Kan verta utvist utan å ha vorte intervjua
Endret 20.08.07 10:49
Ut frå dei opplysningane UDI har fått, meiner dei at ekteskapet var proforma, og at det berre var snakk om ein arbeidsavtale.
? Ein del av dokumenta har eg aldri sett, før eg etter å ha bede om det fekk innsyn i saka mi. Eg har sjølv aldri vorte intervjua av styresmaktene om saka heller, seier Lalyn (Analyn).
Bur i Meland
Lalyn bur no på Hestnes i Meland saman med den nye kjærasten Kjell Bordal. Dei to vart kjende sommaren 2003, medan Lalyn framleis var saman med eksmannen, og vart då vener. Kjæraster har dei vore siste året. Lalyn ønskte lenge å halda fram ekteskapet med eksmannen, men etter kvart vart forholdet slik at ho ikkje lenger følte å kunne halda fram samlivet. Ho har vore gift med mannen sidan september 2001.
Eksmannen tok ut separasjon i vår, og Lalyn har altså vore gift lenger enn dei tre åra som er kravet for å få permanent busetjingsløyve. UDI har altså gjort eit administrativt vedtak på at Lalyn må reisa frå Noreg delvis basert på opplysningar frå eksmannen, utan at dei har henta inn opplysningar frå henne.
Klagen vart avvist
? Me har klaga på denne bevisføringa, men 31.oktober fekk me beskjed om at klagen ikkje inneheldt nye opplysingar som hadde noko å seia i saka. Dette sjølv om me i klagen kan visa at dei opplysningane som avslaget er basert på er feilaktige, seier Kjell Bordal.
Sjølv om Lalyn har budd og vore gift i Noreg i nesten fire år, har ho tilnærma ingen rettar, føler sambuarparet. Ei skilsmisse er det same som ein einvegsbillett til Filipinane.
I vedtaket i UDI viser dei og til at Lalyn ikkje har levert oversikt over sine utanlandsreiser dei siste tre åra. Men Lalyn seier ho leverte inn passet sitt saman med søknaden i september i fjor. Dette viser at ho har vore på ferie i heimlandet rundt fire veker i året. UDI har vorte gjort merksame på dette, utan at vedtaket vart omgjort.
Sambuar
Kjærasten Kjell Bordal kunne ha gifta seg med Lalyn. Men dei kan ikkje gifta seg då Lalyn alt er gift, sjølv om UDI hevdar at dette giftarmålet ikkje er reelt.
? I følgje avslaget om busettingsløyve frå Utlendingsdirektoratet, vert ikkje Lalyn rekna som gift. Men om eg ville gifta meg med ho, så er ho brått gift att, seier Bordal tydeleg oppgitt.
Lalyn kjem frå Filipinsk middelklasse og er utdanna agronom. Sjølv om skilsmisse er uakseptabelt i det katolske Filipinane, forstår familien henne. Dersom ho vert sendt ut av landet, er det ikkje noko krise reint økonomisk. Men Lalyn er forelska og har funne mannen ho vil leva saman med.
Rettslaus
No veit dei to ikkje kva dei skal gjera. Lalyn arbeidar i barnehage og tener 3000 kroner i månaden. Kjell går på attføring. Dei to har altså ikkje mykje pengar, men klarar seg. Lalyn mottek ikkje pengar frå norske styresmakter. Men dei to har ikkje nok pengar til å reisa til Oslo når saka skal opp for Utlendingsnemnda.
? Om ho skulle bli sendt tilbake Filipinane og bu der til ho er rettmessig skild, så er det ikkje sikkert ho får bu i Noreg likevel, sidan ho alt har vore gift her ein gong, seier Kjell.
Vener vurderer å starta ei underskriftskampanje i Meland for å prøva å påverka avgjerda. Dei veit ikkje kva anna dei kan gjera.
? Det har jo gått opp for meg at ho er heilt rettslaus. Eg føler avmakt.
Me vil likevel kjempa for forholdet og retten til å bu saman, men har ingen midlar til å kjempa med, seier Kjell Bordal.
UDI ser på saka på nytt
? Me ser no at det er ei svakheit med saksbehandlinga at kvinna ikkje er intervjua, og vil difor be det lokale politiet om å gjennomføra eit intervju, seier Morten Hansen, assisterande avdelingsdirektør i UDI.
Ut frå det som kjem fram i intervjuet vil dei vurdera om det er grunnlag for å behandla saka på nytt.
? Er det vanleg at de gjer vedtak i slike saker utan å ha intervjua dei det gjeld?
? Det er ikkje alltid at ein person er til politiavhøyr før me gjer vedtak i sakene. Men i denne saka ser me no at det er ting me treng å få sett på meir nøye. Difor vil me altså gjennomføra eit intervju med henne, seier han.
