Innbrot i båt

GAULEN: Nokon har brote seg inn i ein 35-fots båt i Gaulen. Båten låg fortøydd i Fjellangsvågen i nærleiken av Vågseidet.

[22.05.12 10:03]

Bil i bil, men ingen skadde

ISDALSTØ: Ein personbil kjørte inn i sida på ein annan 100 meter nord for rundkjøringa i Isdalstø måndag morgon.

[22.05.12 10:03]

Ferska tjuvane

KNARVIK: Fredag ettermiddag i 17-tida fekk politiet melding om at personar i ein utanlandskregistrert Volkswagen Caravelle forsøkte å stela ein tilhengar i Knarvik, som var lasta med byggjevarer.

[22.05.12 10:01]
Brukernavn 
Passord 

Kan verta berre ein ambulanse på vakt

Del | |
Helse Bergen kan i visse periodar berre ha ein ambulanse på vakt i Knarvik.
Publisert 07.02.07 00:00
Endret 20.08.07 10:49
- Slik eg har tolka seksjonsoverlege Guttorm Brattebø, kan det vera aktuelt å gjennomføra kuttet i Knarvik ved å ha ein ambulanse på vakt i visse periodar på kveld og natt, seier plasstillitsvald Bjørn Tore Hatletun ved ambulansetenesta i Nordhordland til Strilen.
Brattebø er seksjonsoverlege i akuttmedisin i Helse Bergen.
Ei slik innsparing er ein måte som ikkje vil berøra Legevakta, fordi ein då ikkje treng legen som andremann på ambulansen. Men likevel meiner Hatletun det er ei dårleg løysing.

Kan verta dyrt
I dag har dei tilsette i Knarvik kvilande vakt, som inneber at dei kan sova på jobb til det kjem ei utrykking. Medan dei søv, har dei berre betalt for kvar tredje time.
? Viss det berre skal vera ein ambulanse på vakt, trur eg det vert så mykje å gjera at ein må gå bort frå kvilande vakt, og då må ein ha ti tilsette pr. bil i staden for sju. Det vil verta dyrare for Helse Bergen enn den ordninga som er no, påpeikar Hatletun.

Svekka
Hatletun meiner og Helse Bergen snakkar med to tunger når dei på den eine sida vil overta ambulansetenesta i hele fylket for å gje eit betre tilbod, og på den andre sida kuttar ned.
Han seier dei tilsette ikkje utan vidare vil godta dei nedskjeringa som styret i Helse Bergen no har vedteke, og han er sikker på at tenesta vil verta dårlegare på denne måten.
? Trykket vil auka på dei som er igjen, seier han.

Styreleiar Ranveig Frøiland seier til Helse Bergen si heimeside at innsparingane var heit naudsynte, og ho rosar leiing og tilsette for det store arbeidet som er lagt ned for å kunna gje Helse Bergen eit budsjett i balanse.

Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Tryggare med ny omsorgsteknologi

Tryggare med ny omsorgsteknologi

SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i ­bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.

    Trur Grieg ville likt seg

    Trur Grieg ville likt seg

    RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.

      Mobilbruk lagar misnøye

      Mobilbruk lagar misnøye

      På Matre vil rektor skjerpa inn reglane for mobilbruk, noko som har skapt reaksjonar. Praksis rundt om på skulane er ulik.

        Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

        Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

        Cecilie Leganger har vunne det meste som handballkeeper. Fredag dekka ho målet for Hordabø sine fotballdamer.

          Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet

          Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet

          MASTREVIK: Tett oppunder 250 sette meir enn gjerne namnet sitt på Austrheim venstre si liste for kvikksølvheving i helga.

            – Spesielt å stå på toppen

            – Spesielt å stå på toppen

            Masfjordingen Arvid Lathi nådde toppen på Mount Everest laurdag morgon.

              Siste kortnytt