Kan redda Miljøkortet
Endret 20.08.07 10:49
? Ordninga vert etter mi vurdering for dyr. Fylkeskommunen kan få att betre kollektivtilbod for dei pengane, meiner leiaren i fylket sitt samferdselsutval, Gustav Bahus (Frp).
Bahus brukte dobbeltrøysta si i samferdselsutvalet for å sikra fleirtal for fylkesrådmannen si tilråding om å avvikla støtta til Miljøkortet.
Kortet har vore ei prøverordning frå nyttår som gjeld ut mai.
Prisen har vore 630 kroner månaden for å reisa dagleg mellom Nordhordland og Bergen, ein rabatt på heile 40 prosent.
Bahus viser til at det er seld 93 Miljøkort meir enn det som var seld av månadskort. Han finn det vanskeleg å svara på kor mange fleire som burde kjøpt kortet for å sikra hans støtte vidare.
? Avrøystinga i samferdselsutvalet viser at det må jobbast aktivt fram til fylkesutvalet tek ei avgjerd, seier Grethe Lunde (KrF) frå Radøy.
Ho er blant dei som har gått i bresjen for kortet og vil prioritera vidare subsidiering.
I samferdselsutvalet gjekk Frp og Høgre sine seks inn for å avvikla Miljøkortet.
Dei seks frå KrF, Ap, RV og SV vil ha ei eller anna form for vidareføring. KrF sitt framlegg er å utvida ordninga til å gjelda alle innfartsårene til Bergen.
På møtet mangla Bente Bondhus (Sp), og ingen andre frå partiet kunne stilla som vara.
Ved førre val var det Høgre, Frp og KrF som fann saman i koalisjonen som gav Torill Selsvold Nyborg (KrF) som fylkesordførar.
Denne koalisjonen har også fleirtal med åtte av 15 i fylkesutvalet, men i denne saka kan Pål Kårbø (KrF) vippa avgjerda til fordel for Miljøkortet.
Det føreset at Ap, SV, Sp og Venstre ønskjer ei vidareføring eller utviding av ordninga.
Tryggare med ny omsorgsteknologi
SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.
Trur Grieg ville likt seg
RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.
Mobilbruk lagar misnøye
På Matre vil rektor skjerpa inn reglane for mobilbruk, noko som har skapt reaksjonar. Praksis rundt om på skulane er ulik.
Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene
Cecilie Leganger har vunne det meste som handballkeeper. Fredag dekka ho målet for Hordabø sine fotballdamer.
Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet
MASTREVIK: Tett oppunder 250 sette meir enn gjerne namnet sitt på Austrheim venstre si liste for kvikksølvheving i helga.
Siste kortnytt
- Innbrot i båt [22.05.12 10:03]
- Bil i bil, men ingen skadde [22.05.12 10:03]
- Ferska tjuvane [22.05.12 10:01]
- Gummibåt i feil naust [18.05.12 11:03]
- Trafikkuhell ved Matre [18.05.12 11:02]
- Med promille i Salhusfjorden [18.05.12 10:40]
- Kjedekollisjon på Hagelsundbrua [18.05.12 10:41]
- Pågreip rusa bråkmarkar [16.05.12 09:14]
- Vil ha vekk etterlaten bil [16.05.12 09:13]
- Siste sjanse i Stordalen [16.05.12 08:20]
- Mista førarkortet III [12.05.12 14:24]
- Mista førarkortet II [12.05.12 14:19]
- Mista førarkortet I [12.05.12 14:26]
- Hyttebrann på Eikanger [11.05.12 17:00]
- Sp godtek ikkje tildekking av U864 [11.05.12 13:50]
- Kjørte i 146 i 80-sona [07.05.12 10:57]
- Biltjuven angra og melde seg [05.05.12 16:42]
- Braut seg inn på Essoen [04.05.12 14:46]
- Hadde 94 i 60-sona [04.05.12 14:46]
- Mista lappen av trippelsmellen [04.05.12 14:44]
Mest lest
- Ommøblerte på riksvegen [13.05.12 11:17]
- Ran på YX-en på Manger [23.04.12 22:14]
- Bilførar skadd etter utforkjøring på Holme [23.04.12 10:42]
- Må flytta frå Fedje [10.05.12 09:58]
- Ny vår i Fagerbakken [30.04.12 09:53]
- Hipp hipp hipp hurra! [17.05.12 12:17]
- «Halve» bygda stiller som nattevandrarar [16.05.12 16:04]
- Hamstra brød i Knarvik [15.05.12 13:50]
- Trippelsmell ved Hundvin handel [02.05.12 16:29]
- Lindås-Bør bør opplevast [18.05.12 12:48]
- – Kvikksølvet kjem opp! [13.05.12 21:53]
- Bøndene aksjonerer [14.05.12 09:58]
- – Lurte på om eg høyrde rett [26.04.12 10:17]
- No vert det kyrkje i Knarvik! [26.04.12 16:31]
- Vil du vera reiseleiar i sommar? [14.05.12 16:37]
- Sikrar seg jobb for framtida [30.04.12 13:50]
- Historisk kross knakk i to [29.04.12 09:56]
- Gav alt på Tinestafetten [10.05.12 16:11]
- Fyrte i gang Eikåstunnelen [10.05.12 13:19]
- Stoltenberg opna TCM [07.05.12 15:13]
Mest tipset
- Starta nynorsk på Facebook [05.09.08 18:04]
- Bil og båt totalskadde i brann [14.01.08 15:18]
- Milano, New York, Frekhaug [13.01.08 01:23]
- Trillingmor in spe tolmodig ventande [28.11.07 18:51]
- «Alt hva fruen ønsker» [17.02.11 12:45]
- Fann sex-leikeplass i skogen sin [15.11.07 13:52]
- «Vesle-jenta» funnen uskadd [22.07.08 17:51]
- Stormflo fleire stader [25.01.08 18:06]
- Kvinne skadd i utforkøyring [18.09.08 12:37]
- Jonnaen-stipend til Ingrid Ryland [09.06.08 19:01]