UDI grunngjev også avslaget på busetjingsløyve med at søkjaren ikkje har lagt fram oversikt over sine utanlandsreiser dei siste tre åra.
Lalyn fortel at ho har levert inn passet saman med søknaden om busetjingsløyve. I passet går det fram at ho har vore i heimlandet om lag ein månad kvart år. Hansen seier at dei har fått passet, men at skjemaet som følgjer med søknaden var mangelfullt utfylt. Her skulle det ha vore gjort nærare greie for desse utanlandsreisene.
Men no skal dei altså sjå nærare på saka hennar.
Tryggare med ny omsorgsteknologi
SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.
Trur Grieg ville likt seg
RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.
Mobilbruk lagar misnøye
På Matre vil rektor skjerpa inn reglane for mobilbruk, noko som har skapt reaksjonar. Praksis rundt om på skulane er ulik.
Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene
Cecilie Leganger har vunne det meste som handballkeeper. Fredag dekka ho målet for Hordabø sine fotballdamer.
Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet
MASTREVIK: Tett oppunder 250 sette meir enn gjerne namnet sitt på Austrheim venstre si liste for kvikksølvheving i helga.
Siste kortnytt
- Innbrot i båt [22.05.12 10:03]
- Bil i bil, men ingen skadde [22.05.12 10:03]
- Ferska tjuvane [22.05.12 10:01]
- Gummibåt i feil naust [18.05.12 11:03]
- Trafikkuhell ved Matre [18.05.12 11:02]
- Med promille i Salhusfjorden [18.05.12 10:40]
- Kjedekollisjon på Hagelsundbrua [18.05.12 10:41]
- Pågreip rusa bråkmarkar [16.05.12 09:14]
- Vil ha vekk etterlaten bil [16.05.12 09:13]
- Siste sjanse i Stordalen [16.05.12 08:20]
- Mista førarkortet III [12.05.12 14:24]
- Mista førarkortet II [12.05.12 14:19]
- Mista førarkortet I [12.05.12 14:26]
- Hyttebrann på Eikanger [11.05.12 17:00]
- Sp godtek ikkje tildekking av U864 [11.05.12 13:50]
- Kjørte i 146 i 80-sona [07.05.12 10:57]
- Biltjuven angra og melde seg [05.05.12 16:42]
- Braut seg inn på Essoen [04.05.12 14:46]
- Hadde 94 i 60-sona [04.05.12 14:46]
- Mista lappen av trippelsmellen [04.05.12 14:44]
Mest lest
- Ommøblerte på riksvegen [13.05.12 11:17]
- Ran på YX-en på Manger [23.04.12 22:14]
- Bilførar skadd etter utforkjøring på Holme [23.04.12 10:42]
- Må flytta frå Fedje [10.05.12 09:58]
- Ny vår i Fagerbakken [30.04.12 09:53]
- Hipp hipp hipp hurra! [17.05.12 12:17]
- «Halve» bygda stiller som nattevandrarar [16.05.12 16:04]
- Hamstra brød i Knarvik [15.05.12 13:50]
- Trippelsmell ved Hundvin handel [02.05.12 16:29]
- Lindås-Bør bør opplevast [18.05.12 12:48]
- – Kvikksølvet kjem opp! [13.05.12 21:53]
- Bøndene aksjonerer [14.05.12 09:58]
- – Lurte på om eg høyrde rett [26.04.12 10:17]
- No vert det kyrkje i Knarvik! [26.04.12 16:31]
- Vil du vera reiseleiar i sommar? [14.05.12 16:37]
- Sikrar seg jobb for framtida [30.04.12 13:50]
- Historisk kross knakk i to [29.04.12 09:56]
- Gav alt på Tinestafetten [10.05.12 16:11]
- Fyrte i gang Eikåstunnelen [10.05.12 13:19]
- Stoltenberg opna TCM [07.05.12 15:13]
Mest tipset
- Starta nynorsk på Facebook [05.09.08 18:04]
- Bil og båt totalskadde i brann [14.01.08 15:18]
- Milano, New York, Frekhaug [13.01.08 01:23]
- Trillingmor in spe tolmodig ventande [28.11.07 18:51]
- «Alt hva fruen ønsker» [17.02.11 12:45]
- Fann sex-leikeplass i skogen sin [15.11.07 13:52]
- «Vesle-jenta» funnen uskadd [22.07.08 17:51]
- Stormflo fleire stader [25.01.08 18:06]
- Kvinne skadd i utforkøyring [18.09.08 12:37]
- Jonnaen-stipend til Ingrid Ryland [09.06.08 19:01]




