene på Lygra som skal få æra av å ofra lammet sitt?
Nei, så langt er me ikkje komne enno. Men det som er klart er at lammemåltidet skal vera like godt som det Carlo Petrini fekk servert på Lygra. Det hadde kokt i sju timar, og var laga av Hanne Frosta som har vorte kåra til årets kokk og er medlem av Slow Food-rørsla til Petrini. Kven som skal koka lammet til prinsen, er uvisst, men mykje kan tyda på at elevar frå Fitjar vidaregåande skule skal ha ein finger med i spelet sidan dei har Restaurant- og matfaglinje, fortel Inderhaug.

Godkjend som Slow Food
Å få eit produkt sertifisert som Slow Food, har stor prestisje, og statusen som følgjer med kan avgjerda lønsemda til prosjektet. Etter Lygra-besøket i fjor vart også villsauen godkjend. Den vart godkjend som fjerde norske Presidium på matmessa Salone del Gusto i Torino etter Brimost frå Sogn og sølvsild, gullsild og hardrøykt sild frå Sunnmøre. Presidiet omfattar kring fire hundre produsentar som er medlemer av Norsk Villsaulag, og som samarbeider med Lyngheisenteret på Lygra.

Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Tryggare med ny omsorgsteknologi

Tryggare med ny omsorgsteknologi

SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i ­bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.

    Trur Grieg ville likt seg

    Trur Grieg ville likt seg

    RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.

      Mobilbruk lagar misnøye

      Mobilbruk lagar misnøye

      På Matre vil rektor skjerpa inn reglane for mobilbruk, noko som har skapt reaksjonar. Praksis rundt om på skulane er ulik.

        Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

        Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

        Cecilie Leganger har vunne det meste som handballkeeper. Fredag dekka ho målet for Hordabø sine fotballdamer.

          Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet

          Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet

          MASTREVIK: Tett oppunder 250 sette meir enn gjerne namnet sitt på Austrheim venstre si liste for kvikksølvheving i helga.

            – Spesielt å stå på toppen

            – Spesielt å stå på toppen

            Masfjordingen Arvid Lathi nådde toppen på Mount Everest laurdag morgon.

              Siste kortnytt